Foto: Privat

Regjeringas krisepakke til studentar:

«Plaster er ikkje godt nokk på ei massiv blødning»

«Dette er eit plaster på såret, men kjære regjering, studentane har ein open blødning, og vi får ikkje stoppa den», skriv leiar av Studentunionen ved Høyskolen Kristiania.

Fleire studentar, deltidsstudentar og arbeidstakarar som vidareutdannar seg for framtidas arbeidskrav og arbeidsplassar, blir no straffa nok ein gong av denne regjeringa. Først fjerna dei retten for permitterte studentar skal bare få lønn til 2 dagar og så ingenting. Studentar er også arbeidstakarar på lik linje som resten av befolkninga, stipendet og lånet er ikkje tilstrekkeleg.

Bakgrunn: Den økonomiske krise­pakken for studenter åpner opp for mer lån: –⁠ Hårrei­sende

Plaster er ikkje godt nokk på ei massiv blødning.

Steg 2: Vi studentar kan berolige oss. Vi får no dei neste månadane med stipend tidlegare, og moglegheit til å ta opp eit ekstra LÅN som erstatning til offentleg støtte. Dette er eit plaster på såret, men kjære regjering, studentane har ein open blødning, og vi får ikkje stoppa den. «Vanlige» arbeidstakarar får 20 dagar med full lønn, vi får 3 månader med stipend og lån rett inn på konto, kva skjer vidare? Er ikkje skatten og trygdeavgifta studentar betaler like mykje vert som ein vanleg arbeidstakar?

Steg 2 i krisepakken til studentane er enda eit førstehjelps tiltak, kortsiktig og ikkje tilstrekkeleg

Vi får ringe pappa og spør om hjelp. Der finst studentar som allereie sliter med å få seg jobb og er avhengige av foreldra sin stønad. Men denne krisa rammer også dei. Foreldra blir også permitert, dette kan fort føre til at dei ikkje kan bidra like mykje som dei gjorde før, men også ikkje i det heile. Det er feigt og urimeleg at studentane skal straffast for skeiv fordeling at stønad, unnskyld ingen fordeling av stønad. Eg kan ikkje stå inne for at den norske regjeringa forskjellsbehandlar si befolkning. Å «støtte» Ungdom som allereie lever under EUs fattigdomsgrense med ekstra gjeld og lån er ikkje rettferdig, og vidare kva skjer i mai? Juni? Juli?

Eit potensial, ein student, framtidas arbeidstakarar og arbeidsgivarar skal ikkje straffast for å studere. Steg 2 i krisepakken til studentane er enda eit førstehjelps tiltak, kortsiktig og ikkje tilstrekkeleg. Studentunionen SHK, i solidaritet med sine medstudentar krev no at Regjeringa opnar auga sine og går vidare frå ABC-drillen. Førstehjelp er viktig, men vi treng vidare behandling om vi og skal overleve.

Les også: Nå utvides søknads­fristen for lån og stipend