Frustrert: Ein boikott kan kanskje vera eit sandkorn som bidreg til at det massive fjellet som er rusta opp til tennene skal forvitre, seier historieprofessor Trond Nordby.
Frustrert: Ein boikott kan kanskje vera eit sandkorn som bidreg til at det massive fjellet som er rusta opp til tennene skal forvitre, seier historieprofessor Trond Nordby.

Innbitt konflikt om boikott

Ei rekkje universitets- og høgskuletilsette har skrive under på at dei vil gjennomføre akademisk boikott av Israel. Leiinga ved UiO tek fullstendig avstand frå initiativet.

–⁠ Akademia spelar ei nøkkelrolle i Israel. Mange universitet er involvert i våpenindustrien og i tilegg bidreg akademia vesentleg i den ideologiske framstillinga av landet si historie, seier Tore Sivertsen, førsteamanuensis ved Norges Veterinærhøgskole og ein av initiativtakarane til nytt opprop for akademisk boikott av Israel.

Oppropet er, sidan det vart starta 13. oktober, så langt underteikna av hundre akademikarar. For å markere avstand frå Israel sin «okkupasjon og undertrykking» av palestinarane, vil dei som underteiknar avstå frå vitskapleg samarbeid med israelske forskingsmiljø.

–⁠ Men vi skal framleis prate med folk. Dersom israelske akademikarar kontaktar oss, diskuterer vi gjerne spørsmålet med dei, understrekar Sivertsen.

Vil verne fagfellar

Akademisk boikott er mykje diskutert den seinare tida. NTNU i Trondheim handsama spørsmålet på eit styremøte i november i fjor, men tok samrøystes avstand frå boikott. Ved Universitetet i Oslo (UiO) vart same spørsmålet drøfta i juni i år, men også her vart boikott avvist. No blir saka løfta på nytt, som ei grasrotkampanje for einskildakademikarar.

Rektoren ved UiO, Ole Petter Ottersen, tek klart avstand frå initiativet. Han vil ikkje forby dei tilsette å engasjere seg, men understrekar at universitetsstyret si avgjerd frå i vår står fast.

–⁠ Det sentrale er synet på boikott som instrument. Vitskaplege kommunikasjonsliner kan vera verdfulle der diplomatiske liner bryt, seier han.

Universitetsleiinga har ikkje vore offentleg ute i media og kritisert Israel, men rektoren meiner likevel at eit universitet gjerne kan spela ei slik rolle.

–⁠ Universitetet skal etter vår oppfatning ta standpunkt når akademiske verdiar som menneskerettar og ytringsfridom er truga. Det har hendt vi har gått ut med regimekritikk, men boikott at fagfellar er uansett ikkje eit godt verkemiddel, seier Ottersen.

–⁠ Boikott hindrar kunnskap

Ottersen får stønad av Hilde Henriksen Waage, professor i historie og mangeårig forskar på Midtausten-konflikten.

–⁠ Min jobb som historikar er å forklare konflikten på bakgrunn av den kunnskapen eg har, ikkje å vera politisk aktivist, seier ho.

Waage fryktar at ein boikott vil hindre viktig forskingsarbeid.

–⁠ Om tre veker skal eg til Jerusalem for å grave i israelske arkiv, og finne ut enda meir om korleis Israel nærast lurte verda under fredsforhandlingane i 1948. Den kunnskapen ville eg ikkje hatt mulegheit til å få tak i dersom det var ein akademisk boikott, seier historieprofessoren.

Benjamin Endré Larsen, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, er ein av dei som har skrive under på oppropet. Han har ikkje mykje til overs for Waage sin argumentasjon.

–⁠ Den kunnskapen vi har i dag er meir enn tilstrekkeleg til å slå fast at det trengs sterkare verkemiddel for å få slutt på konflikten, seier Larsen.

Også historieprofessor Trond Nordby er skeptisk.

–⁠ Eg kan ikkje sjå for meg at historieforsking i særleg grad kan bidra til å løyse konflikten, seier han.

Nordby er sjølv med på boikottaksjonen. Han er opprørt over Israel si handsaming av folket på Vestbreidda og Gaza-stripa og overtydd om at dialog med staten Israel ikkje vil ha nokon effekt. Nordby håpar derimot boikott kan vera eit bidrag til fred.

FN si rolle

Janne Haaland Matlary, professor statsvitskap, meiner dette er heilt feil rolle for akademia å spela. Ho karakteriserer boikott som det motsette av ytringsfridom.

–⁠ All forsking viser at boikott som verkemiddel fungerer veldig dårleg. Om nokon skal gjera det så er det statar gjennom FN sitt tryggingsråd.

Matlary peikar på at det finst ei rekkje andre regime rundt om i verda som bryt menneskerettane utan at ein vurderer boikott av desse, og at verkemiddelet heller må vera å engasjere seg i debattar.

–⁠ Skal akademikarar leike statar og ta ei politisk rolle, har dei heilt misforstått.

Janne Haaland Matlary, professor i statsvitenskap

–⁠ Skal akademikarar leike statar og ta ei politisk rolle, har dei heilt misforstått, meiner ho.

Konsensus over kamp

Leiaren i Norsk Studentorganisasjon, Anne Karine Nymoen, opplyser at hennar organisasjon ikkje har teke stilling til ein eventuell akademisk boikott av Israel. Heller ikkje Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) har noko offisielt standpunkt. Dette er ein medvite strategi for å halde studentmassen samla.

–⁠ Vi har ingen politikk på det. Det er mange motstridande meiningar, og vi må kjøre på konsensussaker for å nå breitt ut, seier leiaren i SAIH, Runar Myrnes Balto.

Farmasistipendiat Larsen reagerer på dette.

–⁠ Eg synes det er fint dei er opptekne av fred, fridom og politikk. Men greier dei ikkje å ta stilling når desse verdiane blir sett på prøve, er dei kanskje litt vel opptekne av å ikkje vera kontroversielle, meiner han.