Hugsar du...?

(Fire år. Hos naboen i Bergen. Stor kopp surmjølk. ÆSJ! Gråt. Springe heim. Mitt første møte med surmjølk er eit minne som har festa seg i hukommelsen min. Eit anna sterkt minne er første gongen eg var flau over å være naken.)

Boka handlar om hukommelsesforsking, hukommelsestap, ulike typar hukommelse, kvifor vi gløymer, og korleis vi hugsar. Boka er lett å lese, og fortel mykje om ein eigenskap ein ikkje tenker på med mindre ein mistar den. Lurer du på kvifor du gløymer å ta ut søpla om morgonen, sjølv om dei du bor med har minna deg på det utallige gongar, så finn du svaret her. Det er fordi hjernen din har tatt ei vurdering og prioritert kva som er «viktig» å hugse, eller fordi du vart distrahert medan minnet haldt på å lagre seg i hjernen. Dette kan også være grunnen til at det er så sjukt vanskelig å hugse namnet til folk ein møter når ein er ute.

Eg hadde håpa forfattaren skulle komme med litt innside-informasjon om korleis ein på ein enkel måte kan stå på eksamen, men det er dessverre ikkje nokon anna måte enn å pugge. Det finnast derimot fleire hugsereglar for betre bruk av informasjonsbanken (for å bruke forfattarens ord). Deriblant å holde seg i fysisk form, ete regelmessig og spreie læringa ut over tid. Skuffa over fakta, men elles ei svært interessant bok.