UENIG: Me tykkjer det er feil å kritisere SiO sitt hovudstyre for å ”kutte” søknadssummen, skriver SBIO-representantene.
UENIG: Me tykkjer det er feil å kritisere SiO sitt hovudstyre for å »kutte» søknadssummen, skriver SBIO-representantene.

SBIO kritiserer Velferdstinget:

–⁠ Dagens ordning fordelar midla skeivt

–⁠ Me seier oss einige i kritikken studentane rettar mot måten denne informasjonen vart distribuert på, men ser likevel ikkje problemet med den vedtekne summen, skriver Jonas Økland og Pia Ottilia Danielsen i Studentforeningen ved handelshøyskolen BI i Oslo (SBIO) om SiOs budsjett for 2019.

I førre veke vart budsjettet til SiO for 2019 handsama og vedteke, derunder stønaden til Velferdstinget og tilskotsmottakarar. Den totale summen Velferdstinget hadde søkt om vart ikkje innvilga, noko som vart informert om på ei intern Facebookside for Velferdstinget. Me seier oss einige i kritikken studentane rettar mot måten denne informasjonen vart distribuert på, men ser likevel ikkje problemet med den vedtekne summen.

Bakgrunn: Velferds­tinget: –⁠ Student­fri­vil­lig­heten trenger pengene, SiO!

Velferdstinget har i tida etter diskutert og kritisert det dei kallar eit »kutt». Me tykkjer det er feil å kritisere SiO sitt hovudstyre for å »kutte» søknadssummen då det på ingen måte var på førehand kommunisert at den totale søknadssummen frå Velferdstingets ville bli innvilga. Velferdstinget arbeidsutval var klar over at dette mogleg var ein urealistisk sum, og poengterte det for Velferdstinget gjentekne gongar gjennom tildelingsmøtet 11. oktober. Dette »kuttet» er i realiteten ei auke. Me må få fram at summen som no er vedteke av SiO er ei auke frå føregåande år, i tråd med KPI-veksten.

SiOs Vetle Bo Saga svarer Velferdstinget: –⁠ SiO prio­ri­terer student­fri­vil­lig­heten

Som representantar frå SBIO ynskjer me sjølvsagt meir pengar til foreiningsarbeid, og då det vart fremja forslag om å auke ramma Velferdstingets arbeidsutval hadde sett, med 150.000 kroner, stilte me oss bak. Trass dette har me forståing for vedtaket til SiO sitt hovudstyre. Det er enkelt for oss som sit og er delaktige i foreiningane å innvilge meir pengar til oss sjølv, men SiO har og andre tilbod til studentvelferda som treng pengar. Utan å kritisere vår eiga legitimitet, er det viktig å ha forståing for at me som innehar desse verva ofte er dei som òg er engasjerte i andre delar av studentfriviljugskapen, og ser potensielt verdien av foreiningane i Oslo, i større grad.

Velferdstingets arbeidsutval gjekk i mellom anna ut og ytra at studentvelferda treng pengar frå SiO, og at studentkultur og foreiningsliv er »nøkkelen til at Oslo blir en bedre studentby». Me er einige i at foreiningane er viktige for dei stundentane som tar del i desse, og som medlem i leiinga i ein av Oslo sine større studentforeiningar, ynskjer me sjølvsagt at fleire i stor grad skal ta desse i bruk. Likevel må ein anerkjenna at ikkje alle studentar har lyst til å ta del i foreiningar framfor skulearbeid og liknande.

Me ynskjer i større grad at det skal liggje føre nokon retningslinjer for korleis pengane skal fordelast

Me kan sjå at studentforeiningane kunne utnytta denne ynskja summen i større grad enn for eksempel SiO helse, sett i det større biletet, då foreiningane for mindre pengar ville kunne gjera ein større forskjell. Likevel, er det viktig at me ikkje skapar kutyme for at denne summen kvart år aukar, slik at foreiningane førebur seg på ein ytterlegare sum det komande året. Over lengre tid vil dette gå på kostnad av dei andre tilboda til SiO.

SBIO fikk ikke innvilget ønsket sum på Velferds­tin­gets tilde­lings­møte: –⁠ Vi er skuffet

Dette byggjer vidare på det faktum at dagens ordning fordelar midla skeivt. Me ynskjer i større grad at det skal liggje føre nokon retningslinjer for korleis pengane skal fordelast, der ein mellom anna tek medlemstal i vurdering, i håp om at dette kan skape betre føreseielegheit for foreiningane.

Dette kan òg sørgje for at dei personlege meningane til enkeltpersonar, både i Velferdstingets arbeidsutval samt representantar i Velferdstinget, ikkje skal vege for tungt i tildelinga. SBIO har sjølv opplevd at dei ulike sitjande arbeidsutvala dei siste åra i stor grad har vektlagd ulike kriterium, noko me opplever som lite profesjonelt, samstundes som det set foreiningane i en krevjande posisjon.

Me har altså forståing for SiO si avgjerd om den innvilga summen som viser eit overblikk på heile studentmassen. Dersom ein skal forsvare ei auke i summen til studentforeiningane, bør ein byrje med tildelinga, og i det minste sørgje for at den er rettferdig.

Forvirret? –⁠ Dette er studentpolitikken og så mye koster den