I skuggen av Akropolis har studentar sett finanskrisa rive sund framtida deira og tilliten deira til staten. Nokre
av dei har teke til gatene med slagord og steinar. Andre har søkt tilflukt i kollektiv og fellesskap.
I kamp for ei betre framtid: Heime hjå Evgenia er det alltid ope hus. Ho bur med systera si og
familien sin i ei stor leiligheit i Exarchia, ein bydel i Aten. Saman
med fleire av venene sine engasjerer ho seg politisk og er leiar for
ei anarkistisk gruppe. Mange studentar engasjerer seg politisk i
Aten, men fleire lét også vere i frykt for å hamne i konflikt med
politiet som står rundt om på campus. Evgenia og fleire av venene hennar har vore vitne til politivald mot aktivistar og fortel
at dette er kvardagskost.
– Fucka situasjon: Costas, Bill, Kyriakos og Xaris er alle studentar i Aten. Dei meiner at situasjonen i landet er «fucka». Fleire studentar skildrar det heile som eit
tillitsbrot mellom staten og folket, og seier at dei fleste berre følgjer sine
eigne reglar og lovar fordi dei ikkje stoler på staten.
Betre for skeive?
Xristina bur saman med to andre i bestemora si leilegheit. Trass ei konservativ regjering
som samarbeider tett med den ortodokse
kyrkja, seier fleire at det er lett å vere ung
og skeiv i Aten. Xristina meiner at det ikkje
er så polarisert mellom skeive og heterofile
blant unge i byen. Hun fortel at mange i den
yngre generasjonen tek avstand frå den konservative og religiøse livsstilen som fleire av
dei eldre framleis held fast på.
Ei usikker framtid:
Adam er student ved Panteionuniversitetet i Aten. Som mange går han ei usikker framtid i møte etter endt studietid. Den økonomiske krisa og den høge arbeidsløysa i Hellas gjer det vanskeleg for mange unge. Prisane stig, som i resten
av Europa, fleire får ikkje jobb og slit med å betale rekningane.Matilde Solsvik
På Eva sitt rom:
Eva på rommet i kollektivet. Eva engasjerer seg også
politisk i ein anarkistisk gruppe og håper på ei endring
og ein mindre korrupt stat.