I aksjon: Margit Røed Taxerås er SiOs nye psykomotoriske fysioterapeut. Her demonstrerer hun noen av behandlingsmetodene sine.

SiO fekk 1,5 millionar kroner til av kommunen:

Bruker midla på noko få har hørt om

SiO prioriterte lønning til ein psykomotorisk fysio- terapeut. Men kva gjer ein psykomotorisk fysiote- rapeut? Og hjelper det?

Publisert Sist oppdatert

Psykomotorisk fysioterapi

  • Ein behandlingsmetode som byggjer på at det er ein samanheng mellom livet som levast og korleis dette kan uttrykkast kroppsleg.
  • Utvikla rundt 1950 av fysioterapeuten Aadel Bülow Hansen og psykiataren Trygve Braatøy
  • Behandlinga består av ulike massasjegrep som kan fremje endring i pustemåte og gi avspenning av muskulatur, samt rørsler og øvingar.
  • Pasientar som behandlast kan ha generelle muskelplagar, langvarige smertetilstandar, eteforstyrringar, svimmelheit, hovudpine eller lettare psykiske lidingar.
  • Kjelde: Store medisinske leksikon

– Eg merkar at dei vanlege rutinane til studentane har vore borte ei stund. Det har nok vore mykje einsemd og isolasjon.

Margit Røed Taxerås rullar på ein taggete ball, eit verktøy ho ofte nyttar i behandlinga av pasientar, medan ho snakkar.

– No tek mange opp dei aktivitetane dei la frå seg da pandemien stod på som verst, men nokon vart kanskje verande i einsemda, seier ho.

Me møter Taxerås på kontoret på SiO Helse på Blindern, kor ho flytta inn for kort tid sia. Taxerås er utdanna psykomotorisk fysioterapeut, og har nyleg blitt fast tilsett hos SiO. Tilsetjinga samanfell med at byrådet i Oslo gav 1,5 millionar i koronamiddel til studentsamskipnaden, i tillegg til det dei vart tildelt i det opprinnelege budsjettet. Penga blir blant anna nytta til å betale Taxerås’ lønn.

Kroppen i fokus

Tilbodet om psykomotorisk fysioterapi er likevel ikkje nytt. Det har vore to psykomotoriske stillingar hos SiO dei siste ni åra, men då via eksterne tilbydarar, eller kun med deltidstilsetjing.

Taxerås fortel at den psykomotoriske retninga innan fysioterapi går ut på ei heilskapleg tilnærming med vekt på korleis tankar og kjensler kjem til uttrykk i kroppen.

– Det er kroppen som er i fokus. I timane samtalar vi òg om korleis ein har det, korleis livet er og kva ein har stått i av belastningar, forklarer Taxerås.

Tilbodet kan nyttast for seg sjølv, men er òg meint som eit tillegg til anna behandling hos SiO. Taxerås jobbar mellom anna med å hjølpe pasientane finne ro i kroppen, pusteteknikkar og andre ting som kan supplere kognitive teknikkar. Ho fortel at dei fleste pasientane blir tilvist frå fastlege i SiO, men at alle kan komme til ein psykomotorisk fysioterapeut om dei har behov:

– Om ein kjenner på kroppslege plagar som ein ser i samanheng med kvardagslivet og stress, kjem ein gjerne til oss.

Positiv til psykomotorikk

Kari Anne Indredavik Evensen, som er professor ved fakultetet for helsevitskap ved Oslomet, er positiv til SiO sitt val om å tilsette ein psykomotorikar. Samanlikna med ein psykolog trur ho psykomotorikaren også har mange positive sider:

– Eg trur psykomotorikaren er rett på sin plass. Fordi psyke og somatikk heng saman og ikkje er delt, slik ein trudde tradisjonelt, så tenkjer eg at det er veldig bra at det er ein psykomotorikar som integrerer det kroppslege med det psykiske, forklarer Evensen.

Ein psykomotorisk fysioterapeut for studentar er ei fin forlenging av helsestasjonstenesta for skuleborn, meiner Evensen. Der har fysioterapeutar ein naturleg plass i eit tverrfagleg team saman med andre yrkesgrupper. Ho trur difor ein psykomotorikar kan vere til hjelp for studentar som vel å ta denne i bruk.

– Det kjem an på korleis det blir brukt og korleis psykomotorikaren har tenkt å gjere jobben, sjølvsagt. Men i utgangspunktet bør det vere bra, avsluttar Evensen.

Les også: BI avlyste alle skole­ek­sa­mener – Oslomet og UiO gjen­nom­fører

Viktig tilbod

I november har dei to psykomotoriske fysioterapeutane hjå SiO hatt 20 henvisningar. Ventetida på å få time er på om lag 3-4 veker. Behovet for mental helsehjelp har sidan 2020 skote i vêret.

– Shot-undersøkinga har vore tydeleg på at dei omfattande restriksjonane vi har hatt i Oslo har vore ei kjempebelastning for studentane. Vi har aldri sett så alvorlege psykisk helse-tal som rapportert frå studentane på undersøkinga som gjekk i vår, seier Trond Morten Trondsen, direktør i SiO Helse.

Han meiner at ein psykomotorisk fysioterapeut er eit godt tilbod for studentane no som landet opnar att.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Eit godt tilbod: Trond Morten Trondsen, direktør i SiO Helse, meiner ein psykomotorisk fysioterapeut er eit viktig tilbod for studenter. Han viser til Shot-undersøkinga, som peiker i feil retning for studentar si psykiske helse.

– Det utfordringsbiletet som Shot gir, må vi håndtere på mange måtar. For dei psykiske helseplagane som set seg i kroppen, og som mange studentar opplever, er nettopp det å kome til ein psykomotorisk fysioterapeut – kor ein lærar å kjenne sin eigen kropp, og lærer avspenningsøvelsar – eit veldig godt tilbod.

Trondsen forklarer at SiO har hatt ein langvarig dialog med Oslo kommune, der dei har uttrykt ønskje om å få ein eigen heimel for ein psykomotorisk fysioterapeut, som kommunen i år valte å gi som kronebeløp i staden.

– Beløpet frå byrådet har vorte brukt til å styrke mengda konsultasjonar, og det psykiske helsetilbodet generelt. Pengane har vorte brukt i den same avdelinga, men det er nokon teknikalitetar når det gjeld korleis vi heilt spesifikt har brukt pengane, forklarar Trondsen.

Usikre middel

Tilsetjingane er med anna ord ledd i ein større satsning på psykisk helse. SiO har kunnet tilby eit meir heilhetlig tenesteutvalg fordi dei har fått meir å rutte med, fortel Trondsen.

– Kva har det å seie om dei øremerka midla forsvinn frå kommunebudsjettet etter pandemien, og de er tilbake til budsjettet de hadde før korona?

– Det vil jo vere ei utfordring for oss om vi mister middel. Vi ser at vi har ein stor pågang av studentar som ber om hjelp hjå oss, og det er klart at vi er heilt avhengige av dei finansieringskjeldene som vi har for å opprettholde tilbodet, seier Trondsen.

Trondsen kan ikkje svare på om tiltaket vil prioriterast, dersom Oslo kommune kuttar i støtten.

Les også: Bygger over 400 nye student­bo­liger på Sogn

Powered by Labrador CMS