Fra fortid til samtid med nytt album:

Joik og Kork for naturen

Marja Mortensson imponerar stort med sin særeigne stemme i ny, symfonisk drakt.

Publisert Sist oppdatert

Raajroe - The Reindeer Caravan

  • Artist: Marja Mortensson, Kringkastingsorkesteret, Daniel Herskedal, Jakop Janssønn
  • Plateselskap: Diger Distro

På sitt nye album har Marja Mortensson fått med seg Kringkastingsorkesteret, og møtet mellom joik og symfoniorkester fungerer utmerket. Berre med si eigen stemme har Spellemannpris-vinnaren i årevis vist stor variasjon i nyansar og uttrykk, og med KORK i ryggen, vert paletten endå meir spanande.

Raajroe - The Reindeer Caravan skildrar livet Mortenssons forferdre levde – med respekt for naturen og i takt med reinen. Musikken i seg sjølv er meir enn ein tilfredsstillande kunstoppleving, sjølv om ein ikkje forstår sørsamisk. I den engelske omsettinga kan naturskildringane isolert sett verke svulstige, men å lese tekstane gir ein ekstra dimensjon i samspel med dei kjensla musikken manar til. Både naturvern og urfolks rettar er under press i mange land, og det er nærliggande å tolke albumet som ein kommentar til dette. Spesielt låta Technical News, som handlar om nye transportmidler som forstyrrar landskapet, gjer det vanskeleg å ikkje tenke i politiske banar.

// Mechanical entrapments move people

aimlessly all over the place,

rudely they enter places without an

invitation, they seek to climb every

mountain, filling the outback with

strangers //

Den fullstendige genuiniteten Mortensson formidler, både gjennom tekst og song, gjer at dei store orda kjennes riktige. For i dette albumet er ingenting påtatt, det er historiefortelling av ypparste klasse.

Les også: Hemmeligheten bak den gode moralen

Musikken er orkestrert av Daniel Herskedal, som også spelar tuba og basstrompet på albumet. Han skinner når han får utfolde seg som solist, til dømes i When The Yoiks Grew Silent, og står for mykje av albumets jazz-preg. I tillegg er Jakob Janssønn med på perkusjon, og bidreg med både stødig driv og rockepreg.

Herskedal brukar orkesteret kreativt med arrangementer som aldri dominerer vokalen. På den fyrste låta, Kruanavaajja – The Green Valley, vert lyttaren lokka inn med eit drivande samspel mellom vokal og treblåsarar. Etterkvart kjem ein einsleg tromme inn, etterfølgd av joikekoret, som verkeleg løftar dei få låtane dei er med på. Resten av orkesteret vert heldt igjen lenge, slik at songen veks og veks. Det blir meditativt utan å vere stilleståande, noko som er ein fellesnemnar for fleire av låtane.

Les også: Punkbank, karaoke og tequila

Sjølv om lydbilete er variert, blir oppbygginga litt for lik på mange av låtane med perkussiv og minimalistisk opning som byggar seg opp til ein feit og filmmusikk-aktig orkesterklang. Med eit heilt orkester til rådigheit forventar eg litt større variasjon. Boeltaajja - The Sacred Grandfather skiller seg positivt ut med full trøkk frå start.

Raajroe - The Reindeer Caravan er eit gjennomarbeida og vakkert album. Med sine knallsterke vokalprestasjonar og heilskaplege kunstnariske uttrykk, visar Marja Mortensson at joiken i aller høgste grad har ein plass dagens musikklandskap. I eit samfunn prega av klimakrise, sosial ulikskap og profittjag, er det kanskje akkurat riktig tidspunkt å hente inspirasjon og ettertanke frå Marja Mortenssons forfedre.

Powered by Labrador CMS