Oppgitt: Elise Sandvik går ut mot Plan Norge: - Skapar ei skilje mellom oss og dei

Meiner TV-aksjonen skaper fordommar:

– Kampanjen var måla i fordommar og lite kunnskap

Elise Sandvik (20) meiner måten Plan framstiller barneekteskap kan vere skadeleg heller enn til hjelp.

Publisert Sist oppdatert

Ein oktoberkveld i året samlest familiar over heile Noreg seg framfor skjermen for å sjå TV-aksjonen arrangert av NRK. I år blei rekordar slått; heile 243,3 millionar vart samla inn, og pengane gjekk til Plan Internasjonal Norge sitt arbeid mot barneekteskap. Men dette har skapt reaksjonar blant enkelte. Deriblant Elise Sandvik.

Kritisk mot Plan

Sandvik studerer utviklingsstudium ved OsloMet, og seier ho reagerer på NRK sitt val av bistandsorganisasjon. Ho seier ho fyrst reagerte når ho såg reklamen for årets TV-aksjon på Jernbanetorget:

– Då gjekk det eit sukk i meg, mest fordi eg såg det var Plan Norge som hadde han. Eg kan ein del om Plan Norge frå før og korleis dei jobbar, og dei har jo vorte kritisert på ein del kampanjar frå før, spesielt for dei som speler på stereotypiar. Så med ein gong eg såg det, vart eg veldig nysgjerrig, fortel ho over telefon til Universitas.

Sandvik fortel vidare at ho ikkje tok heilt opp debatten før ho såg eit innlegg forfattar og samfunnsdebattant Guro Sibeko hadde skrive på Facebook. Då kjende ho noko krible i seg. Ho sette seg ned framfor tastaturet for å skrive eit innlegg til Aftenposten Si ; D.

– Eg kjende meg mest metta på dei stereotypiane, for nesten heile kampanjen var måla i fordommar og lite kunnskap til folket, seier ho.

Les også: Studenter i Eswatini vil kaste kongen: –⁠ Helt uprovosert begynte de å skyte etter oss

— Skadeleg

Sandvik fortel at ho synest kampanjen til Plan Norge laga eit lite nyansert bilete. Ho har lært om bistand gjennom studiet sitt, og fortel at ho reagerer på korleis pengane som er samla inn, skal brukast.

– Folk giftar ikkje bort borna sine fordi dei har lyst, dei gjer det fordi dei må

Elise Sandvik, student

– Det at dei fokuserer på opplæring for både eldre og unge om barneekteskap og at det er forboden, og om likestilling og slik, lik dei skal styrke lovverket blir feil, meiner ho og fortset:

– Gjennom opplæring blir tankegangen at dei ikkje veit at barneekteskap ikkje er greitt, at dei ikkje er for likestilling og slik, då blir det jo den førestillinga om at dei gjer det berre fordi dei er slemme og ikkje respekterer kvinners rettar, og det skaper jo ei skilje mellom oss og dei, og eit veldig negativt syn som vi har på dei, som er skadeleg, seier Sandvik.

Sandvik reagerer også på at Plan Norge og andre bistandsorganisasjonar ikkje tek ta i rota på problemet som er fattigdom. Her legg ho fram at dei ønskjer å sjå resultat, og da blir det få langsiktige løysingar.

– Folk giftar ikkje bort borna sine fordi dei har lyst, folk sett ikkje borna sine i arbeid fordi dei har lyst, dei gjer det fordi dei må, seier Sandvik.

Sandvik trur samarbeid med lokale myndigheiter, sivilsamfunnet og næringslivet er viktig, fordi vi må anerkjenne at det ikkje er vi som har løysinga, men dei. Ho nemnar også mikrolån som ein del av løysinga, fordi det kan hjelpe lokalbefolkninga til å starte eigne bedrifter.

Opnar opp for diskusjon

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er ein bistands- og kampanjeorganisasjon som jobbar for retten til høgare utdanning og akademisk fridom internasjonalt.

Dei vil ikkje rette kritikk mot Plan Norge, fordi dei ikkje kjenner alle sidene ved deira arbeid godt nok, men uttaler seg om kva dei meiner er riktig generelt:

–Vi trur ikkje problemet er at ein bruker humor, men korleis ein gjer det

Hector Ulloa, Leiar i SAIH

«Generelt meiner vi det er viktig å jobbe i partnarskap med lokalt sivilsamfunn — lokale organisasjonar og institusjonar — som veit kor skoen trykkjer og på ein måte som gjer at ein også bidreg til at sivilsamfunnet lokalt styrkast. Det er eit grunnleggjande element i vårt arbeid», seier Hector Ulloa, leiar i SAIH, i ein e-post til Universitas.

Vidare fortel Ulloa at SAIH ønskjer debatten om korleis TV-aksjonen kommuniserer særleg velkomen. Sjølv har dei jobba i mange år med kampanjen Radi-aid, som tok opp bistandskommunikasjon og stereotypiar.

– Vi trur ikkje problemet er at ein bruker humor, men korleis ein gjer det. P3-aksjonen framstår absurd for einkvan som ikkje pleier å høyre på P3, men det er ikkje ein humor som går på kostnad av barnebruder, all den tid tema for aksjonen knapt nemnast i den flata, seier Ulloa.

Les også: Akademisk ytrings­frihet under lupen

Bra med lokale journalistar

Dei meiner det også er grunn til å gi ros til årets sending.

– Det var ingen tilfelle, så vidt vi fanga opp, av kjendisar frå Noreg som var sendte for å intervjue barnebrudar i Nepal eller Niger, seier Ulloa og legg til:

– Vi tenkjer det er eit steg i riktig retning og håper trenden med å heller late lokale journalistar, som kan språket og kulturen, leggje til rette for at hovudpersonane får fortalt sine historier på ein verdig måte, varer òg etter at pandemiens reiseavgrensingar er oppheva, seier Ulloa.

Det er også Lars Gule, som er fyrsteamanuensis og fagleg leiar i utviklingsstudiar ved Oslomet, einig i. Han seier sjølv han ikkje har følgt med på årets TV-aksjon, men har fått med seg innhaldet og kritikken.

– Det er plussar og minus, ting endrar seg over tid, spørsmålet er om TV-aksjonen har endra seg tilstrekkeleg i lyset av det dei faktisk veit om bistandens mange sider, for han har altså ikkje berre ei udelt positiv side, seier Gule.

Han legg fram på eit overordna plan at bistand ofte er ein udelt velsigning, der ein kan seie at innsamlingar som TV-aksjonen heng etter, fordi det der handlar om å tene mest mogleg pengar for konkrete prosjekt, men må kome med forenkla prosjektframstillingar for å enkelt formidle disse til folk. Det blir med det ikkje lagt vekt på dei utfordrande og problematiske sidene ved prosjekta, mellom anna om korleis kulturar blir påverka og endra, og korleis maktførehald kan bli forskyvne.

Han legg likevel ved skryt av at NRK har brukt lokale journalistar for å snakke med befolkninga, og håper dette er eit framsteg som blir verande.

Utdatert system: Lars Gule seier bistand har mange sider ved seg, men at han meiner TV-aksjonen heng etter.

Humor mot medkjensle

Det er ikkje berre Sandvik og Sibeko som har vore kritisk til TV-aksjonen. Anne Håskoll-Haugen kom med eit innlegg i Bistandsaktuelt kor ho kritiserer NRK for gjennomføringa deira, og anklagar dei for å leggje «alle journalistiske prinsipper til side for å ta over jobben som polert markedsføringskontor for årets utvalgte organisasjon». Ho var også på Dagsnytt 18 saman med Charlo Halvorsen, underhaldningsredaktør i NRK.

På mail til Universitas opplyser Halvorsen at han ikkje ønskjer å kommentere på kritikken Sandvik har gitt om bistanden, men vil halde seg til sjølve aksjonen som NRK er ansvarlege for.

– TV-programmet søndag kveld og P3-aksjonen har to hovudmål — der det å skaffe pengar til gode formål er det viktigaste, skriver Halvorsen.

Han legg fram at det er nesten like viktig for dei å informere om målet for årets aksjon. Difor har dei ei sending på NRK1 og ei 100 timer lang sending på P3. Deira mål er å treffe så mange som mogleg gjennom sendinga si på NRK1 ved eit bredt tv-program som gir flest mogleg folk informasjon om saka, og ikkje minst gir dei lyst til å bidra.

– Difor bruker vi grep frå underhaldnings-tv om ein elles veldig alvorleg sak. Vi er fullt innforstått med at det kan vere ein vanskeleg balansegang mellom underhaldning og menneskeleg tragedie — men vi har samtidig stor tru på at publikum skjønner intensjonen vår. Humor treng ikkje stå i vegen for ektefølt engasjement og medkjensle, avsluttar Halvorsen.

Formidlar historiar

Eilif Swensen, kommunikasjonssjef hos Plan Internasjonal Norge, svarar på mail til Universitas at han synest det er grove skuldingar i denne debatten, og seier at ein av deira grunnprinsipp er at dei alltid skal kommunisere med verdigheit og respekt.

– Vi ønskjer også at folk skal fortelja sine eigne historier. Vi har difor blant anna hatt ein lokal reportar i Malawi som har prata om problemstillinga, det er lokale som har stått for filminga til NRKs sending og vi har gjennom heile prosessen vore i tett dialog med Plans tilsette i Niger, Mali, Malawi, Nepal og Bangladesh og med lokalsamfunna der Plan er til stades. Plan er ein internasjonal bistandsorganisasjon som er til stades i over 50 i-land – og dei aller fleste av våre tilsette har lokal tilknyting. Det sikrar føreseielegheit i nærvær over tid, at vi kjennar behova og at vi kjennar konteksten i områda vi jobbar i, skriv Swensen.

Han legg vekt på at dei er opptatt av å formidle viktige historier om barneekteskap, men at dei sjølvsagt også ønskjer å engasjere, noko Swensen vil seie dei har fått til med tanke på årets resultat. Dei er også glade for at fleire har fått meir kunnskap og lært om kor utbreitt barneekteskap er i verdssamanhengen, blant anna gjennom eit eiga undervisningsopplegg for barneskulen.

– Vi har strenge retningslinjer som skal ivareta barna vi jobbar med, også når vi formidlar deira historier. Vi er dessutan opptatt av heilheita i vår kommunikasjon og har brukt mykje tid på å formidle kompleksiteten rundt barneekteskap, seier Swensen.

Les også: Klimademonstrasjoner verden over: Studenter er lei av tomme løfter

Kjennar seg ikkje att

Swensen påpeikar at det Sandvik skildrar er den faktiske arbeidsmetoden til Plan. Han seier dei alltid har vore tydelege på at fattigdom er ein av hovudårsakane til barneekteskap og at arbeidet mot barneekteskap må gjerast i samarbeid med lokalsamfunnet og lokalt tilsette. I tillegg til å gi jenter diverse relevant opplæring skal Plan også sørge for mikrofinansiering og økonomisk støtte til familiar.

– Grunnpilaren i Plans arbeid er lokal nærvær. Vi jobbar i over 55.000 lokalsamfunn, med lokalt tilsette og lokale partnarar som snakkar språket og veit kvar behova er størst. Våre prosjekter utarbeidast i samråd med lokalbefolkninga og tek utgangspunkt i dei behova folk har. Og vi er tilstade over lang tid, seier Swensen.

Han fortel at kampen mot fattigdom er kompleks og har ingen enkel løysing, men å sørge for at jenter fullførar utdanninga si og får moglegheit til å tene eigne pengar er viktige tiltak mot fattigdom og barneekteskap.

– Vi har gjentekne gongar repetert at dei viktigaste årsakene til barneekteskap er fattigdom, svakt lovverk og manglande likestilling. Likt har vi gjentatt at utrydding krevjar ein heilskapleg innsats, og at vi blant anna skal jobbe med utdanning, yrkesopplæring, haldningar og lovverk. Det er difor vanskeleg for oss å kjenne oss igjen i påstandar om at vi “berre” skal jobbe med haldningskampanjar eller at vi ikkje forstår kor viktig fattigdom er som en årsak til at barneekteskap fortsatt eksisterer, avsluttar Swensen.

Powered by Labrador CMS