FOTO: PRIVAT / BRIAN OLGUIN

Kva er ein fullverdig campus, Curt?

Signala me har fått frå leiinga seier at dei har ein annan definisjon på fullverdige campus enn oss, skriv Marie Knutsen Bruntveit, leiar for Studentparlementet ved OsloMet i dette lesarbrevet.

Les også: Hva kan studenter lære av vekter­streiken?

Oppfordringane om å tenke breiare rundt kva ein campus skal væra, søket etter svar på kva eit fullverdige campus er. Desse problemstillingane kjem stadig opp i år, uskuldige nok sett i vakuum, men intensjonane luskar rundt OsloMet og vekker merksemd.

For det ferskaste styrevedtaket på campussaka er at OsloMet skal ha ei to-campusløysing med fullverdige campus i Oslo og på Romerike med stadleg leiing og eigen campusstrategi.

For oss verka vedtaket tydeleg og konsist; ein skal ha ein campus i Romerike med same atributtane som den i Pilestredet, med klasserom, lesesalar, studentstønadstenestar og aktivitet. Ein campus med puls. Signala me har fått frå leiinga seier at dei har ein annan definisjon på fullverdige campus enn oss.

Tidlegare i år sendte OsloMet ut ei pulsmåling til alle universitetets tilsette, nyleg kom andre episode. Undersøkinga viste at det å arbeide på heimekontor slettes ikkje er så ille. Det går i grunn ganske bra. Undervisarar og administrasjon rapporterer å ha all den teknologiske kompetansen til å godt kunne gjennomføre jobben heimanfrå. Men kor er den tilsvarande undersøkinga for studentane? Er det studiebarometeret? SHoT 2022?

Signala me har fått frå leiinga seier at dei har ein annan definisjon på fullverdige campus enn oss.

Studentane har det ikkje like bra på heimekontoret som undervisarane sine. Studentane treng campus. Me treng høve til å komme oss ut av tronge studenthyblar, der sove- spise og lesesal er innanfor 3-meters radius. Me treng oppfølging og ein studiestad som kjenst inspirerande og aksepterande. Luft som er pustbar, til og med i grupperom. Ein berekraftig campus, med gode biblioteks- og studentstønadstenestar, ein stad der ein kan utvikle kunnskap og kreativitet saman.

Onsdag 25.11 haldt OsloMet dialogkonferanse for å diskutere kvar denne nye campusen skal ligge. Kommunane i Romerike stilte opp og snakka varmt om dei nye og flotte bygga dei har å by på, og det var i grunn eit par alternativ som verka ganske freistande.

Når ein no skal byrja å spikke ned lista over aktuelle kandidatar, gjeld det å halda tunga rett i munn. Vel det som har høve til å bli ein fullverdig campus med all den aktiviteten og pulsen som campus Pilestredet ein gong hadde. Me skal kanskje ikkje tilbake der me var, men eg vil tilbake på campus, og det vil klassekameratane mine òg.

Prosjektleiar for campusutvikling, Arne Vetle Gulliksen og rektor Rice har fått spørsmålet fleire gongar, men har aldri svara på det. No stiller me det igjen; Kan de definere fullverdig campus for oss?

Les også: Vis omsorg og rusvett under nedsten­gingen av byen