– Eit grovt svik
Svindyre leigepriser og usikre leigekontrakter gjer at mange slit med å finne bustad. Samstundes har regjeringa utsatt behandlinga av Husleigelova, som skulle betre leigetakarens rettar.
To år sidan sette regjeringa, bestående av Arbeiderpartiet og Senterpartiet, ned eit utval, etter spurnad frå Sosialistisk Venstreparti (SV). Dei skulle sjå på mogelege endringar i Husleigelova, for å styrke rettane til leigetakar. Planen var at Husleigelova skulle opp i Stortinget denne stortingsperioden.
Slik vart det ikkje. Då statsbudsjettet vart lagt fram, kom det fram at regjeringa utsette dette til neste stortingsperiode. Grunngivinga var at arbeidet treng meir tid.
Bustadprisane er heilt ute av kontroll
Omar Samy Gamal
– Eit grovt svik mot leigetakarar og unge. Me føler oss ikkje tatt seriøst. Me har ein krise i leigemarknaden, og no hadde me sjansen til å gjera noko med det, også blir det lagt på is!
Det seier Charlie Dina Dickhausen, koordinator for byutvalget i miljø og utviklingsorganisjonen Spire. Ho er svært kritisk til at regjeringa har valt å utsette behandlinga av Husleigelova.
Ny utgreiing
Sjølv om behandlinga av Husleigelova vart utsett, kom NOU-en ut sist fredag. Og Dickhausen meinar utgreiinga inneheld både gode og dårlege forslag.
– Utgreiinga foreslår å auke leigeperiodar frå tre til fem år. Det likar me veldig godt. Men så foreslår NOU-en at utleigar skal kunne endre leigevilkåra i leigeperioden. Det er problematisk.
Spire meiner bustadmarknaden i dag, favoriserar utleigar og investor. Det skapar maktubalanse. Leigeforholda blir utrygge.
– Me treng lovgiving som sikrar ei stabil og rimeleg leige.
Skremmande utvikling
Leigemarknaden i Oslo er under kraftig press. Med ein årleg leigeprisvekst på 7,4 prosent er det vanskeleg å finne rimeleg bustad. SV i Oslo kom nyleg med fjorten forslag til bystyret; for å betre leigemarknaden i hovudstaden.
Bustadpolitisk talsperson for SV i Oslo, Omar Samy Gamal, er sterkt kritisk til dagens leigemarknad.
– Me har ein situasjon i Oslo der bustadprisane er heilt ute av kontroll. Me er i ferd med å bli ein by som London og Paris, der vanlege folk med vanleg inntekt ikkje lengre har råd til å bu, seier Gamal, og legg til at det rammar unge og studentar ekstra hardt.
Derfor har partiet fremma fleire nye tiltak, mange retta mot studentar. Eitt av dei er å starte bygging av 10.000 nye studentbustader før 2027.
– Byrådet lova 10.000 nye studentbustader, men har ikkje gjort noko for å sette i gang arbeidet. Me forslår ein konkret plan for korleis me skal nå målet, seier Gamal, og foreslår ulike løysningar. Til dømes å gjera bygardar om til reine studentbustader, styrke "tak-over-hovudet" garantien ved studiestart og utvikle ein ikkje-kommerisiell utleigesektor. Samstundes arbeider partiet med å innarbeide nye studentheimar i kommunale reguleringsplanar.
Mange om beinet
Ingrid Skjelde (20) studerar rettsvitskap på BI og erfarte nyleg bu-utfordringane. Studenten hadde søkt fleire plassar i landet. Og då juli kom, og ho fekk vite at det vart Oslo, starta jakta på husrom.
– Eg sendte mange meldingar. Og gjekk på fleire visningar. Men det var nesten uråd å finne noko. På ein av visningane eg var på, var det snakk om å bu fire personar i ei leilegheit utan fellesrom, berre eitt lite bad, og eit lite kjøken. Pris? 10.000 kroner per person! fortel ho.
Det var ikkje lett å finne leilegheit, og etter fleire forsøk, enda ho med ei mellombels løysing. Ei leilegheit leigd ut i eit halvår. No i oktober er ho på leit igjen. Rett etter Universitas møter Ingrid, skal ho på ny visning. Frå januar har ho ingen plass å bu. Stor etterspurnad i marknaden, gjer det også vanskeleg å få svar frå utleigar.
– Det er alltid kamp om bustadane. Venner av meg fortel om bodrundar på leigeprisar. Det gjer at dei med pengar, alltid vinn. Me som er studentar med avgrensa økonomi, må nøye oss med dei dårlegaste alternativa.
Svart marknad og forfall
Eit grovt svik mot leigetakarar og unge
Charlie Dina Dickhausen
Eit av forslaga til SV er at byrådet skal arbeide for at staten skal etablere eller finansiere ein tilsynsordning for leigetakarar, som skal sikre betre vern mot utnytting på leigemarknaden og følgje opp brot på lovverket.
Arve Juritzen, talsperson for byutvikling for Oslo Høgre bystyregruppe kritiserar SVs forslag om offentleg prisregulering og tilsyn.
– Me kjem aldri til å å leggja opp til at kommunen kontrollerer borgarane sine “ovanfrå og ned” gjennom registrering og overvaking. Dette er ikkje svaret på dagens problem i utleigemarknaden, seier Høgrepolitikaren.
– Me har for få bustader, spesielt for enkelte grupper. Derfor må me heller bruke ressursane våre på å bygge både permanente og mellombelse studentbustader. Det arbeidet er vi godt i gang med, seier Juritzen
Han legg til at Oslo kommune tidlegare har hatt offentleg prisregulering av utleigebustadar, og seier det førte til ein så omfattande svart marknad og forfall at kvaliteten på bustand at ordninga vart avvikla.
– Dette er ikkje vegen å gå no, og SVs forslag inneber auka byråkrati og ei overvaking ingen bør ynskje i vår tid.