Høyrselshemma treng tilrettelegging
Hørselshemma studentar skal få dei same moglegheitene for å oppnå gode resultat som andre studentar
Universitet og høgskular bør ha ambisjon om å skape eit inkluderande miljø der alle kan få utbytte av ordinær undervisning, også dei med nedsett høyrsel.
Studentavisa Studvest i Bergen publiserte nyleg ei sak om høyrselshemma Kaja som føler seg utanfor på forelesingar fordi nokre forelesarar ikkje nyttar mikrofon i undervisninga (02.05.16). Avisa tek med dette opp eit viktig tema; korleis tilrettelegge studiekvardagen for dei med nedsett høyrsel.
Nesten tre promille av norske elevar har ei konstant høyrselshemming på eitt eller to øyre. Det vil seie at tre av 1000 elevar har lett, moderat eller alvorleg høyrselstap, eller er døve. Desse elevane står i fare for å gjere det dårlegare i grunnskulen i både lesing, skriving og matematikk enn andre elevar. Dette er konklusjonen i ei fersk doktoravhandling ved Københavns Universitet av Ola Hendar. Overraskande nok gjer elevar med lette høyrselstap det dårlegare enn dei med moderate høyrselstap. Truleg får dei for lite merksemd i opplæringssituasjonar fordi høyrselstapet deira er lite. Det er difor naudsynt å tilrettelegge studiesituasjonen for studentar med nedsett høyrsel, ved å sørge for gode lytteforhold i undervisningslokalet, ha – og ikkje minst nytte – naudsynt høyrselsteknisk utstyr og ha god struktur på undervisninga.
For å sikre at studenten har gode lytteforhold, er det viktig at auditorium og andre undervisningsrom er regulert for dei akustiske tilhøva. Sidan støy gjer det vanskeleg å oppfatte munnlege ytringar, må ein også forsøke å identifisere og redusere all støy som kan redusere kvaliteten i lydbiletet, som til dømes susing frå viftar i ventilasjonsanlegg og teknisk utstyr. Ofte veit studentane sjølve best kva som forstyrrar og gjer studiesituasjonen vanskeleg. Dei bør difor bli tatt med på råd om korleis ein best kan leggje til rette lokala med tanke på å imøtekoma deira behov.
Tekniske hjelpemiddel, som til dømes FM-anlegg med både lærar- og studentmikrofonar, er til stor hjelp for mange hørselshemma studentar. Til dømes vil eit lydutjamningsanlegg gjere lydbiletet betre, ikkje berre for dei studentane som har problem med høyrselen, men og for normalthøyrande. Undervisningslokala må difor være utstyr med naudsynt høyrselsteknisk utstyr – som faktisk blir nytta. Bruk av slikt utstyr må vere ein naturleg del av undervisninga. Det er mange som vil ikkje ha merksemd mot høyrselsvansken sin, og då er det uheldig om læraren spør studenten om det er naudsynt å bruke mikrofon.
Måten undervisningssituasjonen blir organisert på vil og ha stor betyding for det læringsutbyttet studentane sit igjen med etter førelesninga. God struktur og tydeleg leiing er viktig for at studentar som er hørselshemma skal få med seg det lærestoffet som blir formidla. Viktig informasjon må gjevas skriftleg og ikkje i situasjonar med mykje støy og uro, som til dømes når studentane er på veg inn og ut av lokala. Vidare må ein planleggje og legge til rette slik at det finst tilgjengelege grupperom om ein skal ha diskusjon i lita gruppe. Også i slike situasjonar er det viktig å nytte høyrselsteknisk utstyr.
Nokre studentar nyttar teiknspråktolk. Då er det viktig at forelesar samarbeider med tolkane, slik at tolkane kan gjere ein god jobb med å omsetje fagstoffet til teiknspråk. I slike tilfelle er det særs viktig med god struktur, slik at dei hørselshemma studentane får ta del i det som blir sagt – både av forelesar og medstudentar.
For at studentar som er hørselshemma skal få fullt utbytte av undervisninga, er det avgjerande at studiesituasjonen vert tilrettelagt på ein slik måte at studentane har dei same moglegheitene for å oppnå gode resultat som andre studentar. Dei tilpassingane som gagnar ein student med særskilde behov, er dessutan stort sett alltid til nytte for alle studentar.