Ut av storbyen
OsloMet skal torsdag bestemme kven som skal flyttast frå Pilestredet til Lillestrøm. Dette har skapt uro og debatt blant studentar og tilsette.
Ein del av storbyuniversitetet OsloMet skal flyttast til Lillestrøm. Torsdag 31.oktober skal styret ved OsloMet avgjera kva for utdanning og fagmiljø som i framtida skal ligge på Campus Romerike. Flytteplanane har skapt debatt blant studentar og lærarar.
Torsdag vel styret eitt av tre alternativ. Likt i alle profilalternativa, er å flytte heile Campus Kjeller. Samt at studenttalet på Lillestrøm skal vera 1250. Det står mellom «Helse og oppvekst», «Helse, bærekraftig bygg og infrastruktur», og «Helse, organisasjon og teknologi.»
Kan bli svekka
Det er usemje om kva for profil som er best egna. I starten av månaden var alternativa på høyring. Meir enn 40 svar kom inn. Rektor ved OsloMet, Christen Krogh meiner profil 3 - å flytte helse, organisasjon og teknologi - er svaret.
– Eg meiner denne fagprofilen vil gi det beste grunnlaget for utvikling av universitetet, og svarar best på samfunnets og regionens behov for kompetanse og kunnskap, sa Christen Krogh til Khrono førre veke.
Det er ikkje alle som er samd i dette. Instituttleiar ved Handelshøgskulen OsloMet, Ingvild Reymert uttrykker bekymring for ei splitting av instituttet hennar.
– Det er svært uheldig om ein vel å splitte Handelshøgskulen. Det vil gå utover fagmiljøet vårt, og utdanningskvaliteten i studieprogramma. Me har klart å byggje opp eit sterkt miljø i Oslo med eit godt og effektivt undervisningsopplegg. Dette kan bli svekka om me må dele opp instituttet, sier Reymert på telefon til Universitas.
Sosialt i Oslo
Den tredje fagprofilen rammar òg ingeniørstudentane ved OsloMet. Stian Pettersen, leiar av studentorganisasjonen Oslo Tekniske Samfund, er kritisk til flytting.
– Eg trur det er negativt for studentane og studentmiljøet. Det er mange som kjem til Oslo for å studere, og då vil dei vera i byen. Fleire studentar har sagt at dei ikkje hadde søkt om campus var i Lillestrøm, seier Pettersen.
Oslo Tekniske Samfund har foreslått profil 1, altså å flytte helse og oppvekst, samt campus kjeller, i høyringssvaret. Det alternativet vil ikkje ramme teknikkstudentane. Pettersen er mest kritisk til å dele instituttet.
– Alt det sosiale skjer her i Oslo. Me har kro, trimrom, bandrom og klatrevegg. Mykje i regi av Oslo Tekniske Samfund. Eg trur det blir veldig vanskeleg å føre dette vidare til Lillestrøm. Særleg om ein deler instituttet opp.
Leiaren er usikker på om campuset hadde blitt brukt, dersom dei vel å flytte. Dei fleste førelesningane er hybride, altså både digitale og fysiske. Om undervisninga blir flytta ut av byen, trur Pettersen at færre vil møte opp.
Unngå oppdeling
Studentparlamentet til OsloMet har vore aktivt med i prosessen for å etablere Campus Romerike. Dei står samla bak profil 2 - flytting av helse, bærekraftig bygg og infrastruktur - som dei meiner er best eigna til å etablere eit sterkt og stabilt studentmiljø.
– Me meiner at profil 2 vil leggje grunnlaget for eit godt studiemiljø. Det vil skape god fagleg og sosial samansetning. Det samlar fagmiljøa, og gir eit tydeleg campusmiljø, seier leiaren for Studentparlamentet ved OsloMet, Amalie Fadler Opdal.
Den beste løysinga, ifølgje Studentparlamentet, er å flytte heile institutt, og dermed unngå deling. Ved oppdeling, fryktar parlamentet konsekvensar for studentmiljøet.
– Om ein berre har teoretiske fag, har ein ingen grunn til vera på campus. Me ser jo at samansetninga på Kjeller er dårleg. I 2022 vart Kjeller kåra til det dårlegaste studentmiljøet i SHoT-undersøkinga. Me ynskjer ikkje at det same skjer i Lillestrøm.
Studentparlamentet ser òg på flytting som ein positiv ting. Dei mangler store areal i Pilestredet, og no har ein sjanse til å skape noko nytt.
– Me meiner at ein kan vekse der, om ein legg til rette for eit godt studiemiljø og meir fagleg tilhøyrsel, seier Opdal.
Ikkje same trekkraft
Instituttleiar Reymert fryktar tap av studentar og tilsette til andre utdanningsinstitusjonar.
– Me er redde for at dersom Handelshøgskulen flyttar til Lillestrøm, blir me mindre attraktive. Me kan miste studentar og tilsette til private institusjonar. BI og Høyskolen Kristiania står klare til å ta imot både studentar og tilsette, seier instituttleiaren.
Reymert fortel at Handelshøgskulen ved OsloMet - som no ligg i Pilestredet, har vore i kontakt med studentane sine. Fleire meiner studie i Lillestrøm ikkje har same trekkraft.
– Om styret går inn for profil 3, så er det viktig at dei sikrar solide, langsiktige løyvingar. På den måten kan ein bygge opp noko nytt på Lillestrøm, utan at det går utover aktiviteten i Pilestredet.
Reymert kjem med ei oppfordring til styret.
– Me håpar dei seier nei til løysinga, og tek innvendingane våre på alvor. Me har peika på profil 2 i staden, som ikkje står ovanfor dei same utfordringane som profil 3.
Campus Romerike i Lillestrøm sentrum er eit langsiktig prosjekt, og det er i startfasen.
– Det vil ta mange år før ny campus i Lillestrøm sentrum er klar, sa rektor Christen Krogh nyleg til nettsida til OsloMet.