Feminismen sett frå utsida

Publisert

- Eg snakkar om korleis det feministiske miljøet framstår for dei som betraktar det gjennom media.

«Jeg kjenner meg ikke igjen i påstanden om at feminisme/kjønnsforskning har blitt en slik «akademisk korrekt og dogmatisk disiplin med låg takhøyde og svake debattstemmer». Jeg får det ikke til å stemme med det Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (STK) jeg jobber ved», skriv Harriet Bjerrum Nielsen, professor og senterleder v/Senter for tverrfaglig kjønnsforskning i eit leserbrev i Universitas 19.august. Ho skriv dette på bakgrunn av min kronikk i same avis 12.august.

Eg forstår godt at Bjerrum Nielsen ikkje kjenner seg igjen i dette biletet, då eg ikkje snakkar om korleis miljøet ser ut frå innsida, men om korleis det artar seg for dei som betraktar det i media. Denne synsvinkelen ventar eg ikkje at Bjerrum Nielsen skal kjenne seg att i, men for mange utanforståande framstår det slik, like fullt. Med andre ord ein tanke å ta innover seg.

Presisering: Eg gjer i Aftenposten ikkje feminist Anne Bitsch til representant for kjønnsforskninga, men til ein representant for symptomatisk argumentasjon frå feministar. Eg har heller aldri lest Bitschs kronikk som ei avvisning av biologi, og eg stiller meg undrande til korleis Bjerrum Nielsen har klart å tolke dette inn i min kronikk og i mitt leserbrev (Aftenposten 6.august). Eg har i det heile tatt ikkje diskutert pro kontra biologi, men utelukkande retorikk og argumentasjon med biologi som eit eksempel.

Mine innlegg i Aftenposten og Universitas uttrykker det veldig mange unge feminister meiner i dag. Og er difor noko ein må ha takhøgde for å lytte til, samt svare på med sterk debattstemme, heller enn å avvise som fyllstoff i ei sommartynn avis. Men verkeligheita kan ein som kjent anten forholde seg til eller avskrive. Eg velger det første.

Powered by Labrador CMS