BLENDAKVIT: Studentane kan kanskje ikkje lenger vise fram sine kvite tenner når tannlegehjelpa blir dyrare.

Kuttar 37 millionar kroner i tannlegehjelp

Byrådet kuttar i unge vaksnes tilbod til private tannlegar. Saliba Andreas Korkunc (H) seier dei vil prioritere andre grupper, blant anna dei med tannlegeskrekk.

Publisert Sist oppdatert

Eit høgt sukk kjem det frå studentane Olav Sæverås og Marcus Moe då dei fekk nyheita at dei ikkje lengre har tilgong til billeg tannlege.

– I vår var vi begge til tannlegen og fekk sjekk. Det kosta oss under 200 kroner. For oss var det som eit kjempetilbod, fortel studentane, som begge studerar kultur og kommunikasjon ved UiO.

Folk trekkjer heller tenner framfor å gjere nødvendig behandling, fordi det er billegare

Sunniva Holmås Eidsvoll (SV)

Olav Sæverås vart djupt skuffa då han såg at det no vil koste han omkring 1000 kroner for ein ny sjekk.

– Eg ville nytte meg av tilbodet ein gong til i år, før eg blir for gammal til det. Men at no vart endra var sleipt å høyre, seier Sæverås.

Det er lovfesta at 21-24-åringar har rett til tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta med 75 prosent rabatt. Oslo- budsjettet for neste år vart nyleg presentert og eit av tiltaka er kutt i tannlegestøtta til unge vaksne i alderen 21 til 24 år. Studentane seier seg samde om at tennene ligg på lik linje med alt anna på kroppen, og meinar tiltaket burde bli reversert. 

– No er det totalt sett billegare å reise til Drammen for tannlegetime, seier Moe og ler.

– Eit lovbrot

NØDVENDIG BEHANDLING: Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) seier at dette kuttet rammar dei som treng det mest hardast

– Dette er eit brot på unges lovfesta rett til billeg Tannhelse, seier gruppeleiar for Oslo SVs bystyregruppe, Sunniva Holmås Eidsvoll.

Eidsvoll fortel at fleire tannlegetimar, som ikkje blir ansett som såkalla nødvendig tannbehandling, blir etter 25. september ikkje lenger billegare. Dermed må ein no betale fullpris, sjølv om ein bestilte før vedtaket kom.

– Dette er heilt uakseptabelt, seier Eidsvoll og legg til at regelmessige sjekkar hjå tannlegen er nødvendig tannbehandling, og ein har rett på å kunne sjekke om noko er galt med tennene. 

Byrådet sparar 37 millionar kroner på å fjerne det subsidierte tilbodet dei har hjå private tannlegar. 

Til VG kallar helsebyråd Saliba Andreas Korkunc (H) tannhelsetilbodet for luksuriøst. Eidsvoll svarar med å seie at det er arrogant å påstå.

– Dette kuttet rammar dei som treng det mest hardast. Folk trekkjer heller tenner framfor å gjere nødvendig behandling, fordi det er billegare, svarar Eidsvoll og seier vidare:

– Når tannlegesjekkane no har vorte avlyste, så har ein mista moglegheita til å avdekkje kva som er behov for nødvendig tannhelse. Høgre er ideologisk imot rimeleg tannhelseteneste.

Prioritering som smertar minst

Helsebyråd Saliba Andreas Korkunc (H) er kritisk til prioriteringa som SV tidlegare hadde kjempa fram. 

– Det er ikkje riktig at 21-24 åringar har lovfesta rett til billeg tannhelse. 21-24 åringar har etter tannhelsetenestelova rett på nødvendig tannbehandling, og det skal dei få framover i Oslo. Det vi fjernar er hurtigsporet for 21-24 åringar hjå private tannlegar, som vart innført av det raudgrønne byrådet. Dei fekk med dette tilbodet tannbehandling heilt uavhengig av behov, så å si på dagen, skriv Korkunc til Universitas.

Han legg til at dette skjedde medan fleire born og ungdom ikkje fekk innkalling til time når dei skulle. Per august gjeld dette 13 000 born og ungdom.

No er det totalt sett billegare å reise til Drammen for tannlegetime

Marcus Moe, Student

– Dette meinar vi er heilt feil prioritering. Grunnen til at vi har kutta i tilbodet er blant anna at regjeringspartiene, med støtte frå SV, har endra inntektssystemet som gjer at Oslo kommune misser over ein halv milliard i året, og fordi det forrige byrådet budsjetterte med driftsunderskot.

– Då må vi ta vanskelege prioriteringar, og dette er ein av dei, legg Korkunc til. 

Vil prioritere dei med tannlegeskrekk

– Kvifor kallar du tannhelsetilbodet eit luksøriøst tilbod?

– Eg meinar at det er hårreisande at Oslo kommune har tatt rekninga for tannlegetimar hjå private tannleger. Det er inga tvil om at mange 21-24 åringar i Oslo har fått eit tilbod som går langt utover det dei ifølge loven eigentleg har krav på, svarar Korkunc.

Helsebyråden meinar SVs prioriteringar er heilt feil. Han skriv at at dei ynskjer å prioritere å få ned køane til tannlege for born og ungdom under 18 år. 

– Også eldre, rusavhengige og personer med sterk tannlegeskrekk er prioriterte gruppar innanfor tannbehandling, legg Korkunc til slutt.

Powered by Labrador CMS