Kritisk: Antoine de Bengy Puyvallée kritiserer regjeringa for å tilby tredje dose koronavaksine til friske, unge nordmenn når sårbare grupper i andre land fortsatt manglar fyrste dose.

Reagerer på norsk vaksinestrategi:

UiO-forskar er imot tredje dose til friske

Rike land tenkjer på Covid som ein nasjonal epidemi, ikkje ein pandemi, seier UiO-stipendiat. Helsedepartementet svarer at dei prioriterer både heime og borte.

Publisert Sist oppdatert

Andel fullvaksinerte per verdsdel

  • Sør-Amerika: 57,9
  • Europa: 57,3
  • Oseania 55,3
  • Nord-Amerika 54,6
  • Asia: 57,9
  • Afrika 7,1
  • Kilde: Our World in Data via VG

– Viss ein set booster-doser her heime, får ein ikkje fordelt dei ekstra dosane vi har kjøpt. Det betyr at fattige land verken får kjøpt eller mottatt donasjonar.

Det seier Antoine de Bengy Puyvallée til Universitas. Han er stipendiat ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo, og forskar på global helsetryggleik.

Regjeringa har vedtatt å tilby ein tredje dose, kalt booster-dose eller oppfriskningsdose av Covid 19-vaksinen til alle nordmenn over 18 år. Det blei under regjeringens pressekonferanse på tirsdag klart at dei planleggjer at heile den vaksne befolkninga skal ha fått tilbud om dette før påske.

Det har fått debatten til å rulle i Noreg. Får vi bukt med pandemien dersom vi ikkje prioriterer å vaksinere heile verda?

Les også: Får 5 millioner fra kommunen til nytt studenthus

Rike land gjorde reint bord

I Noreg er 70,8 prosent fullvaksinerte og 9,4 prosent har fått ein ekstra dose. Til samanlikning har Sør-Afrika, kor det i starten av november vart oppdaga ein ny virusmutasjon, 23,8 prosent fullvaksinerte. Heilt nederst på statistikken finner vi Burundi med 0 prosent fullvaksinerte.

Puyvallée forklarer at i løpet av våren og sommaren 2021 vart heile produksjonskapasiteten, som vil seie alle framtidige vaksinar, kjøpt opp av rike land.

– Det gjer at både fattige land og den globale solidaritetsmekanismen, Covax, som skulle hjelpe dei, ikkje får tak i vaksinedoser fordi alle går til oss.

Covax er eit globalt samarbeid som skal sørgje for vaksiner til land, som vert rekna som lav- eller mellominntektsland. Ifølgje Puyvallée har det ikkje fungert som planlagt.

– Dei rike landa har lova 1,6 milliardar dosar, men har berre levert 171 millionar. Det har vore veldig få donasjonar utifrå behovet. Covax har levert 500 millionar av dei to milliardane dei skulle levert. I tillegg vart Covax nedprioritert i vaksinekøen.

Puyvallée er også skuffa over mangelen på offentlege tal på Noregs vaksinedonasjonar.

– Offentleg informasjon er sjelden og ugjennomsiktig. Forskningsmessig er det ganske problematisk, seier han.

– Feil og usolidarisk

– Eg synest det er eit vanskeleg dilemma vi vert stilt framfor når vi får tilbod om ein tredje dose. Rett og slett fordi vaksinen per i dag er veldig skeivfordelt, seier Sandra Skiaker.

– Det handlar om at ein i utgangspunktet har valt ein modell, som skapar ein urettferdigheit, og som legg pengar og egoisme til grunn

Sandra Skiaker, student

Ho meiner at distribusjonen av koronavaksinen er urettferdig, noko ho uttrykte i ein kronikk i Klassekampen 16. november. Skiaker har en bachelorgrad i samfunnsgeografi frå UiO, og studerer no ved NTNU.

– Sjølvsagt ser ein at det er anbefalt at vi får ein oppfriskningsdose, men dette er ein global pandemi som ikkje er over før den er over i heile verda.

Ifølgje Skiaker er det fordelingssystemet som er problemet.

– Det handlar om at ein i utgangspunktet har valt ein modell som skapar ein urettferdigheit, og som legg pengar og egoisme til grunn. Det meiner eg er feil og usolidarisk.

Les også: Ingen økning i studiestøtten i budsjettforliket: – De holder studentene for narr

Pandemi, ikkje epidemi

Tidlegare såg Skiaker optimistisk på vaksineringa globalt.

– Eg tenkte at akkurat her så er ingen tent med at ein unngår å vaksinere alle, men likevel ser ein at ein har vald ein egoistisk politikk.

Ho meiner at dette er interessant å merke seg, men ikkje overraskande.

Stipendiat Puyvallée stemmer i.

– Rike land tenkjer på covid som ein nasjonal epidemi, ikkje som ein pandemi, som rammar heile verda.

«Hva skal eg svare når jeg får tilbud om ein tredje dose? Personlig ville jeg foretrukket at den hadde blitt gitt et helt annet sted i verden», skriver Skiaker i sin kronikk.

Men om du er frista til å seie nei til tilbodet om ein tredje dose med håp om at den vert brukt andre plassar i verda, kan Puyvallée melde om at det ikkje er heilt slik det fungerer.

– Noreg har veldig mange dosar lagra i frysarar, og jo meir vi får til Noreg, jo vanskelegare er det å donere dei vidare.

Puyvallée meinar at personar i risikogruppa heilt klart trenger den tredje dosen no, og at det sannsynlegvis vil bli behov for ein tredje dose for alle i framtida.

– Men i likskap med Verdens Helseorganisasjon er eg imot at vi setter ein tredje dose akkurat no i armane på unge, friske menn og kvinner, som meg, som foreløpig er godt beskytta.

– Noreg har veldig mange dosar lagra i frysarar, og jo meir vi får til Noreg, jo vanskelegare er det å donere dei vidare.

Antoine de Bengy Puyvallée, stipendiat ved UiO

Prioriterar eigen befolkning

Statssekretær i helsedepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt forklarer på e-post til Universitas at vi har god tilgang på vaksinar framover, og at Noreg bidrar til at stadig fleire på verdsbasis kan verte vaksinert.

«Samlet vil Norge bidra med mer enn 30 millioner covid-19 vaksinedoser til det internasjonale arbeidet», skriv han.

Ifølgje Bjørkholt handlar det om prioriteringar.

«Vi må både beskytte vår eigen befolkning og jobbe for global tilgang til vaksiner ved å vere ein pådrivar internasjonalt for vaksinedonasjon», skriv han.

At Noreg bør prioritere Noregs befolkning, er eit argument Sandra Skiaker ikkje kjøper.

– Eg synes ikkje dette handlar om enkeltstatar for seg sjølv, det handlar heller om eit globalt verdssamfunn som vi er ein del av.

Ho anerkjenner at Noregs vaksinesamarbeid til dels har gitt positive resultat.

– Men det er langt ifrå godt nok når ikkje foreldre og besteforeldre og menneske som er sårbare, spesielt i land i sør, ikkje har fått tilbod om sin fyrste dose ein gong, seier ho.

Les også: 1 av 3 studenter vil stemme på SV eller Rødt

Powered by Labrador CMS