Svarer på kritikk: Ingrid Os og Jan Frich ved Det medisinske fakultet. Foto: Universitetet i Oslo
Svarer på kritikk: Ingrid Os og Jan Frich ved Det medisinske fakultet. Foto: Universitetet i Oslo

Grove utsegn om medi­sin­stu­diet

Her kan du sjå heile svaret frå Medisinsk fakultet om ukultur og forskjellsbehandling av studentane.

Det er i eit oppslag i Universitas den 30.9. kome med utsegn som både medisinstudentar og lærarar ved Det medisinske fakultet ikkje kjenner seg att i. Det er sjølvsagt leitt at enkelte studentar i ernæring- og odontologistudiet kjenner seg urettvist handsama. Fakultetet arbeider heile tida med å leggje til rette for best mogleg studietilbod for studentar frå alle dei tre fagmiljøa.

Det må vere manglande kunnskap om studiet når ein professor i odontologi hevdar at medisinutdanninga vår fører til mangelfull empati og fremjar arroganse. Vi kjenner oss heller ikkje att i den støytande påstanden om at vi legg opp til eit apartheidsystem for studentane. Ordbruken er ikkje på sin plass.

Bakgrunn: –⁠ Medisinstudenter utdannes til arroganse

Det vart innført ein ny studieplan i medisin frå hausten 2014 etter nærare 20 år med den gamle planen. I dei siste åra har det skjedd ei endring i sjukdomspanorama i Noreg og i resten av verda, i befolkningsmønster, behandling, teknologisk utvikling, kliniske praksis og i organiseringa av helsetenesta. Forventingar frå samfunn og enkeltpasientar er annleis nå. Det førebur vi medisinstudentane våre på.

Undervisinga er den same for medisin-, ernærings- og odontologistudentar

I helsetenesta på sjukehus, sjukeheimar, helsestasjonar og i allmennpraksis er det stor grad av tverrfagleg samarbeid. Det møter dei nyutdanna legane alt første dag på jobben – og dei møter det i studietida i kliniske avdelingar og ute i praksis. Vi har gjennom fleire år hatt tett samarbeid med sjukepleiarmiljøet ved Høgskolen i Oslo og Akershus om team-simulering. I planlegginga av den nye studieplanen arbeider vi med å lage tverrprofesjonell praksisarenaer for våre studentar i samarbeid med andre helseprofesjonar.

God kommunikasjon og haldningar er viktige hjørnesteinar for legar og er difor vektlagt som eigne læringsutbytte som dei blir testa på i studiet.

Undervisinga er like god og den same for medisin-, ernærings- og odontologistudentar – og alle studentane deltek i dei same forelesingane, i den same teambaserte læringa og i felles kurs. I smågruppeundervisinga som er ei studentaktiviserande læringsform med dei same oppgåvene for alle studentar, prøver vi så langt råd er at gruppene blir leia av lærarar frå dei ulike utdanningane dersom dei har nok lærarar. Vi som leiar undervisinga er opptatt av å byggje ein profesjonsidentitet blant våre studentar.

Vi har mellom anna oppmoda lærarar ved Det odontologiske fakultetet til å laga meir fagspesifikke oppgåver relatert til odontologi som også medisinstudentar må diskutere. Røynsla ein lærar frå Det odontologiske fakultetet eller frå Avdeling for ernæringsvitenskap har med seg til studentane i ei tidleg fase i studiet, kan gjere oppgåvene meir yrkesrelevant og medverke til byggje opp profesjonsidentiteten til odontologi- og ernæringsstudentane.

Vi har oppmoda forelesarane ved medisin om å vera medvetne om at dei underviser ernærings- og odontologi-studentar. Medisinstudentar får og undervising av lærarar frå dei andre fagmiljøa. Modulleiarane i basalfaga er merksame på dette og ønskjer at alle lærarar møter alle studentgruppene like respektfullt.

Vi vil gå gjennom og ytterlegare forbetre introduksjonsveka ved oppstart i studiet samt sjå etter drahjelp frå dei ulike studentgruppene i fadderordninga, og i god dialog med studiedekan ved Odontologisk fakultet.