Hierarki: – Pengane omhandla i vedtaket er nettopp SiO sine pengar, men som VT delar ut, skriver Økland.
Hierarki: – Pengane omhandla i vedtaket er nettopp SiO sine pengar, men som VT delar ut, skriver Økland.

–⁠ Det er til slutt SiO som har siste ordet

SiO og Velferds­tinget er uenige om vedtak fortsatt er vedtatt:– Det verkar for meg heilt rimeleg at SiO skal ha ein innverknad på korleis pengane deira skal delast ut, skriver politikk og samarbeidsansvarlig for SBIO, Jonas Økland.

Ein kunne 6. februar att lese i Universitas om ueinigheitane mellom SiO og Velferdstinget i saka om tildeling tidlegare i haust. Sjølv om dei to partane er i det VT leiar Maya Sol Sørgård kallar eit samarbeid, er det lite som vitnar om at dei er samstemte. Ein meir standarisert og føreseieleg tildeling hadde dermed ikkje berre gagna søkjarane, men og forholdet mellom dei to mest sentrale organa i denne prosessen.

Bakgrunn: SiO og Velferds­tinget er uenige om vedtak fortsatt er vedtatt

VT leiaren hevdar at eit vedtak gjort av hovudstyret til SiO i desember, der det vart bestemt at budsjettet og søknadsramma skal utarbeidast før tildelinga, ikkje er gjeldande så lenge VT ikkje har godteke det. Pengane omhandla i vedtaket er nettopp SiO sine pengar, men som VT delar ut. I tillegg er det VT sitt eige arbeidsutval som instillar på summane til dei forskjellege søkjarane, noko eg meinar kan debatterast om allereie er for mykje fridom.

Velferdstinget er eit organ underlagt SiO og jobbar for å fremje studentane sine meiningar

Velferdstinget er slik eg ser det eit organ underlagt SiO og jobbar for å fremje studentane sine meiningar. Ein kan gjerne spørje seg kvifor ikkje VT vart konsultert i denne saka, men det er til slutt SiO som har siste ordet. Eg vil óg påstå at studentane si hovudinteresse i denne saka er større føreseielegheit når dei skal søkje om pengar, som er det VT bør jobbe for. Det er godt at VT ser på arbeidet mellom dei og SiO som eit samarbeid, men det er likevell ein hierarkisk struktur og forhalde seg til.

SiO kutter kraftig i utdelingen til student­for­eninger

Det verkar for meg heilt rimeleg at SiO skal ha ein innverknad på korleis pengane deira skal delast ut. For det fyrste vil ei ramme som kjem før tildelinga vera med på å skape føreseielegheit, noko som er svært manglande i den noverande ordninga. I tillegg vil det å endre tidspunktet denne ramma blir sett på ikkje ha nokon reell verknad på kva ramma blir.

Velferds­tin­gets tilde­lings­møte 2018: Ber SiO om 1,7 million mer