«Gjeste­lista! Reis heim frå hytta»

Leder i Studentunionen SHK, Kristoffer M Egset, svarer Aksel S. Noonan fra Gjestelista i dette leserbrevet: –⁠ Vi, saman, gjennom NSO kan kjempe for at båe utdanninga vår og studentvelferden er best mogleg.

Les innlegget til den nye Gjestelista-lederen her: «Marte Øien, hør vår røst!»

Du skriv at norsk studentdemokrati er i krise, vell, eg er heilt einig i at det politiske engasjementet blant studentar ikkje er ideelt. Å kalle det krise er ein eigen debatt, men for ordensskuld så kallar eg og det ei krise heretter.

Korleis handter vi ei krise? Det er jo eit passande tidspunkt sidan landet no er i krise. Regjeringa og samfunnet har no mobilisert seg og skapt ein dugnad mot denne krisa. Vist du faktisk har rett, og at studentdemokratiet er i ei eksistensiell krise, er det då rett å boikotte å løyse den? Om du verkeleg ynskjer ein debatt om korleis vi skal handtere denne, er vell å boikotte det høgaste organet der debattar finn stad, det same som å reise på hytta når du eigentleg skal sitte i karantene.

Som leiar i gjestelista så er du i den heldige situasjon at du kan kalle deg studentpolitikar. Det er vårt ansvar å bevise for studentane vi representera at vi har ein verdi og at sakene vi får gjennomslag for, eller jobbar for, når kvar enkelt student. Her må og du samarbeide. Engasjert student eller ikkje, så har alle ein rett til å bli høyrt. Det er vårt ansvar som folkevalt eller medstudent å sørge for at dette er tilfellet. Vi, saman, gjennom NSO kan kjempe for at båe utdanninga vår og studentvelferden er best mogleg.

Eg kallar for ein dugnad for auke deltakinga i studentdemokratiet. Står vi saman for å gjennomføre dette så kan vi handtere denne krisa du så absolutt meiner eksisterer. Vi kan, saman med andre studentorganisasjonar, auke legitimiteten til NSO, vi kan påverke politikken og prioriteringane, stemme ved val og ytre oss i debatten, dermed sikrar vi at studentvelferden og studentrettane til kvar enkelt student blir best mogleg.

Eg og du Aksel kan redde studentdemokratiet ved å samle studentane si røyst på landsmøte til NSO. Der vil Marte og resten av landets medlemsorganisasjonar høyre vår røyst, og vi kan kle på fillene til kongen.

Les også: «Retten til å søke det gode liv»