TRAVEL: Harald Eia kom ut frå ein barnebursdag for å stilla til fotografering.

Kor er Harald Eia?

Harald Eia fremmast som viserektor for formidling i team Ursin. Likevel var han ikkje å sjå i rektorvalgdebatten om formidling – eller i dei ti debattane før.

Publisert Sist oppdatert

På måndag gjekk endå ein rektordebatt av stabelen. Tema var formidling og tilliten til kunnskap. Rektorkandidatane understreka viktigheita av det kunnskapsbaserte samfunnet, spesielt i ei tid med meir usikkerheit og mindre tillit til akademia. Giske Ursin trakk blant anna fram Harald Eia, som del av sitt rektorteam. 

– Formidling er veldig viktig for oss, so me har ogs fått med oss ein framståande formidlar, nemleg Harald Eia, sa ho i debatten. 

Eia er utdanna sosiolog, og har erfaring som komikar, programleiar og samfunnsdebattant. 

Etter debatten spør Universitas Ursin om å utdjupa om Eia som viserektor. 

– Me har valt å inkludera Eia i vårt team for å styrka arbeidet med formidling. Blant anna meiner me at Eia kan gjere forsking meir tilgjengeleg for eit breiare publikum, svarar Ursin på epost. 

– Me trur Eia blir ei viktig bru til samfunnet som kan bidra til å gjere Noreg leiande innan vitskap og innovasjon, med UiO som ein sentral aktør. 

Kritiserast for sitt fråvær 

Mannen som trekkast fram av Ursin som «ei bru til samfunnet» har derimot ikkje vore til stades i rektorvaldebattane. Det vekker reaksjonar hos dei andre rektorkandidatane. 

– Viss eg skal vera heilt ærleg, so byrjar me jo å lura. Han fremjast til å vera viserektor for formidling, men har ikkje dukka opp på ti møter der me formidlar kva me er opptekne av, seier Hanne Flinstad Harbo til Universitas. 

– Sjølv ikkje på dette møtet eingong, kor tema var nettopp formidling. Då blir det jo litt rart å skulle bli viserektor for formidling, fortsett ho. 

Eg veit sanneleg nok ikkje kva viserektor gjer

Harald Eia, viserektorkandidat

Ragnhild Hennum er ogso kritisk: 

– Eg har hatt vanskar med å forstå kva den rolla skal vera i utgangspunktet. Eg synst det er litt rart at han ikkje er i debattane, men eg forstår samstundes at han har andre forpliktingar. Dessutan tenker eg at dette er opp til Ursin og teamet hennar å ta stilling til, understrekar ho ovanfor Universitas. 

ETTERLYST: Rektorvaldebatten denne veka handla om formidling. Fråværet til Harald Eia blei tema for kandidatane etterpå.

Uklar viserektorrolle 

Universitas lukkast etter mykje kval med å få tak i Eia sjølv for ein kommentar. 

– Hennum slit med å forstå kva rolla di blir i rektoratet. Kva vil du seie til det? 

– Mi rolle er ganske open. Eg har sagt kva eg kan, kva eg er dårleg på, kva som er spanande og kva som er viktig. Det blir opp til rektoratet. Eg forstår Hennum si tvil om kva konkret det inneber. Eg er litt nysgjerrig sjølv, innrømmer Eia. 

Ikkje alle forstår klart kva rolla til Eia skal vera i rektoratet, inkludert han sjølv. Me spør Ursin for ei oppklaring. 

– Me forstår at det kan vera uklart, for det aldri har vore ein Eia–formidlar der. Difor må me tilpassa rolla til han. 

– Eia si hovudoppgåve vil vera å styrka formidlingsarbeidet ved UiO. Som sagt inneber dette å gjera forsking meir tilgjengeleg og forståeleg for eit breiare publikum, svarar ho på epost.

 Møter kritikken med forståing 

– Skjønner du at dei andre kandidatane reagerer på at du ikkje stiller opp i rektorvaldebattane, ikkje eingong om formidling? 

– Jaja, herregud. I går var eg på Hurdalen og heldt foredrag. Det var booka i god tid på førehand. Til hausten er ikkje kalenderen fylt opp. Det er sjølvsagt heilt håplaust, og eg fattar at det verker rart, svarar Eia. 

– Samstundes får eg kanskje ein liten aura av mystikk? seier han retorisk. 

Han fremjast til å vera viserektor for formidling, men har ikkje dukka opp på ti møter

Hanne Flinstad Harbo, rektorkandidat

– Kvifor har du sagt ja til å bli viserektor? 

– Eg er gamal akademikar, og har ei dragning mot det. Ogso tenker eg jo at eg har noko å koma med. Nokre sjansar må man jo ta i livet. Det er ein leap of faith, men so eg har jo null imposter syndrome, seier Eia. 

– Hadde nokon ringt og spurt om eg ville bli statsminister, hadde eg tenkt «tja, det hadde sikkert gått bra». Eg forstår veldig godt dei som er skeptiske, og eg er litt skeptisk sjølv. Det er ei blanding av forfengelegheit og trua på at eg kan få til noko. Eg skal drain the swamp. Neida.

 – Kva vil du gjere nytt i di rolle? 

– Eg veit sanneleg nok ikkje kva viserektor gjer. Eg er oppteken av akademisk fridom til å ytra seg. 

Eia opplev at mange forskarar føler seg aleine når dei deltek i offentleg debatt, og får ikkje alltid støtta dei treng. Debattane blir ogso ofte steile og alvorlege, men han meiner ueinigheit må sjåast på som noko gøy. Det motiverer ham. 

Vil ta imot råd frå Eia 

Harbo vil ogso støtta forskarar: 

– Me har veldig mange gode formidlarar på vårt universitet. Det som er viktig er at våre folk vil og tør å uttale seg. Me vil utvikla støtteordninger som bistår våre folk som utsettast for hets. 

– Eg og mitt team tar gjerne også en prat med Eia, om me vinn valget. Viss han har nokre gode råd, er dei hjartleg velkomne, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS