Glad instituttleiar: – Eg vil nødig ha fleire pandemiar, men for instituttøkonomien på kort sikt har det vore gunstig, seier instituttleiar Tor Egil Førland.

Institutt var 15 millioner i underskot:

Redda av pandemien og studiepoeng

UiOs exphil-institutt var nær konkurs. Så kom, nokså uventet, pandemien til økonomisk unnsetning.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste av oss vart negativt påverka av koronapandemien; den drog med seg psykiske plager, einsemd og økonomiske problem. Nokon som derimot hadde godt av pandemiåret, var Instituttet for filosofi, idéhistorie, og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) ved Univeristetet i Oslo.

– Eg vil nødig ha fleire pandemiar, men for instituttøkonomien på kort sikt har det vore gunstig. IFIKK har vorte redda av tre ting: pandemien, studentane og eksterne forskingsmiddel som dei tilsette har skaffa frå Forskningsrådet og EU, seier instituttleiar Tor Egil Førland.

Dystre tal for IFIKK

Før pandemien sleit IFIKK med dårleg økonomi. Femårsprognosen instituttet opererer med hadde dystre tal; instituttet kom til å gå fleire titals millionar i meirforbruk.

– IFIKK kom til å bruke fleire titals millionar meir enn det ein fekk inn, og saldoen til instituttet var på ein stad på omlag 15 millionar i «underskot», som vi kan velje å kalle det, forklarar instituttleiaren når vi er på besøk på kontoret hans i Georg Morgenstiernes hus.

Vidare fortel han at instituttet på slutten av 2010-talet hadde brukt ein god del meir pengar enn det hadde tent, og alt tyda på at det kom til å bruke enda fleire pengar i åra framover. Dette biletet vart brått snudd i løpet av koronapandemien.

Tre faktorar

Førland fortel at det er fleir faktorar som spelte inn negativt på økonomien til instituttet før koronapandemien starta i mars 2020.

– Ein hovudgrunn var at færre studentar tok eksamen enn det IFIKK hadde rekna med. Den andre faktoren er at instituttet fekk færre eksterne forskingsmiddel enn ein hadde trudd. Den siste tingen som også høyrer med her, er at instituttet tilsette fleire folk enn det hadde tenkt å gjere. Det gjorde at lønnsutgiftene auka.

Les også: Slik ser det nye studenthuset ut

Sparte pengar på tapte arrangement

Likt som økonomien gjekk mot det negative på både inntekt- og kostnadssida, måtte IFIKK avlyse fleire små arrangement når pandemien slo inn. Frøland er klar på at dei vil ta att så mange som mogleg av desse i 2022.

– Folk har ikkje kunna arrangert workshops og seminar, og ein del av den typen aktiviteter vil ein prøve å ta att med ein stor aktivitet neste år, også er det ein del ting du ikkje vil ta igjen. Til dømes er ei årleg konferanse som vart avlyst i fjor borte for alltid.

Desse arrangementa hadde likevel ein positiv side ved seg; dei hjelpte IFIKK å spare pengar på kort sikt. Førland viser til at likt som dei spara på alle dei avlyste arrangementa, tente dei også på studiepoeng og forskingsinntekter som før var fallande.

– Alle institutt lev i hovudsak av det studentane gjer hos oss, nemleg å ta eksamenar. Fleire studentar enn vi hadde venta, tok eksamenar på IFIKK dei siste tre åra.

Ved at fleire studentar tek eksamenar ved IFIKK fekk dei ein stigande studieprogresjon frå 2017 til 2020. Inntektene på Det humanistiske fakultet fordelast slik at institutta får pengar ut frå dei siste fire åras studiepoeng, og dermed ber institutta aukingar med seg vidare. Desse speler ei viktig rolle i budsjetteringa.

I tillegg til å spare pengar på arrangement og tene pengar gjennom studentar som tok eksamen, har også IFIKK tent pengar på tilsette ved instituttet som har fått meir eksterne forskingsmiddel enn det dei trudde.

Les også: Kristne studenter uenige om sexmetaforer

Ikkje bekymra

– Vi har ikkje budsjettert med at pandemien skal fortsette, men vi er ikkje bekymra for at pandemien er slutt; tvert imot, vi er jo glade for at den er slutt, og fryktar ikkje dei økonomiske verknadene av den, seier Førland.

For eitt år sidan hadde IFIKK utsikta til å gå mykje i minus, men nå har vinden snudd, og det ser ut til at instituttet kan klare å gå i pluss. Førland legg likevel vekt på at målet ikkje er å gå i pluss, men å gå i balanse.

– Vi er ikkje interesserte i å gå i pluss, for det betyr at vi kunne gjort meir enn vi faktisk gjer, og det er vi ikkje interessert i. Vi er ikkje interesserte i å tene mest mogleg pengar, vi er interesserte i å gjere mest mogleg, men fortrinnsvis for eigne pengar og ikkje andre sine.

Så sjølv om pandemiåret var kjipt for dei fleste, førte det til ein viktig økonomisk snuoperasjon for IFIKK. Førland vil påstå at krisa instituttet var inne i nå er over, men at det samtidig er viktig at dei ikkje tek heilt av og at dei passar på å halde forbruket nede, fordi dei ikkje har nokon garanti som kan redde dei. Dei må difor vere strenge med budsjetta sine, legg han til med eit smil.

Powered by Labrador CMS