Foto: Privat

Regje­rin­gens nye stipend­ord­ning: –⁠ Full­stendig bakvendt politikk

–⁠ Vi treng ikkje ei ny oppdeling av kaka, men ein annan oppskrift, skriv Åshild Slåen om forslaget til ny stipendordning i statsbudsjettet.

Leiar i blå liste, Ole Marius Gaasø, skriv i Universitas at den nye stipendordninga som er lagt fram av regjeringa er god politikk, og har tillit til at studentar med eit slikt insentiv vil gjennomføre påbyrja studium i større grad. Ordninga går ut på å endre omgjeringslånet frå 40 prosent etter kvart godkjent fullført emne, til 25 prosent og flytte dei siste 15 til slutten av fullført grad. Dette er ein fullstendig bakvendt politikk som ikkje behandlar det påståtte problemet.

Leder i Blå Liste: – Regjeringen har rett: Vi må ha råd til å studere

Gaasø skriv at eit tydeleg definert problem treng treffsikre løysingar, men problemet er ikkje at studentar har for få premiar etter avslutta grad. Utfordringane studentar møter, spesielt i løpet av første året når flest sluttar, kan ikkje motverkast ved å seie: Viss du fortsett i to til tre år får du eit mindre studielån! Då må det tiltak inn der det faktisk er behov. I følgje Helge Sigurd Hansen, som er seniorrådgivar ved UiO, kan ein i gruppeundervisning og kontakt mellom underviser og enkeltstudent fange opp mange av dei som held på å falle av. Men det krev mindre undervisningsgrupper og dermed fleire undervisarar, og dette kostar meir pengar enn å flytte på når ein student potensielt får (eller ikkje får) omgjort lånet sitt.

For meg ser den nye stipendordninga meir ut som eit spareforslag enn eit konstruktivt tiltak mot fråfall i høgare utdanning

For meg ser den nye stipendordninga meir ut som eit spareforslag enn eit konstruktivt tiltak mot fråfall i høgare utdanning. Sjølv om fråfallet på eit eller anna vis skulle gå ned, er det ikkje til å nekte for at færre lån vil få den siste 15 prosents omgjeringa enn dei får i dag. Å kle dette opp som positiv studiepolitikk er suspekt.

Regjeringen vil endre stipendordning: NSO: –⁠ Vi er ikke fornøyde

Personleg kjem eg nok til å klare meg uansett på normert tid med deltidsjobb, full studiestøtte, og greie karakterar, men eg er også langt nok ut i løpet til å sjå enden av tunellen. Dersom ein faktisk vil løyse problemet, må ein inn med økonomiske ressursar som kan støtte opp konkrete tiltak hjå dei forskjellige institusjonane der det er behov. Ein kan ikkje berre dele opp den same kaka på nytt så dei flinkaste studentane som allereie har kontroll på femårsplanen sin får dei største stykka.

Flere er misfornøyd med statsbudsjettet: ANSA: –⁠ Gjør ingenting for utveksling