Studentane som utfordrar diktaturet
Marco vart sendt i fengsel og Elthon vart kasta ut av universitetet då dei protesterte mot regimet. No kjempar dei for utdanningsfridom og ytringsfridom i Nicaragua frå eksil.
– For å definere oss og organisasjonen vår, vil eg seie at vi representerer moglegheiter og bruer for dei studentane som verkeleg treng det no, seier Marco Aurelio Peña, medgrunnleggjar av Iniciativa Puentes por los Estudiantes de Nicaragua (IPEN).
IPEN, eller «Broer for Nicaraguas studentinitiativ», vart starta av studentar som sjølve har opplevd konsekvensane av regimet si brutale framferd. Fleire av leiarane vart utviste frå universiteta etter å ha protestert mot regimet, og mange måtte flykte for å halde fram med studiane sine. No hjelper dei andre studentar i same situasjon.
Universitas møter Peña og hans medgrunnleggjar, Elthon Rivera Cruz på Grønland i Oslo. For nokre veker sidan vart det annonsert at dei to, ilag med resten av IPEN, mottar studentanes fredspris 2025. Dei er no i Noreg for å motta prisen.
Å lære, å tenkje kritisk og å uttrykkje seg fritt er no handlingar av motstand
Marco Aurelio Peña, medgrunnleggjar av IPEN
Protesterte mot trygdereformer
I Nicaragua i 2018 tok folket til gatene for å protestere mot trygdereformene som ramma eldre. Protestane starta i solidaritet, men eskalerte raskt då regjeringa svara med vald. Studentar og akademikarar vart målretta av tryggingsstyrkane, og 18. april same år markerer starten på ei langvarig bølgje av undertrykking. Universiteta vart storma, studentar arresterte, og frie akademiske institusjonar tok styresmaktene kontroll over.
– Før 2018 prøvde regjeringa å framstå som demokratisk, men realiteten var annleis, seier Rivera.
Etter protestane og konflikten i Nicaragua kalte Human Rights Watch landets styre for ei diktatur. Regimet har nektet for talet på døde som følge av protestane.
– Protestane synleggjorde sanninga, og universiteta vart ein av dei viktigaste arenaene for regjeringas maktbruk. I følge Inter-American Commission on Human Rights har over 300 menneske, inkluder fleire studentar, mista livet i protestane. Dei
Lever i konstant frykt
Elthon Rivera Cruz fortel at den største utfordringa for studentar i Nicaragua er fridomen deira.
– Dei må underkaste seg eit utdanningssystem som ikkje tillét kritisk tenking eller akademisk fridom. Dei har ingen reelle moglegheiter for å lære, seier han.
Regimet i Nicaragua har uttalt offentleg at grunnen til at dei har endra utdanningssystemet og vald å kaste ut så mange studentar er fordi dei vil oppretthalde orden og seier dei har ein rett å beskytte sikkerheit og fred.
Rivera legg til at styresmaktene har fjerna mykje av det vitskaplege innhaldet ved universiteta og erstatta det med propaganda.
– Å lære, å tenkje kritisk og å uttrykkje seg fritt er no handlingar av motstand.
Over 150 studentar vart utviste for å ha delteke i protestar, blant dei var Rivera sjølv.
– Akademisk fridom eksisterer ikkje lenger i Nicaragua, og alle universitet, offentlege og private, er no under full kontroll av regjeringa. Studentar lever i konstant frykt for overvaking og straff, seier han.
Byggjer framtida i eksil
IPEN vart grunnlagt etter protestane i 2018 og har sidan 2022 kjempa for retten til utdanning og akademisk fridom i heimlandet. I dag hjelper dei studentane i Nicaragua frå Costa Rica, der dei bur i eksil. Målet deira er å skape nye vegar til kunnskap.
Gjennom programma Puentes (bruer), Amistad (venskap) og Fuerza (styrke) tilbyr organisasjonen alternativ utdanning og psykososial støtte til studentar i eksil. Over 150 studentar har fått hjelp til å halde fram utdanninga si utanfor Nicaragua.
– Regimet vil kontrollere utdanninga for å sikre si makt. Dei vil ikkje ha kritiske stemmer, seier Peña.
– Vi ynskjer ikkje berre å skape studentar, men også leiarar. Regjeringa prøver å undergrave uavhengig leiarskap og kritisk tenking. Vi arbeider for å motverke dette ved å styrke studentar til å bli leiarar i ulike felt – innan helsevesenet, næringslivet, akademia og politikk, legg han til.
Leiarskapstrening gjev studentane mot til å sjå seg sjølve som endringsaktørar, ikkje berre passive mottakarar av styresmaktene sine avgjerder.
Mange av studentane som får hjelp av IPEN, deltek i leiarprogram der dei lærer om organisasjonsbygging, kritisk tenking og demokratisk deltaking.
– Studentane må ha moglegheit til å tenkje og handle fritt. Når eit regime nektar utdanning til folk som protesterar, nektar dei dei òg fridomen til å skape si eiga framtid, seier Rivera.
Vi endrar landet ein student om gongen
Elthon Rivera Cruz, medgrunnleggjar av IPEN
Human rights watch meddeler at over 3.500 ikke-statlige organisasjoner og 57 nyheitshus har vorte stengd ned sidan 2018. Mellom 2018 og 2022 var 260.000 nicaraguere på flukt. Dei fleste flukta til USA eller Costa Rica. Regimet har svart på kritikken med å seie at dei har gjort dette for å halde politisk stabilitet i landet.
Tildelt Fredspris
IPEN er tildelt Studentenes fredspris for sitt arbeid for retten til utdanning og akademisk fridom. Fredspriskomiteen framhevar at organisasjonen, trass i alvorlege hindringar og personleg fare, aldri har gitt opp kampen for studentane sine rettar.
– Denne prisen blir ikkje berre tildelt IPEN, men også dei studentane som er undertrykt av regimet, seier Rivera.
I sin uttalelse anerkjenner Studentenes Fredspris IPEN si innsats for å beskytte og støtte nicaraguanske studentar som er blitt forfølgde og undertrykte av regimet. Komiteen understreka at IPEN sitt arbeid viser den avgjerande rolla studentar spelar i kampen for menneskerettar og demokrati.
– Kor er IPEN om fem år, og kva er suksess for dykk?
– Dersom vi har lov til å draume, så trur eg at IPEN kan operere inne i Nicaragua i eit fritt miljø. Nicaragua har ein veldig ung befolkning, med 60 prosent under 30 år. Så vårt mål er å skape moglegheiter for dei unge generasjonane, svarar Rivera og Peña legg til:
– Suksess for oss er når IPEN har vore med å gjere Nicaragua til ein trygg stad for studentar og for ytringsfridom.
IPEN arbeider no med å utvide rekkevidda si, knyte internasjonale samarbeid og sikre fleire ressursar til eksilstudentar. I tillegg jobbar dei for at studentar som framleis er i Nicaragua skal ha moglegheit til alternativ kunnskap utanfor regimet si kontroll.
– Vi trur på ei framtid der kunnskap og fridom går hand i hand. Vi likar å seie at vi endrar landet vårt ein student om gongen, avsluttar Elthon Rivera Cruz.