Ungdomen no til dags

Silvia er fjorten år og lyg for far sin. Ho driv utpressing, har sex, facebook-konto og psykiske problem. Ei brokete, vond og komplisert familiehistorie lurer i bakgrunnen, og ting er duka for alt anna enn idyll.

Den eine skandalen avløyser den andre. Skildringane av kor kjenslelaust, og samstundes intenst omsorgsfullt eit menneske kan vera, tek lesaren inn i både glede og frustrasjon og forundring. Om enn ikkje dei store, ektefølte sjokka. Motiva vekslar mellom ville eventyrliknande situasjonar og nær kvardag. Den gjennomført moderne verkelegheitsforståinga er noko av det beste med boka. Youtube har kome for å bli, foreldre veit at homofili ikkje er ein sjukdom, og dei fryktar religion meir enn alkohol.

Men dersom dette er meint å vera eit samtidsportrett, eit reisebrev frå tenåringsland anno 2009, fungerer det ikkje heilt. Ungjenter flest flyg slett ikkje rundt og lurer forsvarslause menn inn i usømelege situasjonar. Foreldre hatar ikkje avkomet, sjølv om dei innimellom blir totalt utmatta. Ein fin roman er det like fullt. Han er eit alvorleg varsko til foreldre som ikkje følgjer med på det dei har sett til verda, og ei audmjuk konstatering av at heller ikkje barn som vekst opp i verdas rikaste land treng ha gode føresetnader for å greie seg her i livet.