Bråk: Korleis klarer hjernen å fokusere på éin samtale på ein bråkete kafé? Det har Maja Dyhre Foldal forska på.
Bråk: Korleis klarer hjernen å fokusere på éin samtale på ein bråkete kafé? Det har Maja Dyhre Foldal forska på.

Unngå gulrot på lesesalen

Maja Dyhre Foldal forskar på korleis hjernen behandlar lydinformasjon. Ho er ein del av RITMO, som er eit tverrfagleg senter ved Universitet i Oslo for forskning på rytme, tid og rørsle.

Du har sikkert opplevd det. Du er på fest, sit i sofaen med ein pils og er deltakar i ein under middels interessant samtale. I den augeblinken du lar merksemda vandre plukkar du opp eit og anna ord frå ein samtale, som verkar langt meir interessant enn den du sjølv er fanga i.

Du flyttar fokus over på den spanande samtalen, som kanskje handlar om å knuse patriarkatet eller kor du får tak i Oslos hippaste naturvin. Plutseleg høyrar du ditt eiget namn og spørsmålet «kva synes du?», utan å ane kvar den opprinnelege samtalen har tatt vegen. Høyrest det kjent ut?

Kokt ned til «ikkje-forskarspråk» er det dette doktorgradsprosjektet til Maja Dyhre Foldal går ut på. Ho har forska på korleis hjernen oppfattar lyd, og korleis vi kan flytte merksemda vår mellom ulike lydkjelder.

Les også: Hvorfor snakker vi ikke om produkters levetid?

Tre dimensjonar

Når ein snakkar om korleis vi sansar informasjon, har ein i samband med merksemd snakka mest om kvar-aspektet og kva-aspektet, altså kvar informasjonen kjem frå og kva den inneheld. Foldal peikar og forklarar:

–⁠ Det kjem derfrå og viss det er to personar der borte som snakkar, er det kanskje lydar av ein spesiell tone, altså ein lys stemme og ein djup stemme, som vi prøvar å følgje med på, seier Foldal.

I sitt prosjekt har Foldal introdusert ein ny dimensjon, nemleg når, altså timing.

–⁠ Veldig mykje av den infoen vi sansar fyker forbi oss ganske hurtig. Når vi pratar, skal vi følgje med på ganske komplekse dynamikkar, så korleis ein sansar denne tredje dimensjonen av informasjon er litt det eg har tatt utgongspunkt i, seier Foldal.

Når hjernen skal skiller ulike lydar frå kvarandre, brukar han nemleg tempo.

–⁠ Du kan tenkje deg at du har to høgtalarar i eit rom. Den eine spelar musikk med ein rask beat, den andre med ein langsam. Då kan du velge kva av dei to du lyttar til, sjølv om begge spelar samtidig. Du kan bruke info som kvar og kva, og i tillegg kan du bruke tempo. Du brukar beaten til å skille dei to frå kvarandre, seier Foldal.

–⁠ Gjelder det same for samtalar?

–⁠ I eksperimentane mine har eg brukt tempo som liknar meir på beats, men eg tenkjer at det også kan vere knytt til samtalar og språk.

Ho forklarar at det at nokon snakkar langsomt og nokon snakkar hurtig, kan hjelpe oss å fokusere på ein samtale kontra ein annen.

Les også: Et mulig skritt på veien i kampen mot anti­bio­tika­re­sis­tens

Hjernen lagar modellar

Hjernen tek ikkje berre imot og behandlar informasjon, den kan også forutsjå informasjon, og det vert kalla prediksjon. Dette gjer hjernen ganske automatisk.

–⁠ Sansane våre fungerer ikkje som ein bandopptakar eller eit videokamera, den filtrerer ganske mykje – det er merksemd – mens prediksjon handlar om at når vi til dømes sitter i eit rom vi kjenner til, så treng vi ikkje behandle all informasjonen heile tida, seier Foldal.

Då brukar hjernen den kunnskapen han har frå før. Vi veit korleis rommet ser ut og kva slags lydar vi kan forvente. Hjernen lagar seg modellar for kva slags informasjon han forventar i det miljøet du er i, forklarer Foldal.

–⁠ Prediksjon er det at hjernen brukar desse modellane på sansemiljøet, slik at det som vert behandla til slutt, er det som ikkje stemmer med modellen. Det som er nytt eller overraskande må behandlast, men resten treng ein ikkje å behandle på nytt og på nytt, seier Foldal.

Overraskande lydar forstyrrar

At uvelkomne lydar kan vere irriterande er ikkje noko nytt, men Foldal kan fortelle at det ikkje fyrst og fremst er lyden i seg sjølv som er irriterande, men kor overraskande han er.

Viss ein er vant med ein lyd, altså at den er ein del av hjernens modell for akkurat det miljøet, er det mindre sannsynleg at den lyden plagar oss. Viss den ikkje passar inn i modellen, vert den gjerne forstyrrande.

–⁠ Det kan jo vere veldig irriterande viss folk sitter og til dømes tygger veldig høgt på lesesalen sjølv om det er noko ein kanskje forventar?

–⁠ Ja, men då kjem aspektet med når inn. Du veit ikkje akkurat når dei kjem til å tygge eller når dei kjem til å ete.

Volum eller intensitet kan også ha mykje å sei for korleis vi opplever lydar, sjølv om dei er kjente.

–⁠ Når ein sitter på lesesalen, vil sikkert høge lydar vere meir forstyrrande. Den gulrota lagar ganske høg lyd når ein eter ho.

–⁠ Bør ein unngå det?

–⁠ Ja, eg synes ein bør unngå gultor på lesesalen, seier Foldal.

foto Isabel Svendsen Berge