SJOKKA: Mina Jansen fortel at ho vart sjokka då Edinburgh kommune fortalde ho at ho har blitt svindla.

Svindla for 37.000 kroner

Då UiO-student Mina Jansen skulle sikre seg bustad i Edinburgh før utvekslingssemesteret, vart ho svindla for heile 37.000 kroner. President i ANSA fortel at slike tilfeller skjer opp til 25 gonger i året.

Publisert Sist oppdatert

ANSA presidentens tips til framtidige utanlandsstudentar

  • Husk å alltid få ein skriftleg kontrakt eller leigeavtale og les alt godt før du skriv under.

  • Ikkje leig bolig usett over nettet. Sørg for at du får sett boligen med eigne auge før du skriver under på ein bindande avtale.

  • Sjekk alltid at du har ein oppsigingstid og ikkje binder deg til til dømes eit heilt år framover. Plutseleg kan det oppstå ein naudssituasjon som gjer at du må avbryte studiane.

  • Sjekk at depositumet blir betalt inn til ein sikra depositumskonto i ditt studieland.

– Alt virka så trygt gjennom heile prosessen, og alle som eg hadde kontakt med virka truverdige. Den største tabben eg gjorde var å ikkje be om videosyning av leilegheita, fortel Mina Jansen. 

Ho studerer arkeologi og konservering ved Universitetet i Oslo (UiO) og hadde tidlegare opplevd problem med bustad då ho var på utveksling i Cardiff i 2022. Denne gongen bestemte ho seg for å vere tidleg ute og la ut ei melding på Facebook for å finne ein trygg og rimeleg bustad. Kort tid etter vart ho kontakta av ei tilsynelatande truverdig kvinne som tilbaud ei løysing.

– Ei dame frå Skottland, som hadde 300–400 vener på Facebook og posta jamleg, tok kontakt. Ho sa at veninna hennar skulle flytte til Edinburgh, og at det var to ledige rom i leilegheita ho hadde funne, fortel Jansen, og legg til at om det faktisk var Facebook-frua som svindla, eller om kontoen var hacka, veit ho ikkje.

Gjennom WhatsApp vart ho introdusert for den påståtte utleigaren, som sende bilete av leilegheita og ein skriftleg kontrakt. Med ein pris på 550 pund i månaden, inkludert eige bad, verka avtalen som eit bra tilbod i ein by kjend for skyhøge leigeprisar.

Forskotsbetaling på 37.000 kroner

Edinburgh har for tida ein bustadskrise for studentar. Jansen seier at det er stor kamp om å få eit rimeleg rom i byen og difor var det viktig for ho å finne noko tidleg. For å sikre seg bustaden, vart Mina bedd om å betale på forskot. 

Totalt overførte ho 37.000 kroner for januar til mai, inkludert eit beløp som skulle dekke registrering i kommunen.

– Grunnen til at eg sende over pengane så tidleg, var jo at han skulle registrere meg i kommunen. Eg tenkte at det må jo vere greitt, seier ho og legg til at ho måtte gjere det same då ho hadde utveksling til Cardiff.

Men noko kjendes mistenkjeleg. Mina kontakta kommunen i Edinburgh for å få stadfesta registreringa. Svaret ho fekk, var nedslåande.

– Dei svarte at eg hadde blitt svindla. Då eg prøvde å kontakte utleigaren igjen, hadde han blokkert meg, seier Jansen.

Henlagt i Noreg, aktiv i Skottland

Jansen tok kontakt med både norsk og skotsk politi, men saka har blitt henlagt i Noreg. Ho har klaga på avgjerda og opplever at samarbeidet mellom politimyndigheitene i dei to landa er tregt.

Eg tenkte at det må jo vere greitt, liksom

Mina Jansen, Konserverings- og Arkeologistudent ved UiO

Jansen ynskjer no å åtvara andre mot å bli lurt i bustadmarknaden, særleg i populære utvekslingsbyar som Edinburgh.

– Du må be om videovisning. Det er eigentleg det viktigaste. Ikkje tru at berre fordi du har ein kontrakt, så er det sikkert, understrekar ho.

Ho etterlyser også betre støtte frå universiteta, som ho meiner burde gje meir informasjon om bustadkriser i ulike land.

– Det hadde vore fint om eg viste kva eg måtte vere obs på når eg skulle på utveksling og at universitetet var meir aktiv med å hjelpe utvekslingsstudentane.

Jansen fortel at ho har fått ein bustad av universitetet i Edinburgh, og legg til at ho framleis er i kontakt med skotsk politi for å få løyst saka. 

Universitetet åtvarar mot risiko

Kjersti Bogen, rådgivar i seksjon for studiekvalitet ved UiO, uttrykkjer at Jansens historie er veldig leit å høyre og legg til at universitetet prøvar å gi så mykje informasjon som mogleg til studentane som skal til utlandet.

– Me anbefaler alltid at studentar følgjer råda frå vertsuniversitetet når det gjeld bustad. Nokre universitet tilbyr studentboligar, men det er ikkje slik alle plassar, då må ein søkje privat, seier Bogen, og legg til at i desse tilfella har universiteta oftast ein oversikt om korleis ein greit kan finne bolig privat

Bogen seier at Universitetet også sender ut informasjon til studentane om tryggleik før dei reiser, og universitetet lenkjer til ressursar som UDs tryggleikssider og ANSA.

– Det er likevel viktig at studentane sjølv tek ansvar for å gjere undersøkingar om landet dei skal til, seier Bogen

Eit sjeldan problem

På spørsmål om svindel er eit utbreidd problem, seier Bogen at ho ikkje har fått rapportert liknande tilfelle sidan ho starta på UiO for fem år sidan:

– Me høyrer lite frå studentane våre under opphalda, med mindre det skjer noko alvorleg, seier ho og legg til:

– UiO prøver å dele dei råd og den informasjon me har til våre utreisande studentar, men svindelmetodar utviklar seg heile tida. Det er difor viktig å vere kritisk til tilbod fra private aktørar på usette boligar.

20-25 boligsvindlar i året

– Det er diverre ein problematikk me i ANSA har vore godt kjend med over ein årrekke, svarar president i ANSA Øyvind Bryhn Pettersen på e-post til Universitas ved spørsmål om Jansens situasjon. 

Svindelmetodar utviklar seg heile tida

Kjersti Bogen, Rådgivar UiO

Pettersen fortel at utvekslingsstudentar er sårbare for svindel både fordi dei ofte leitar etter bolig medan dei framleis er i Noreg og er dermed distansert frå marknaden, og samtidig er i ein økonomisk svekka situasjon og ofte leitar etter dei billegaste boligane.

– ANSA mottar 20 til 25 henvendingar om boligsvindel årleg. Me ser at det er særleg problematisk i store byar og hovudstadar, skriver Pettersen. 

Dette er typiske stader der boligmarknaden er trangt og det er spesielt vanskeleg å finne rimelege stadar å bu

Pettersen legg til at ein kan finne tips om boligmarknadar i eit land på forskjellige måtar blandt anna ANSA sine nettsidar, eller så kan ein ta kontakt med studentar i områda som kjenner moglegheitane i studiebyane. 

Nokre av tipsa til ANSA presidenten kan du lese i faktaboksen.

Powered by Labrador CMS