
det skjer
Nettverk for dyrs frihet skal knekke norsk pelsdyrindustri. Laurdag inviterer aktivist Ada Dahl unge og gamle til kamp og opplæring.
Kva skjer?
– På dagen blir det foredrag, workshop og film om pelsindustrien. På kvelden blir det støttekonsert. Vi skal ha kurs i antipelsaktivisme, og starte kampanje med arbeid mot kleskjeder.
Vil dette knuse pelsindustrien?
– Eg trur absolutt at pelsindustrien vil bli lagt ned på sikt, men slike arrangement er viktige for å halde fokus på saka. Folk må få auga opp for industrien.
De byr berre på vegansk mat, kvifor?
– Vegansk mat inneheld ingen animalske produkt. Dermed støttar ein ikkje industriar som driv med mishandling og drap av dyr, slik dessverre all matindustri gjer i dag.
Kven vil de helst at skal koma?
– Så mange som muleg, unge og gamle aktivistar frå alle slags miljø. Blant ungdom mellom 15 og 25 år er 70 prosent motstandarar av pelsindustrien. Det er eit godt utgangspunkt.
Det blir vel ingen som tek seg ein rev på dette arrangementet?
– Nei, eg trur ikkje det.
Kjem ein inn med skinnjakke?
– Ja, vi set ingen restriksjonar.
Ingen?
– Det er kanskje ikkje så populært å koma med pels, men vedkomande får jo sjå kva reaksjonar det vekker. Eg tilrår det ikkje.
Det kostar 60 kroner å gå på konserten på kvelden. Kva vil inntektene bli brukt til?
– Antipelsarbeid. Kampanje, kartlegging av pelsfarmar, trykking av antipelsmateriale.
Ikkje rotne egg og spraymåling?
– Nei, ikkje denne gongen.
Kvifor bør studentar la seg fange av dette?
– Det er innmari viktig for alle å vite kva som skjer i pelsindistrien. Hundre tusen dyr står innesperra, og det er viktig å bidra til å setja fokus på det. Og så blir det ølservering på kvelden.