Urettferdig: – Gjennom heile eksamensdagen opplevde eg, og fleire av mine medstudentar, at det tekniske ikkje heldt mål, skriver Flothyl.
Urettferdig: – Gjennom heile eksamensdagen opplevde eg, og fleire av mine medstudentar, at det tekniske ikkje heldt mål, skriver Flothyl.

–⁠ Uhaldbart og tragisk at tekniske problem skal øydelegge eksamen

–⁠ Den seiste månaden før eksamen byrjar nervene å spenne seg, og arbeidsdagane blir lange. Då er det frykteleg synd at det er tekniske problem som skal stå i vegen for ei god eksamensoppleving, skriver jusstudent Margit Slåtta Flothyl.

Gjennom nok eit semester har me studentar trappa opp på lesesalen med eit mål for auge, nemleg eksamen. Me har lest mange hundre sider pensum, høyrd timevis med førelesningar, kjempa oss gjennom dei over hundre dommane som ligg i utvalet på lovdata, og innarbeida Grunnloven, FN-pakta, ICJ-statuttane, Wien-konvensjonen og Menneskerettsloven til den store gullmedaljen. Me snakkar fargekodar av ein annan verden, og krysshenvisningar i alle retningar. Den seiste månaden før eksamen byrjar nervene å spenne seg, og arbeidsdagane blir lange. Alt for å vere klare til eksamensoppgåva kjem på bordet.

Shivam hadde full kontroll på eksamen: Så kom sjokkbeskjeden

Då er det frykteleg synd at det er tekniske problem som skal stå i vegen for ei god eksamensoppleving. Gjennom heile eksamensdagen opplevde eg, og fleire av mine medstudentar, at det tekniske ikkje heldt mål. Både Lovdata og skriveprogrammet Inspera arbeida seint. Nokon fekk ikkje tilgang til Lovdata i det heile. Det er håplaust når loven trass alt er ganske vesentleg for oss jusstudentar. I lange periodar vart eg kasta ut av skriveprogrammet, utan noko moglegheit til å skrive vidare. Ein god halvtime til saman sat eg å såg ut i lufta, og det tok i periodar ikkje meir enn eit par minutt frå eg var i gang med skriving, til eg på nytt vart kasta ut.

Uansett korleis ein vrir på dette blir det urettferdig

Ein liten time ut i eksamensdagen forsvann dessutan alle innarbeidingane mine i Lovdata. Grunnloven som hadde sett ut som sjølvaste regnbogen, var no blank resten av dagen. Det var ikkje ein einaste krysshenvisning å oppdrive. All jobben som var lagt ned i Lovdata var til ingen nytte, og eit av dei viktigaste hjelpemidla mine var ikkje tilgjengeleg på eksamen. På toppen av det heile gjekk straumen to gonger i Silurveien 2 og dei stakkars eksamensvaktene visste ikkje sine arme råd der dei gjekk frå pult til pult for å tilby ei blank lovbok og eit trøystande blikk. Frustrasjonen auka i takt med at tida gjekk, fokuset var over alle haugar, og energien vart bruka på unødvendige ting.

Les også: Jusprofessor skjelte ut studentene sine i forelesning

Uansett korleis ein vrir på dette blir det urettferdig. For veldig mange gjekk det heilt fint, men for oss som blei ramma var ein ekstra time skriving berre eit bitte lite plaster på såret. Det var heilt vilkårleg kven som fekk problem og dei heldige som fekk skrive uavbrote fekk likevel fordel av våre problem med ei halvtime ekstra tid. Då spørsmålet om å ta eksamen på nytt seinare dukka opp på skjermen ein time før levering, var eg naturleg nok ikkje i stand til å ta denne avgjersla. Eg hadde trass alt gjort mitt for å få nokre ord inn i Inspera og tanken på å gå å vente på ein ny eksamen gjennom joleferien var lite freistande.

Jusstudenter kan få færre forsøk på eksamen: Det skaper reaksjoner

Kjære juridiske fakultet – eg vil med dette føreslå at de sikrar at det moderne systemet fungerer optimalt før me kastar lovboka for godt. Eg skjønar at det alltid er ei jag etter å henge med på den nye teknologien, men me som studentar vil mykje heller sitje å bla i lovboka på gamlemåten ei stund til, dersom fakultetet skal trakte etter å henge med på den nyaste teknologien utan å garantere at det fungerer. Eg håpar at eg kan kome på eksamen til våren å fokusere på det eg er der for. Det er denne eine dagen som er målet heile semesteret, og det er denne eine sjansen eg har til å vise kva eg kan. Då er det uhaldbart og tragisk at det er tekniske problem som skal øydelegge.

Studentopprør på jussen: Åpent brev til ledelsen samlet inn hundrevis av underskrifter