Svømmebasseng. Foto: Alena Grek

Svømmebasseng: Best i små dosar

Svømmebasseng inviterer på pool party, men får ikkje festen til å vara.

Publisert Sist oppdatert

Broder

  • Artist: Svømmebasseng
  • Plateselskap: Playground Music

Oslo-bandet Svømmebasseng leverer stilsikker og velprodusert synthpop på andrealbumet sitt. Men det som startar som eit triveleg pool party med paraplydrinkar og badedyr i pastellfargar, blir i lengda ein heller sveitt og slitsam affære.

På dei første låtane, «Epleslang» og «Nabolaget», sit refrenga som dei skal og retrostilen kjennest frisk (sjølv om det ikkje er direkte originalt).

Etter den lovande opninga blir det fort einsformig. Låtane kjem og går i ein jamn straum av svevande synthar, kitlande gitarriff og lette uptempo-grooves. Trass i fengande hooks her og der er det ingen låtar som verkeleg stikk seg ut og festar seg til minnet. Lyttaren tar seg i å sakna variasjon, og byrjar snart å famla etter dei gamle Phoenix- og Cut Copy-platene som bandet openbart må ha høyrt i hel.

Lars Sandbakken og Ine B. Johnsen bidrar begge med mjuk og fjørlett vokal, utan store fakter. Heldigvis syng dei såpass utydeleg at ein lett kan overhøyra kvasi-poetiske blødmer og naudrim som «skru ned på dimmeren / stjernene på himmelen er / lysende og spinnende / utenfor vår egen atmosfær». Melankolien og ærlegdommen som ifølgje presseskrivet ligg under låtane, er heller ikkje av det djupaste slaget: «Jeg nådde bunnen av et sort hull / nederst i min siste øl».

Uansett: Svømmebasseng leverer upretensiøs, sommarleg pop som funkar i små dosar. Dei har fått god hjelp av Kenneth Ishak og Mattias Tellez bak spakane i studio, men til neste album er det lov å håpa at bandet lærer seg nokre fleire triks.

Powered by Labrador CMS