Odd Vegard Paulsen, leiar i Oslo Studentmållag, håpar på betre nynorskopplæring for norsklærarane i framtida.
Odd Vegard Paulsen, leiar i Oslo Studentmållag, håpar på betre nynorskopplæring for norsklærarane i framtida.

Her trengs ei overhaling:

For dårleg nynorsk­opp­læ­ring for lærarar

Konsekvensen av dårleg opplæring i nynorsk er ikkje berre at dei nyutdanna lærarane som står rundt om i klasseromma underviser med lav kvalitet, skriv Odd Vegard Paulsen.

Dersom ein skal bestå emnet NOR1100 Norsk grammatikk på universitetet, skal ein meistre både bokmål og nynorsk i tråd med gjeldande rettskrivingsnormer. Dersom ein skal bli norsklektor må ein bestå Norsk grammatikk. At ein som norsklektor skal meistre både nynorsk og bokmål er ein sjølvfølgje, men diverre langt i frå ein realitet.

For blant studentane på studiet herskar det ikkje berre svært negative haldningar til nynorsk, men også ein mangelfull kunnskap om språket og språket sin demokratiske funksjon. Universitetet forventar at kunnskapen, som ikkje er der, skal være der før studentane tar fatt på lektorstudiet. Den fine, men naive tanken, er at studentane skal ha lært dette på vidaregåande. Dette fører til at lektorane ikkje blir undervist i nynorsk, som igjen fører til at studentane ikkje blir gode nok i språket, og kjem ut etter fem år ved UiO utan å være tilstrekkeleg kvalifiserte til å kunne undervise i faget.

Konsekvensen av dette er ikkje bere at dei nyutdanna lærarane som står rundt om i klasseromma, står skamfullt og underviser med lav kvalitet og integritet, men det er også med på å spreie dårlege haldningar som forplantar seg nedover i skulesystemet. Slik byrjar det stadig nye lektorstudentar som har eit dårleg forhold til nynorsk, og som er motvillige til både å lære seg sjølv og andre språket.

Det trengs ei openbar overhaling av nynorskundervisninga på lektorprogrammet, eller for å seie det slik; det trengs i det heile tatt ei undervisning. Dette for å auke kvaliteten på norsklektorane, og for å hindre at dårlege haldningar får vekse og gro i skulen.