– Fokuset ligg ikkje på menn
Nye tal syner at ein av fire unge menn meiner likestillinga har gått for langt. Studentar i Oslo trur framoverlendte maskuline figurar i media, og eit større søkelys på kvinner kan vera forklaringa.
Tal fra skulevalundersøkinga 2023, som ble kjent denne uka, avslører at ein av fire gutar på vidaregåande skuler i Noreg meiner likestillinga har gått for langt.
Tala syner óg at berre 21 prosent av gutar på vidaregåande meiner likestilling bør førast vidare. Sju av ti jenter meiner det samme. Og 69 prosent av befolkninga i Noreg. Desse tala viser auka polarisering i likestillingsdebatten. Men kva meiner studentane?
– Skumle maskuline skikkelsar
Martin Hansen (24) studerer økonomi og administrasjon på Handelshøgskulen BI. Han trur ekstern påverknad er noko av forklaringa.
– Både republikanarane i USA, og Simen Velle i FpU, har hatt stor innverknad på unge menn. No er Andrew Tate-bølgja over, men det hadde nok mykje å si.
På Kunsthøgskulen i Oslo (KHIO), møter me billedkunststudent Markus Myhre (28). Han peikar óg på sterke figurar i media.
– Det er jo ein oppblomstring i skumle maskuline skikkelsar, med sterke haldningar og ideal. Det er ei skummel utvikling.
Hansen på BI trur óg ein årsak er at mange unge gutar kjenner på at kvinner blir prioritert.
– Eg skal ikkje seie at menn er undertrykt, men det har vore meir fokus på kvinner for å fremja likestilling. No kjenner dei på det. Fokuset ligg ikkje på menn. Me gjer det dårlegare i skulen og sjølvmordsratane er høgare.
Beth Madely (27), tek ein master i grafisk design og illustrasjon på KHIO, meiner at tydinga om kva likestilling faktisk er, har blitt uklar.
– Likestilling er ikkje så skummelt og komplisert. Ein tenkjer ofte ein må vatne ut konseptet, for å gjera det akseptabelt. Eg trur me må ufarleggjere likestilling og feminisme, seier Beth.
Ekstreme feministar
– Det har ikkje gått for langt før me er likestilte, seier Ingrid Simonsen (21).
Ho studerar eigedomsmekling på BI og trur litt av forklaringa på holdningane handler om kven ein ser på sosiale medier.
– Eg føler ofte det er dei ekstreme feministane ein ser på internett. Dei får det til å høyrest ut som om ein går for langt. Når unge gutar ser dette, ser dei ikkje kva det faktisk tyder å vera feminist, og arbeide for likestilling, meiner ho.
Student på BI i digital kommunikasjon og marknadsføring, Jens Kristian Jacobsen (21), hevdar videregåande elevane ikkje er vaksne nok til å prate sakleg om temaet.
– Eg trur ikkje dei kan seie noko på bakgrunn av fagleg stoff. Det meste kjem frå sosiale medier, seier han.
Noko dei fem studentane er einige om, er at noko endrar seg frå vidaregåande til høgare utdanningar.
– På vidaregåande var ein oppteken av russebussen, og heilt andre ting enn eg er no. Ein ser kanskje ikkje på det store bilete, men etter å ha studert nokre år, så finn ein seg sjølve litt, seier Martin Hansen.
Eigedomsmeklarstudent Ingrid Simonsen fryktar unge lettare blir påverka av nettet.
– Når ein er yngre er det lettare å stole blindt på ei side. Om førebilete ditt seier det, stolar ein på det. Ein tenkjer ikkje kritisk.
Markus Myhre seier det heile er ein motreaksjon på dårleg dialog mellom to partar som er usamde.
– Kanskje om ein set seg ned å pratar om det, kan ein komme til ei semje!
Skulemotstand
Helene Aarseth, professor ved senter for tverrfagleg kjønnsforskning, er ikkje sjokkert over tala.
– FRP hadde eit godt skuleval i 2023, og mange som stemde var unge menn. Så i lys av det, er det ikkje overranskande.
Professoren trekker fram det same som Hansen nemnde. Gutar gjer det dårlegare på skulen, statistisk sett. Og mange meiner skulesystemet er betre eigna for jenter.
– Det er ikkje noko nytt. Men det som er nytt, er det enorme karakterpresset. Og konkurransen om å komme inn på gode linjer og prestisjestudier. Eg trur det er viktig å tolke slike tal i lys av livssituasjonen desse gutane er i. Det er likevel viktig å ta på alvor, for det er eit symptom på noko, seier Aarseth.
Ho peikar på at mange gutar opplever eit misforhold mellom sitt eige liv og den offentlege samtala om menn som privligerte.
Politisk mynt
Når det gjeld sosiale medier seier Aarseth at dynamikken som ein observerar på nettet, og den kjensla om si eiga livssituasjon, eignar seg å slå politisk mynt på.
– Ein kan slå politisk mynt på at skulen er betre tilpassa jenter. På sosiale medier oppstår det fort ei forsterking. Og det kan vera litt uheldig.
– Er det noko ein bør vera oppmerksam på når ein tolkar tal som desse?
– Eg meiner det er viktig å tenkje på den livsstuasjonen dei er i, og samstundes ikkje bagatallisere det. Ein må ta det på alvor. Ikkje fnyse av folk som kjenner seg urettferdig behandla. Det er alltid ein god regel.