Aboslutt kommerst

Nokon prøver å lure deg. Det er i og for seg ikkje noko nytt, og det er vel også poenget i denne boka. Allereie på 20-talet figurerte reklamen sentralt i bybiletet, på 30-talet hadde dekorering av butikkrom vorte til ein vitskap, og på 40-talet hadde vekeblada forstått at ønskjet om ny kjole måtte framstillast synonymt med den djupaste draum. Ispedd ein halvinteressant gjennomgang av korleis Norsk Gallup gjekk frå å vera eit statistikkens husoppsøkande Jehovas vitne til å bli den trivialintime telefonterroristen vi kjenner i dag, er dette god populærvitskap. Truleg kjem du til å lære eitt og anna om forbruk, psykologi og propaganda, truleg kjem du til å ergre deg over å ha brukt alt for mykje tid og pengar på noko som strengt tala såg litt meir nyttig ut enn det viste seg å vera. Ironisk nok er det det boka skulle ha lært deg å unngå. Men så gjeld det å ta dette for det det er.

Komiske, men samstundes nostalgiske tilbakeblikk på den norske husmora, på korleis økonomisk politikk ein gong tok utgangspunkt i behov i staden for marknad, og på salsverdien av den norske folkesjela, er vel verd å få med seg. Reklame røpar meir enn margarinprisar. Ikkje minst at nokon har satt seg skremmande godt inn i nettopp dine draumar og mareritt, og konstant er ute etter å gjera pengar på dei.