Framand: Eg gjettar at mange av dokker som les dette lesarbrevet, har opplevd å ha pensum nesten utelukkande på engelsk i fleire fag, skriv Gunnhild Skjold.
Framand: Eg gjettar at mange av dokker som les dette lesarbrevet, har opplevd å ha pensum nesten utelukkande på engelsk i fleire fag, skriv Gunnhild Skjold.Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

Univer­si­teta må ta ansvar for det norske språket

«Vi er sjølvsagt ikkje mot verken internasjonalisering eller forskingssamarbeid, men dette kan ikkje føre til at det norske språket blir utradert i akademia», skriv Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, i dette innlegget.

Alle vi som er litt opptatt av språk i høgare utdanning, veit at dette er eit område det blir snakka mykje om, men ikkje gjort like mykje med.

Kvart år høyrer vi om studentar som ikkje får eksamen på nynorsk, sjølv om dei har ein lovfesta rett til det. Mållova kjem med krav om at dei statlege utdanningsinstitusjonane skal bruke minst 25 prosent av kvart språk, men ikkje ein einaste utdanningsinstitusjon følger lova. Etter universitets- og høgskolelova har også alle utdanningsinstitusjonar eit ansvar for å vareta og vidareutvikle norsk fagspråk, men dei språklege retningslinjene blir ikkje tatt omsyn til i resten av arbeidet deira.

Les også: «Vokt dem for hunden»

Vi i Norsk Målungdom er opptatt av at dette må bli endra. Vi veit at norsk språk er under press i høgare utdanning og forsking, og at internasjonalisering blir skyvd fram som eit påskot for å nedprioritere norsk språk. Vi er sjølvsagt ikkje mot verken internasjonalisering eller forskingssamarbeid, men dette kan ikkje føre til at det norske språket blir utradert i akademia. Det hadde ikkje berre vore ei ulukke for UH-sektoren, men for heile det norske samfunnet.

Retningslinjer og krav som ligg og støver ned i ei skuff, hjelper ingen

Eg gjettar at mange av dokker som les dette lesarbrevet, har opplevd å ha pensum nesten utelukkande på engelsk i fleire fag. Dette er trass i at dei fleste som studerer ved norske utdanningsinstitusjonar, skal ut i eit heilt eller delvis norskspråkleg arbeidsliv, og at ein heilt sentral del av høgare utdanning er å førebu studentane til dette arbeidslivet. Det kan ikkje vere opp til studentane aleine å finne ut kva som er dei norske fagomgrepa på deira fagområde.

Les også: «Investering i livsviktig kompetanse»

Vi etterlyser derfor eit meir medvite forhold til norsk fagspråk. Det må vere krav om norsk pensumlitteratur, lett tilgang til ordbøker og termlister, fleire insentiv for å publisere på norsk, gode rutiner for språkopplæring til tilsette som ikkje kan norsk frå før, og at språkarbeidet blir ein naturleg del av strategiarbeidet ved universiteta.

Retningslinjer og krav som ligg og støver ned i ei skuff, hjelper ingen. Det er på høg tid at språkansvaret til universiteta og høgskolane merkast i meir enn i orda. Krava våre vil bidra til at norsk er eit samfunnsberande språk også i framtida. Det ansvaret forventar vi at universiteta og høgskolane tar.