SVAMPEBOB: Kvar gong ein kjelde svarer dårleg, burde ein få lov å formatere svaret slik som Svampebob-memen, skriver Anders Eidesvik.
SVAMPEBOB: Kvar gong ein kjelde svarer dårleg, burde ein få lov å formatere svaret slik som Svampebob-memen, skriver Anders Eidesvik.

OpPdAtEr VeR vArSaM-pLaKaTeN

Politikk er kompliserte greier, og det er vanskeleg å fylgje med. I alle fall for dei 99,78 prosent av oss som ikkje studerer statsvitskap. Difor treng me som samfunn at politisk nyheitsdekning vert enklare å forstå. Eg har utreia tre konkrete forslagsendringar for Ver Varsam-plakaten for å heva journalistikken.

Gjer som Svampebob!

For det første burde journalistar få større fridom til korleis ein gir att sitat. Og før du vert krenka, så meiner eg ikkje at ein skal endre eller forfalske kva som vert sagt. Nei, slett ikkje. Det eg meiner, er at ein burde få lov å endre korleis ting vert sagt. Kvar gong ein kjelde svarer dårleg, burde ein få lov å formatere svaret slik som Svampebob-memen. Tenk til dømes på kor bra det hadde vore om ein kunne sitere vår kjære statsminister såleis: «Eg ViLlE iKkJe AkKuRaT bRuKt DeI oRdA». Eller når ein Ap-politikar seier «Klimakrisa er den største utfordringa menneskja står overfor», før vedkommande følgjer opp med «dErFoR mÅ vI uTvIkLe, IkKe AvViKlE OlJeNæRiNgA». Ved å svampebobifisere dårlege svar får ein fram vrøvl samtidig som ein tek vare på kva som vert sagt. Da ville ein vakta seg for InKjEsEiAnDe SvAr.

Les også: «Vær en klisjé»

Det er trass alt viktig at norsk politikk også skal vere triveleg.

Kven! tener! på! kva!

Det andre tiltaket eg vil innføre, er at journalistar burde få lov til framheve tydeleg når politikarane har ein klar personleg eigeninteresse i politikken dei fører. Til dømes: Kvar gong Ola Borten Moe frå Senterparitet snakkar varmt om norsk oljepolitikk, burde avisene få lov til å skrive «seier Borten Moe som! sjølv! har! ein! formue! på! ni! millionar! i! oljeselskap!» Ein burde også framheve meir tydeleg dei personlege relasjonane som finst mellom politikarar, journalistar og næringlivstoppar. Eliten i Noreg er ein litan gjeng, og som eksklusive gjengar flest er det mykje hemmelege relasjonar og ligging. Samfunnstoppar deiter kvarandre, er i familie, eller har gått på same universitet. Disse lojalitetane må fram, og ein burde derfor skrive: «Det vert bra for felleskapet om vi deregulerer litt denne sektoren, seier person X i lobbyorganisasjon Y. Person X er også! dattera! til! finansministeren! og! har! dimed! direkte! innverknad! i! statsapparatet! utan! å! vere! folkevalt!»

Sleng inn eit smilefjes i ny og ne ;)

Det siste tiltaket eg vil innføre er at journalistane kan få slenge inn uvilkårlege smilefjes i intervju for å piffe opp sakene. Det er trass alt viktig at norsk politikk også skal vere triveleg. Difor foreslår eg at ein kan påskjøne lesarane med tilfeldige smilefjes her og der. Til dømes: Vert det ikkje koselegere om vi gjer slik kvar gong Frps Listhaug seier «Vi treng ein strengare innvandringspolitikk ;)»? Eller når Bjørnar Moxnes seier: «Forskjellene i Noreg vert større og større og større :D».

Om Pressens Faglige Utvalg vel å innføre desse tre grepa, trur eg den politiske journalistikken vil verte meir tilgjengeleg for folk flest. Så min oppfordring er: OpPdAtEr VeR vArSaM-pLaKaTeN ;)!

Les også: «Lille rute i Zoom-rommet der, hvem er vakrest i klassen her?»