– Eg var sprengkåt så eg vart med

Bli med inn i ei verd med anonym sex på Sognsvann, svette klubber og lesbiske orgier. Her funkar samtykke og kommunikasjon på ein heilt anna måte enn ka ein ellers er vand med.

Publisert

Du har sikkert høyrt rykta. Kondomar som heng att på trea, klubbar der all hud blir vist, toalett der det skjer meir enn ein tissedate. I Oslo finst det fleire plassar der skeive kan finne tilfeldig sex utan å sveipe på ein app. Universitas har samla historiar frå cruisingmiljøet i skogane rundt hovudstaden, frå eksklusive homofile sexklubbar til lesbiske orgiar. 

– Det er nesten som ein leik, der ein aldri heilt veit kven ein vil møte, eller kva som kjem til å skje. Noko av det unike med cruising er at det skjer i ein setting der ein kommuniserer utan ord. Blikkontakt, kroppsspråk og rørsler fortel om interesse og samtykke, seier Julian (25). 

Noko av det unike med cruising er at det skjer i ein setting der ein kommuniserer utan ord. Blikkontakt, kroppsspråk og rørsler fortel om interesse og samtykke

Julian (25), anonym

Han har dei siste åra utforska cruisingmiljøet i Oslo og fortel at han vart introdusert gjennom datingappen Grindr. No deltek han ofte – og har oppdaga ein heilt annan måte å møte folk på. 

Cruising er ikkje eit nytt fenomen, men ein måte å møtast på som har eksistert i tiår. Tradisjonelt har det skjedd på avsidesliggjande stader i byen – i skogsområde, parker, offentlege toalett og ved badeplassar. 

Julian seier at for mange har det vore ein måte å finne partnarar utan å måtte avsløre seg sjølv i ei tid då skeiv seksualitet var sterkt stigmatisert. Sjølv om homofili i dag er langt meir akseptert, eksisterer cruisingmiljøet framleis. Julian meiner dette er fordi det tilbyr noko heilt anna enn dei meir moderne møteplassane. 

– På Grindr må ein gjennom endelause samtalar før noko faktisk skjer. Det blir mykje mas. I cruisingmiljøet skjer alt her og no, seier Julian. 

SPRENGKÅT PÅ DO 

For Roger (59) har cruising vore ein del av livet sidan seint på 70-talet. Han var knapt 18 år då han oppdaga miljøet, ein gong rundt 1979, då Oslo var ein heilt annan by for skeive. Det fanst få møteplassar der homofile kunne vere seg sjølve, og cruising blei ei hemmeleg, men livleg subkultur. 

– Det var overalt, seier han. 

– Eg kom borti det første gongen på eit offentleg toalett. Der var det ein gruppe med menn som hadde sex. Eg var sprengkåt, så eg vart med, fortel Roger og legg til at han etter kvart fann ut at det nesten ikkje fanst eit einaste toalett utan action. 

Roger fortel at for mange var cruising ein måte å utforske seksualiteten sin på utan frykt for å bli stempla eller utstøytt. På den tida var homofili framleis prega av mykje skam, og fleire levde i skjul. Cruising gav ein slags fridom, ein stad der menn kunne møtast anonymt, utan at det måtte bli meir enn eit blikk og ein kortvarig situasjon. 

– Gamle Oslo S, alle t-banestasjonane, Jernbanetorget, dei store kjøpesentera – som Glassmagasinet – der skjedde det ting. Det var til og med eigne stadar med hull i veggen. Og så var det dei utandørs arenaene, som under tribunene på Galgeberg stadion. Dei var livleg dei, ler Roger. 

For Roger var cruising både ein inngangsport til eigen seksualitet og ei form for fellesskap. Han kjende att dei same ansikta, sjølv om han ikkje nødvendigvis snakka med dei.

CRUISINGRENESSANSEN 

Roger har sett cruisingmiljøet og homofile møteplassar gjennom fleire tiår og korleis det har endra seg med tida. På 90-talet blei det mindre synleg, både på grunn av aids-epidemien og fordi fleire skeive fekk tilgang til meir aksepterte møteplassar. Med internett og datingappar som Grindr blei cruising nærmast ein utdøyande praksis. 

– Kulturen var nesten heilt død ei stund. Det var ikkje mykje igjen. Internett tok over. Cruising var ein meir ærleg måte å møtast på, ansikt til ansikt, seier Roger. Likevel har han dei siste åra sett ein auke av folk som trekkjer tilbake til cruising. 

– Nokre har blitt lei av den tunge tilværelsen online. Folk vil møtast igjen, på ekte. Det er noko anna å kjenne på spenninga i ein park enn å chatte i timesvis og aldri møtast, seier Roger. 

Han legg til at cruisingscenene i Oslo har eit tydeleg skille i alder. Nokre parker er meir besøkte av yngre folk, medan andre stader dominerast av eldre menn som kanskje er i skapet eller lever dobbeltliv. 

– Eg har måtte hjelpe folk med rulator ut av skogen rundt Sognsvann, seier Roger og ler. 

SEX I SKOG ELLER KLUBB? 

Julian fortel at cruisingområda blir meir synlege og dermed ofte fjerna eller øydelagde. Han peikar på at skog rundt Sognsvann er hogd ned, noko som gjer det vanskelegare å finne trygge møteplassar. Ifølge lokale kjelder var noko av hogsten bevisst for å redusere seksuell aktivitet. 

– Jo meir kjende plassane blir, dess større blir risikoen, seier Julian, og legg til at det finst andre alternativ enn å gå ut. 

Julian fortel at dersom ein vil vere innanfor fire vegger, og kanskje ha litt meir varme, kan ein gå til SLM (Scandinavian Leather Men). 

– SLM er ikkje ein vanleg nattklubb – det er ein plass der menn kan møtast i eit lukka, trygt miljø, der reglar og samtykke blir oppretthalde av klubbens eigne medlemmar. 

Klubben er ein fetisj- og BDSM-klubb, der ein ikkje treng å vere medlem for å gå inn. 

– SLM har strenge opptakskrav. Klubben er berre open for menn som identifiserer seg som homofile eller bifile. Dei slepp ikkje inn kvinner og kvinnelige uttrykk, seier Julian, men legg til at dette er tillatne éin kveld i året, under pride. 

SLM tilbyr spesifikke temakveldar, med krav til antrekk som lær, uniformar, jockstraps eller nakenkveldar. 

– Det er ikkje så mykje klubb, meir ei seksuell fellesskapsoppleving. Ein heng, ein snakkar, ein går til darkroom, fortel Julian. 

PUSSY JUICE 

I eit lokale i Oslo er det ein anna gjeng som møtast. Dei kallar seg for Juicebox, og er eit konsept for skeive kvinner og ikkje-binære, der dei kan vere med på blandt anna sexkvelder og orgier. 

Juicebox arrangerer over 100 ulike event i året, alt frå topplause teknokveldar, der fokuset er å frigjere nippelen, til Introduce, som er tilrettelagt for dei som aldri har vore med ei kvinne før og vil utforske eigen sensualitet og seksualitet i eit tryggare rom. Nokre event er sosiale, som fellesmiddagar der deltakarane blir kjent med fellesskapet, medan andre legg opp til leik og utforsking for dei som ynskjer det. 

Pussy juice er den beste juicen

Sofia Su, grunnleggjar av Juicebox

– Juicebox handlar ikkje berre om sex, men om å finne ein tryggare plass til å vere heile seg, seier grunnleggjaren av Juicebox, Sofia Su. 

Su forklarar at Juiceboxnamnet kjem frå «pussy juice», som Sofia Su meiner er den beste juicen. 

– GRINDR FUNKA IKKJE FOR KVINNE 

Homofile menn har lenge hatt cruisingmiljø i byar som Oslo, men Su meiner at skeive kvinner og ikkje-binære har heilt andre behov. 

– Det handlar ikkje om at kvinner har meir behov for tryggleik enn spontanitet. Spontanitet er ikkje grunnen til at menn cruiser. Men 90 prosent av kvinner har opplevd seksuell trakassering eller overgrep, og difor er tryggleik heilt sentralt i korleis vi må navigere seksualiteten vår, forklarar ho. 

Ho legg til at dette ikkje berre handlar om individuelle preferansar, men om patriarkalske strukturar som har forma korleis kvinner og ikkje-binære Sofia Su, grunnleggjar av Juicebox Pussy juice er den beste juicen opplever og uttrykker seksualitet. 

– Det handlar ikkje berre om kvinner versus menn, men om korleis det maskuline og feminine kjem til uttrykk. Maskuline trekk blir ofte kopla til det visuelle og direkte stimuli, medan det feminine gjerne er meir knytt til det emosjonelle. Men dette er ikkje absolutt – det er komplekst og varierer individuelt, seier Su. 

Ho trur dette er ein av grunnane til at Grindr aldri har fungert for lesbiske. 

– Det handlar ikkje berre om kontekst, men om kjemi og tryggleik. Mange av oss treng ein relasjonell oppbygging for å oppleve djupe former for nytelse, seier ho. 

CAREBEARS ER FOR Å PASSE PÅ 

Juicebox har sine eigne system for samtykke og tryggleik. Dei arrangerer «Consent Workshops» og «Paths of Pleasure», der deltakarane får lære om å uttrykke grenser og ønskjer, både verbalt og ikkje-verbalt. 

– Samtykke handlar ikkje berre om sex, men om korleis vi kommuniserer i kvardagen – på jobb, i familie og i relasjonar, seier Su. 

For å sikre eit tryggare rom har Juicebox alltid carebears på arrangementa – personar som er der for å gi emosjonell støtte. 

– Berre det å møte opp på eit Juicebox-event kan vere utfordrande for nokon. Difor legg vi til rette for at folk skal føle seg ivaretekne, seier ho. 

Samtykkereglane på Juicebox er klare: 

  • Du må alltid føle eit «hell yes» før du seier ja til noko. 
  • Du har alltid lov til å trekke tilbake samtykket ditt eller ombestemme deg. 
  • Når nokon seier nei, skal ein alltid svare «takk» – fordi ærlegdom og tydelege grenser blir verdsett. 

GENERASJONELL SKAM 

Desse møteplassane har blitt til fordi det har vore skam knytt til sex og nytelse for skeive. Skam som gjer at ein trekkjer inn i skogen, inn i mørkerom, inn i hemmelege rom der ingen ser, men alle veit. 

Roger hugsar det godt. Korleis han som ung mann måtte sjå seg over skuldra før han gjekk inn på eit offentleg toalett. Korleis han lærte å lese signal, fordi ord var farlege, fordi ein aldri kunne vite kven som såg eller høyrde. 

Du visste at viss du møtte blikket hans for lenge, viss han blei ståande, då kunne det skje noko

Roger (59), anonym

– Det var ikkje noko ein snakka om. Du berre visste. Du visste at viss du møtte blikket hans for lenge, viss han blei ståande, då kunne det skje noko, seier han. 

Han legg til at den tida er forbi, men ikkje heilt. Skuggen av skam heng framleis over cruisingmiljøet. Det er ikkje berre ei sexkultur – det er eit ekko av ei tid då det ikkje fanst andre alternativ. 

Roger seier at cruising er ein protest, ei frigjering frå skamma dei har vakse opp med. For andre er det den einaste måten dei kan eksistere på, i eit liv der det å leve ope ikkje er eit alternativ. Sofia Su har sett det frå ei anna side. 

– Vi er ikkje lært opp til å nyte, seier ho. 

– Mange av oss bærer generasjonar av skam rundt kroppen vår, rundt seksualiteten vår. Vi trur vi er frie, men vi er ikkje det. 

Ho legg til at Juicebox handlar om å skape eit rom der skeive kvinner og ikkje-binære kan finne fridom i kroppen sin, men Su veit at skam ikkje forsvinn berre fordi ein seier at den ikkje finst.

SEX ON THE BEACH 

Julian trur ikkje cruising forsvinn, men han ser teikn på at det er i ferd med å bli meir organisert, meir bevisst. 

– Kanskje får vi ein dag cruisingområde som er meir aksepterte, på same måte som nudiststrender? No handlar det ofte om å gjemme seg, men det treng ikkje vere sånn, seier han. 

I fleire europeiske byar finst det allereie meir formelle cruisingområder – i Berlin, Madrid og Paris er det offentlege parker der cruising er ein open hemmelegheit, akseptert av både lokalbefolkning og myndigheiter. Oslo er langt frå der, men trenden er tydeleg: Færre møter kvarandre tilfeldig i skogen, fleire trekkjer mot organiserte sexklubbar som SLM. 

Roger ser på utviklinga med blanda kjensler. 

– På ein måte er det bra at cruising blir tryggare, men eg veit ikkje om det ville vore det same viss alt var så openbert. Ein del av spenninga ligg i at det ikkje er heilt tilrettelagt, seier han. 

Uansett korleis cruisingmiljøet utviklar seg, verkar éin ting sikkert: Skeive finn alltid nye møteplassar – anten det er i skogen, på ein klubb eller i eit mørkerom. 

Julian og Roger har fått oppdikta namn for å halde dei anonyme.

Powered by Labrador CMS