St. Olavs gate 32 er inga gåve til studentane

«Det vi fryktar er at eit kjøp av eit bygg, som er så gjennomgåande ueigna for studentkulturen som SO32, vil bli eit pengesluk som til slutt kveler studentkulturen», skriv styreleiar i Det Norske Studentersamfund, Ragnhild Bjørkum Vassbotn, i dette lesarbrevet.

Publisert Sist oppdatert

Debattregler i Universitas

• Vil du få din mening på trykk i Universitas? Send innlegget ditt på e-post til debatt@universitas.no.

• Typiske innlegg er mellom 1500 og 2500 tegn, inkludert mellomrom.

• Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte innlegg.

• Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, eller som er hatske og trakasserende

• Legg ved et breddebilde av deg selv i e-posten.

• Frist for innsending av innlegg til papiravisen er søndag kl. 17.

• Legg ved et breddebilde av deg selv i e-posten.

Hausten 2015 fatta Det Norske Studentersamfund (DNS) eit vedtak om å vurdere å flytte frå Chateau Neuf til St. Olavs gate 32 (SO32). Slik starta ein betent prosess som, sjølv etter at den vart avslutta frå DNS sitt hald i 2017, er i live i beste velgåande blant studentane sine tillitsvalde i Velferdstinget (VT).

Les også: «Ingen virkelighetsfjern elite»

Det Norske Studentersamfund har drive kulturhus for studentar på Chateau Neuf i snart 50 år, og den erfaringa ligg til grunn når vi no seier at SO32 er heilheitleg ueigna som kulturhus for studentane. Då vi avslutta vår prosess i 2017 var det fordi vi såg at fleire av våre foreiningar ville måtte gjere store investeringar for å kunne fortsette drift, eller bli tvunge til å sjå seg om etter nye stader å halde til, om DNS flytta til SO32. Dette skuldast delvis SO32 sine ibuande avgrensingar, men også eit omfattande fredingsvedtak som gjer det nær sagt umogleg å auke kapasiteten på bygget og legge til rette for den aktiviteten studentane ønskjer.

mest spennande er i grunn å spørre seg sjølv kvifor VT insisterer på å kjøpe eit bygg som allereie, av studentar i studentkulturen sjølv, er vurdert og funnen for lett for oppgåva det er tiltenkt

Desse innvendingane har blitt lagt fram for VT fleire gonger, utan at dei har blitt tatt til følgje. VT har svært begrensa kompetanse på drift av studentkultur, men har likevel valt å ikkje lytte til studentkulturen sjølv. I fleire omgangar har dei spunne nye luftslott når dei har blitt bede om å skildre kva innhaldet i SO32 skal vere. Skal ein ha kontor og møterom? Kafé- og bardrift? Eller skal ein kanskje ha store og små arrangementslokale? Desse spørsmåla stilte VT seg sjølv først ​etter​ dei vedtok å støtte Studentsamskipnaden SiO i kjøp av SO32. Prosessen framsto for oss enda meir uryddig då det kom fram at to av VT-representantane som i 2018 var med på å fatte dette vedtaket gjekk direkte over til å jobbe med dette i SiO.

Berre for å komme innvendingane i forkjøpet: DNS er ​ikkje​ kritiske til konkurranse om studentane sin gunst. Den konkurransen lever vi allereie godt med frå andre foreiningar som Samfunnet Bislett og kjellarpubane på Blindern. Det vi fryktar er at eit kjøp av eit bygg, som er så gjennomgåande ueigna for studentkulturen som SO32, vil bli eit pengesluk som til slutt kveler studentkulturen. Det er nemleg ikkje mykje pengar i å drive studentkultur, uavhengig av kva VT måtte tru eller vedta.

Det er altså mange spørsmål å stille seg om VT sitt ønskje og vedtak om å etablere eit studenthus i SO32, men det mest spennande er i grunn å spørre seg sjølv kvifor VT insisterer på å kjøpe eit bygg som allereie, av studentar i studentkulturen sjølv, er vurdert og funnen for lett for oppgåva det er tiltenkt.

Les også: «Til UDI skiller oss ad»

Powered by Labrador CMS