Galant glitter

Dette er ei bok om den store Saka. Om kva som er ei sak, og som ikkje er ei sak når moderne tabloidjournalistar i moderne tablodiaviser skal smi sin daglege dose tabloidjournalistikk.

Vi blir med den temmeleg homofile reporteren Morten ned til den franske rivieraen for å jakte på George Clooney og anna kjendissnask han kan sende heim til Dagsposten. Alkohol blir konsumert, kjærastar blir forbanna og marokkanske familiejuvelar forsvinn. Ein liten såpeopra reiser seg av dei støvete strendene nokre intense dagar i Cannes.

Boka formidlar ein relativt seriøs problematikk, på ein galant og lettbeint måte. Fjollete kommentarar er det flusst av, som denne: «Så de der ryktene om at han var bifil, stemmer altså ikke. Er ikke dette en morsom historie for avisa di?» Det er som om forfattaren blunkar litt til oss, og vi gliser tilbake. Vi skjønar greia, liksom.

Så er det vel ikkje første romanen som har kome ut under sjangeren «maktmenneske i politikk og media er så latterleg kyniske at det er ein roman verdig, berre vi passar på å bruke dekknamn.» Likevel er det fin litteratur å putte i bagasjen om du sjølv tenkjer deg til dei franske middelhavsstrendene for nokre eksklusive dagar si skuld, eller rett og slett berre vil ha eit eksklusivt pusterom i kvardagen.

Elles er det nok greitt å vedgå at både du og verda skulle greidd seg godt utan også.