Det siste måltidet: Studentar og andre tek imot Jesu lekam og blod av studentprest Halvor Berg Hovind.
Det siste måltidet: Studentar og andre tek imot Jesu lekam og blod av studentprest Halvor Berg Hovind.

Slotts­ka­pellet i hundre

For så høgt elska kongen studentgudstenestene at han tilbydde dei sitt eige kapell.

Før klokkene ringer: Studentprest Nils Jøran Riedl hjelper kollega Halvor Berg Hovind på med kappa.
Før klokkene ringer: Studentprest Nils Jøran Riedl hjelper kollega Halvor Berg Hovind på med kappa.

–⁠ Må eg ha svarte strømper eller kan eg gå barføtt? Skal du ha strømper? Ah, da må eg også ha det.

Studentprest Marit Skjeggestad slurvar ikkje med detaljane når semesteret si første gudsteneste skal feirast. Om få minutt startar hundreårsmarkeringa av studentgudstenestene i Slottskapellet, og i eit lite sakristi gjer fire prestar og ein klokkar seg klar.

–⁠ Eg treng ein ny lapp. Berre riv av eitt eller anna.

Presten Inger Anne Naterstad skal leggje siste hand på forbøna, og det begynner å haste.

–⁠ Eg må kle på meg også, elles går dette gale, seier ho, tydeleg sveitt i stemma.

–⁠ Klokka er berre seks minutt på, trøystar prestekollega Halvor Berg Hovind.

Sjølv prisar han seg lukkeleg over at kappa hans er rein.

–⁠ Den raudvinsflekken gjekk heldigvis av, mumlar han letta.

Eit jubileum står bokstaveleg tala for døra, og alt må stemme.

Gjer døri høg

Liturg: Nils Jøran Riedl vender seg mot krossen.
Liturg: Nils Jøran Riedl vender seg mot krossen.

For ganske nøyaktig hundre år sidan uttrykte kong Haakon at han syntes Gamle Festsal i Urbygningen på Karl Johan var ein litt klein plass å ha studentgudstenestene på. Han inviterte til å nytte slottskapellet i staden, og sidan har studentutgåva av gudsordet trufast fylt dei kongelege kjellarlokala. Dette er Nils Jøran Riedl si oppsummering av hundre års studenthistorie, og det er han som skal halde preike denne søndagen.

–⁠ Eg tek utgangspunkt i dagens tekst, som er den bibelske forteljinga om tollaren og farisearen. Bodskapen handlar om å skifte fokus og ikkje tru at ein er betre enn andre, forklarar studentpresten, som til dagleg held til på BI.

Riedl begynte i stillinga i 2004, og har ikkje vore tilsett i andre kyrkjelydar. Han trivst godt blant studentar, og trur også at han når fram til dei.

–⁠ Studentprestane er opne for at det er mange måtar å forhalde seg til kristendom på.

Nils Jøran Riedl, studentprest

–⁠ Studentprestane er opne for at det er mange måtar å forhalde seg til kristendom på. Vår tilnærming handlar ikkje om kva du skal eller ikkje skal. Det likar folk, meiner Riedl.

Ungdomens frelsar

Den sosiale rolla til studentprestane har lenge vore sentral. Fredrik Grønningsæter, tidlegare biskop i Sør-Hålogaland bispedømme, var studentprest i Oslo frå 1968 til 1972, og opplevde at han fungerte som støtte og stabilisator i ei uroleg tid.

–⁠ Den politiske venstresida var sterk, og det var mange studentar som leid under eit meiningspress. Da var presten ein god tilfluktstad, meiner han.

Grønningsæter deltok i Studentersamfundet, og var også aktiv i den politiske debatten. Det var vanskeleg å ta ordet, sidan alt anna enn marxistiske standpunkt vart avfeia, men han trur likevel dei sette pris på at han var blant dei.

–⁠ Mellom anna arrangerte eg samlivskurs med tanke på å førebu ekteskapet. Det var det stor interesse for, seier den pensjonerte biskopen.

Bollar, brus og Mozart

Men i dag er det altså Nils Jøran Riedl som har liturgien. Høgmessa i eit godt vitja Slottskapell er i gang, og sjølv om brorparten av kyrkjelyden neppe har lest til eksamenar sidan Arilds tid, finst det enno studentar som deltek i andelege aktivitetar på ein søndags føremiddag. Og Fadderrullan, fadderordninga på BI, har mobilisert ein del ved å ha gudstenesta som ein del av fadderopplegget.

Syndsvedkjenninga er bytt ut med ei vedkjenning av mennesket sin valfridom. Eit ensemble under leiing av Lars Notto Birkeland står på galleriet, og Missa Brevis i d-moll av Mozart gjer seremonien vakker og majestetisk. Men det er berre denne gongen. Sidan er det andre som skal bidra. Det er mange som synes dette er ein jubilant verd å høgtide på.

Ved vel avslutta gudsteneste byr Nils Jøran Riedl på kyrkjekaffe.

–⁠ Eg har bollar og brus i bilen min, kunngjer han, og går med dei tre andre studentprestane høgtidsamt mot utgangen.

Humrande følgjer kyrkjelyden etter, ut i Guds frie og kongens eigen natur.