KUNSTIG INTELLIGENS: Kva meiner rektorkandidatane om bruk av KI?

Rektorane svarar

Kvar veke stiller Universitas eit spørsmål frå studentane til rektorkandidatane på UiO. Studiebarometeret viser at dei aller fleste av studentane nyttar kunstig intelligens, men at få har fått nok opplæring i bruk av verktøya. Spørsmålet denne veka er: Korleis skal dykk jobba for at opplæring i bruk av KI skjer på ein god måte?

Publisert

Giske Ursin

– Studentane er oppegåande og framoverlente i bruk av ny teknologi. Det er positivt! Samstundes må dei få nødvendige verktøy for trygg bruk av KI. Undervisarar bør integrera KI meir, og studentane må forstå både tekniske, etiske, juridiske og sosiale sider ved teknologien. Klare retningslinjer er essensielt og må oppdaterast jamleg. Studentrepresentanten i rektoratet bør bidra i dette arbeidet. Vi må ogso fokusera på digital berekraft og ansvarleg KI-bruk.

Ragnhild Hennum

– Saman med fakulteta vil me bidra til at studieprogramma utviklar undervisningstilbod i bruk av KI, både fagspesifikke og generelle. Me vil ogso sjå på korleis erfaringane frå utviklinga av digitaliseringssertifikatet kan nyttast i ordinære program. Det er viktig å styrkja kompetansen til undervisarane i KIbruk, som tilbodet frå Link (Senter for læring og utdanning på UiO, journ.anm). For å finna gode løysningar, vil samarbeid med andre i sektoren vera nyttig.

Hanne Flinstad Harbo

– Det er bra at dei fleste studentar nyttar KI. Mange ønskjer meir opplæring, og det er ei oppgåve UiO skal ta på alvor. Link og andre einingar jobbar med dette, og UiO bør vidareutvikla nettressursane om KI i læring. Opplæring må knyttast til relevante fag, og læringsassistentordninga bør utvidast. Tilsette må få kompetanseutvikling. Eksamensformer må vurderast, og heimeeksamen må utformast for å redusere juks. Vårt team prioriterer god KI-bruk høgt.

Powered by Labrador CMS