– Har aldri sett liknande ukultur
Den akademiske fridomen stikk djupt ved Universitetet i Oslo, men den kan vere ei fare for liv og helse, meiner universitetsdirektøren.
Torsdag inviterte Biologisk institutt til Allmøte med studentar, tilsette og universitetsleiinga, der det vart informert om hovudfunna i rapporten til Safetec Nordic, som [slo fast dårleg laboratoriesikkerheit](1).
– Ein må få til ei endring av kultur og haldningar. Eg har aldri opplevd ein kultur som ikkje sett lovavgjersler mindre på dagsordenen enn UiO, sa universitetsdirektør Gunn Elin Aa. Bjørneboe på møtet, og viste til både arbeidsmiljøsakene den siste tida, og Riksrevisjonen si manglande godkjenning av rekneskapet.
Kan ikkje vere barnepike
– Universitetet i Oslo (UiO) har ein kultur der den akademiske fridomen har stått sterkt, og det skal den framleis gjere, men det er viktig at reglar som er der for å beskytte liv og helse føljast, utdjupar Bjørneboe til Universitas.
Både universitetsdirektøren, dekan ved Det matematiske-naturvitskaplege fakultet (Mat.Nat) Knut Fægri og instituttleiar Trond Schumacher meiner at kvar einskild må sørgje for å ta ansvar for sitt lærings- og arbeidsmiljø.
– Poenget er at einingane sjølv skal syte for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS). At fakultetet flyg rundt som barnepike, vert det ikkje sikkerheit av på institutta. Dette må inn i miljøa, og miljøa må sjølv ta ansvar for det, seier dekan Knut Fægri.
Kjenner seg ikkje att
Instituttleiinga kjenner seg ikkje att i skildringane i rapporten om dei noverande tilstandane ved Biologisk institutt.
– Eg er ikkje overraska over det som kjem fram i rapporten. Det er leit at vi ikkje har kome langt nok i HMS-arbeidet. Men rapporten må lesast i lys av at det var svært lite fokus på HMS-arbeid før 1999. Rapporten er ein historisk gjennomgang, og seier lite om korleis situasjonen er no, meiner instituttleiar Trond Schumacher.
– Er tilstandane på Biologisk institutt optimale no?
– Ja, elles ville eg jo følt meg veldig skuldig. No har vi et skikkeleg fokus på HMS-styring, etter å ha arbeidd hardt med det dei siste åra, seier han.
Safetec-rapporten syner at mange tiltak er verksett med omsyn til laboratoriesikkerheit, spesielt sidan 2000-tallet, og fakultetet gjennomførte blant anna eit HMS-prosjekt i perioden 2005 til 2007. Likevel kjem det fram at ei rekke problem framleis er uløyst i 2009.
Obligatorisk kursing
– Studentane synest det er litt skremmande at det er ei så omfattande svikt i lab-rutinar. Vi er litt overraska over rapportens dom, og i alle fall vi bachelorstudentar kjenner oss ikkje heilt att, seier Marit Simonsen, leiar i Studentutvalet ved Biologisk institutt.
Fagutvalet har levert forslag om obligatorisk HMS-kurs både på bachelor- og masternivå. Dei er heller ikkje aleine om å meine dette. Dekan Fægri fortel at studentane har mindre laboratoriepraksis no enn tidlegare.
– I dei seinare år er omfanget av laboratoriearbeid ved ein del av kursa ved fakultetet vorte redusert. Laboratoriekurs er dyrt, og grunna reduserte midlar er det er ein av dei tinga som institutta har kutta ned på, seier Fægri.
Vert ikkje høyrd
På trass av fine ord frå institutt og fakultetsleiing vart det på allmøtet torsdag uttrykt frustrasjon over at ein ikkje har vorte høyrt når ein har uttrykt uroing over dei skadelege kjemikalane oppbevart ved fakultetet.
– Når eg har tatt kontakt med fakultetsleiinga om farlige kjemikalar har eg møtt veggen, og eg har jobba her sidan 1966, sa ein av dei tilsette ved instituttet.
På spørsmål i plenum om salen kjenner seg igjen, rakk over halvparten opp hendene.
Universitas var i kontakt med fleire av dei vitskapleg tilsette ved Biologisk institutt tysdag, men dei ville ikkje uttale seg då instituttleiinga har oppfordra dei til å ikkje uttale seg om saken.