EIN TIME KVILE: Fysikkstudent Bendik Danielsen fekk ein time mellom eksamenane sine.

– Eksamenen hadde store manglar

Feil oppgavesett førte til ein kaotisk eksamensdag.

Publisert Sist oppdatert

– Det kom som ein overrasking på oss. Den dagen skulle vi ha to eksamenar, med tre timar pause mellom dei. Når dei sa vi skulle få ein ny eksamen vart det berre ein time å kvile før neste eksamen, fortel fysikkstudent ved UiO Bendik Danielsen.

Den 10. oktober var sett av til midtveiseksamen for fyrsteårsstudentane i fysikk, men etter ein stund i eksamenslokalet vart studentane informert om at det hadde skjedd ein feil – eksamensoppgåvene dei jobba med var frå våren 2024. Danielsen, som allereie hadde brukt det same oppgavesettet til å øve på dagen før, skjønte raskt kva som hadde skjedd.

– Eg kjende att oppgåvene, og når det vart merka, fekk vi vite at vi måtte avlegge ein ny eksamen, seier Danielsen

Mangelfull eksamen

Problema slutta likevel ikkje med forsinkinga. Det nye oppgavesettet, som vart laga på kort varsel, var prega av feil og manglar.

– Det var oppgåver som var ufullstendige eller hadde feile formuleringar. I løpet av eksamen var det nokon som måtte komme og forklare kva spørsmåla skulle vere, seier Danielsen. 

Vi fekk oppgåver som var ufullstendige eller hadde feile formuleringar

Bendik Danielsen, fysikkstudent

Dette var den fyrste ekamenen på studiet til fysikkstudentane, og for mange var det også den fyrste eksamenen deira nokonsinne, som følgje av covid-pandemien. Dei følte seg dermed ekstra utrygge. 

Trass i at leiinga sende ut ein e-post med ei orsaking til studentane, opplevde Danielsen og fleire av medstudentane at hendinga ikkje vart tilstrekkeleg adressert.

– Sjølvsagt uheldig

TRE EKSAMENAR: Førsteåret på fysikk hjå UiO fekk tre eksamenar på same dag, som følgje av krøll med prøvene.

Hanne Sølna, seksjonssjef på Studieseksjonen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, forklarar at dei oppdaga feilen med eksamensoppgåvene like etter prøven byrja. «20 minuttar etter start vart eksamenskontoret ved fakultetet kontakta angående spørsmål om feil dato og semester i oppgavesettet,» skriv Sølna til Universitas. 

Etter drøfting med eksamenslokalet og UiO sentralt, vart det bestemt at den beste løysinga var å sett opp ein ny prøve med riktig oppgåvesett. Den nye prøva med nytt oppgåvesett vart aktivert klokka 10, med ein sluttid klokka 13. 

« Det riktige oppgavesettet hadde noen mindre feil i spørsmålsstillingen, hvor ett av spørsmålene måtte avklares med en presisering av teksten gjennom beskjed i Inspera til kandidatene. Emneansvarlig var til stede i eksamenslokalet fra litt over klokken 11 og kunne da besvare eventuelle spørsmål kandidatene hadde,» skriv Sølna. 

«Det er sjølvsagt uheldig at kandidatane måtte starte med nytt oppgavesett ein time seinare enn planlagt, men vår vurdering var at denne løysinga var den beste for studentane samla sett,» skriv Sølna. 

Ved spørsmål om det finst ein prosedyre knytta slike hendingar, svarar Sølna at det ikkje finst reglar i desse tilfella.

«Vi har ikkje ein formel lov eller regel rundt feil ved eksamen. Det er derfor ikkje noko som er normal prosedyre ved slike hendingar. Dersom ein uheldig hendig først har oppstått, må ein vurdere kva løysing som vil vere den beste gitt situasjonen.»

Vil tilby ny eksamen

«Vi har forståing for at nokon kanditatar opplevde situasjonen som stressande, seier Sølna, og legg til at dei leitar etter ein ny løysing.»

Når Sølnås svarar Universitas skriv ho at dei vil sende ein e-post til dei aktuelle studentane med kompensasjon om ein ny eksamen.

«Fakultetet har beslutta å tilby alle kandidatane ein ny, utsatt skriftleg midtveiseksamen innan midten av november.»

Ho oppklarar at eksamen som vart gjort 12. oktober ikkje blir annullert, men at ein kan vurdere om å ta eksamenen på nytt dersom ein ikkje er nøgd med resultatet.

Powered by Labrador CMS