Vil nokon ta økonomifaget i forsvar?: Roman Linneberg Eliassen argumenterer overtydande for ei modernisering og aktualisering av økonomifaget. Vår bokmeldar håpar nokon kjem på banen og går Eliassen sin kritikk i møte.
Vil nokon ta økonomifaget i forsvar? : Roman Linneberg Eliassen argumenterer overtydande for ei modernisering og aktualisering av økonomifaget. Vår bokmeldar håpar nokon kjem på banen og går Eliassen sin kritikk i møte.

Fyndig fagkritikk

Hysj, vi regner er eit overtydande rop om realitetsorientering av økonomifaget

«De norske universitetene utdanner i dag økonomistudentene til monomane kalkulatorhoder». Slik smell det frå sidene i dette velskrivne oppgjeret med hovudstraumen i økonomifaget.

Sjølv om han studerte samfunnsøkonomi under den verste finanskrisa sidan 1930-talet, lærte forfattar Roman Linneberg Eliassen meir om matematisk problemløysing med abstrakte modellar enn om dei verkelege økonomiske problema som fanst utanfor universitetet. Dette meiner han reflekterer grunnleggjande problem ved metodologien i faget. I Hysj, vi regner tar han til orde for ikkje mindre enn ein vitskapleg revolusjon: «Økonomene må løfte hodet opp fra formelheftet og spørre hvordan virkelighetens økonomi ser ut, og tilpasse sine metoder til objektet de undersøker.»

Trass i den polemiske tonen, og sjølv om boka er gitt ut av venstreradikale Manifest forlag, er ikkje Hysj først og fremst ein politisk pamflett. Snarare er det eit vitskapsfilosofisk innlegg. Det Eliassen etterlyser, er realisme og pluralisme: Økonomifaget må ta utgangspunkt i den verkeleg eksisterande økonomien, og gi plass til ulike teoriretningar som kan kaste ulikt lys på økonomiske fenomen. Appellen til boka er slik uavhengig av politiske sympatiar.

Som alternativ til det rådande, «nyklassiske» paradigmet i faget peikar forfattaren på John Maynard Keynes og seinare økonomar som har vore inspirert av han, men også på «austerrikske» økonomar som Friedrich A. Hayek på motsett politisk side. Desse ulike «heterodokse» økonomane har til felles at dei ikkje abstraherer vekk frå uvissa og omskiftingane som pregar den verkelege økonomien, slik nyklassikarane gjer med sine statiske likevektsmodellar – alt ifølgje Eliassen. Å sleppe til slike alternative perspektiv på pensum og i fagtidsskrift vil gjere framtidas økonomar meir kritiske og realitetsorienterte, håper han.

Eliassen framfører poenga sine presist og fyndig, med både lærdom og glød

Kritikken mot einsrettinga og formelfikseringa i økonomifaget er ikkje original, men Eliassen undervurderer likevel sitt eige bidrag ved å omtale det som «bare et ekko fra økonomisk teoris underverden». Eit ekko er uklårt og utydeleg; Eliassen framfører poenga sine presist og fyndig, med både lærdom og glød. Å vurdere om argumentasjonen hans er haldbar, skal eg overlate til økonomar. Det ville glede meg å lese eit forsvar for økonomifaget som sakleg og med ope sinn går kritikken til Eliassen i møte. Fagkritisk debatt av den typen Hysj inviterer til, treng vi meir av.