Mangler folk: Totalt no er Uglebo under 20 frivillige, dei skulle helst ha vore tre gonger så mykje, opp mot 60.

Nedgangstider for studentpubane

– Dei nye studentane veit ikkje at me finst

Gjenopninga av samfunnet skulle ha vore ei stor feiring for studentane, men dessverre blei det ikkje slik for alle. Studentpubane i Oslo slit etter over eit år med restriksjonar.

Publisert Sist oppdatert

Utanfor Uglebo studentpub på Blindern stod det ein gjeng studentar klare for helg og fredagspils førre veke. Vonbroten var derfor stor når dei fekk beskjed om at Uglebo ikkje held ope den helga. Dei har ikkje nok frivillige.

– Det er trist, for å vere ærleg. Vi skulle ha opna om 45 minutt om vi hadde hatt nok frivillige. Men det har vi ikkje, seier styreleiar Asa-Jane Stuart-Campbell.

Fortvilinga er stor. Dei er ikkje permanent stengt, men prøver så godt dei kan å halde ope kvar fredag. Det er ikkje alltid dei får det til.

Lite nattaktivtet på Uglebo

Uglebo har mista eit heilt år med potensielle kundar og frivillige. Mange studentar i dag kjenner berre til koronatilstandane og veit ikkje om at det ligg ein studentpub i kjellaren til Sophus Bugges hus på Blindern.

Stuart-Campbell synest det er vanskeleg å nå ut til nye studentane. Uglebo er den einaste studentpuben på Det humanistiske fakultet, så det skulle vore raust med studentar her, meiner ho.

– Dei nye studentane veit ikkje at vi finst, for dei har ikkje vore her. Vi treng dei, men dei veit ikkje at vi treng dei.

No er dei rundt 15 frivillige. Dei burde vore minst 25, men ideelt over 60. Då kan dei halde ope kvar veke, og dei frivillige kan rullere på vaktene.

Ho fortel at da ho starta hjå studentpuben, var det så fullt i lokalet at ein berre måtte sette seg med det bordet der var ledig. Det var ofte rundt 40 til 50 studentar her. Slik vart ho kjent med mange nye studentar.

– Eg er veldig sjenert, så det var ein fin måte å bli kjent med mange nye menneske, seier ho.

– Dei nye studentane veit ikkje at me finnast, for dei har ikkje vore her

Asa-Jane Stuart-Campbell, styreleiar Uglebo

Følte seg heime

Stuart-Campbell flytta til Noreg frå Australia då ho var 19 år. Utanfor studiet var det vanskeleg å finne ein vennekrets, men det har ho funne på Uglebo. Dei frivillige på Uglebo er ein sosial gjeng. Dei står ikkje berre i baren, men drar òg på hyttetur, på tur med danskebåten og har eigne festar.

– Det er ein stad å vera der du kan føla deg heime. Ein stad på universitetet der du kan vere deg sjølv og sutre om du vil. Folk forstår, seier ho.

Hausten 2019 blei ho kjent med Raymar Hassani, som starta som frivillig hjå Uglebo. Han tek to bachelorstudium samtidig, men sjølv mellom Midtausten- og religionsvitenskapstudia finn han tid til å arbeida som frivillig hjå Uglebo. Han synes det er viktig å ta seg tid til å vere sosial mellom all lesinga.

– Det er det sosiale miljøet og menneska eg møter som gjer det frivillige arbeidet så hyggjeleg. Uglebo er ein sosial plass kor ein kan bli kjent med nye studentar, seier han.

Han fortel at før korona var det eit sosialt miljø med mange internasjonale studentar òg.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Skapar eit miljø: Raymar Hassani og Asa-Jane Stuart-Campbell ser store fordelar ved å jobba i frivillig i studentbar. Nå frykter dei underskot av frivillige.

Hassani beskriv dei som jobbar på Uglebo som veldig hyggjelege, easy-going og fine å vere med. Han synest det er viktig å bidra og hjelpe som frivillig på ein studentdrevet stad. Og så er det mange fordelar med å jobbe hjå Uglebo.

– Ein får gratis kaffe og te heile semesteret, og så er det mange interne sosiale kveldar for dei tilsette. Det er hangout-kveldar, filmvisingar og brettspillkveldar, fortel han.

Han synes det er synd at Uglebo ikkje er som det var før korona, og håper fleire frivillige melder seg, så dei kan opne opp den vanlege drifta. Han synest det er ein viktig plass og eit viktig samlingspunkt for studentar.

– Uglebo er ein stad ein berre kan vere og slappe av og sitte å lese, eller vere med på store arrangement som til dømes Halloween-fest, avsluttar Hassani.

Merker effekten av nedstengning

På Samfunnet Bislet er òg alt arbeid frivillig. I heile førre skuleår valte dei å halde kjellarpuben stengt. Dei hadde nokre få arrangement som til dømes konsertar, humorshow og kviss over nett. Bemanninga deira har ikkje blitt like amputert som hjå Uglebo, men dagleg leiar Eirin Kornelia Gjerding Østensen seier dei har færre frivillige no enn før pandemien.

– Til vanleg har me ein stad mellom 150 og 200 frivillige. Det er behageleg for oss alle. Alle frivillige kan jobbe så mykje dei vil hjå oss, ein skriv seg opp for å jobba når ein sjølv vil det. No har vi 50 til 60 frivillige som er aktive og tek vakter, seier ho.

Mange av dei frivillige er ferdige å studere. Av dei som står igjen er det mange av dei same frivillige som går igjen, for å fylla dei 29 vaktene i veka.

Ho innrømmer likevel at det har vore vanskeleg å starte opp att. Under koronaåret mista dei eit heilt år med hardtarbeidande rekruttering, og andreklassingane får først no moglegheita til å besøke baren for fyrste gong.

– Vi opna til fadderveka i år. Skal eg vere ærleg, så var det trangt. Men vi er heldige som har mange frivillige, seier ho.

Endeleg opent: På Samfunnet Bislet lagar dei koselig stemning med over 200 meter med lys.

Gode på rekruttering

Østensen meiner at det hjelper at puben igjen er open, og seier at dei har ein tendens til å få nye frivillige som kjem inn frå starten av semesteret. Ho seier dei er flinke på å rekruttere nye når dei er gjest i kjellaren, som no held open frå onsdag til fredag kvar veke.

– Det pleier stort sett å vere at dei kjem hit. Vi er flinke til å rekruttere når dei er her, og så er det òg foreningsdagane, seier ho.

Ho føler dei har greidd å bygge opp det sosiale igjen. Samfunnet Bislet kan friste med frivillig-gode og sosiale hendingar som hytteturar, julebord og eitt internt arrangement i månaden.

– Me er flinke til å rekruttera når dei er her, så er det òg foreningsdagane @sitatbylinel: Eirin Kornelia Gjerding Østensen, dagleg leiar Samfunnet Bislet

Har ikkje gitt opp

Uglebo klarer ikkje å rekruttere på same måte, då dei er så få at dei ikkje har moglegheit til å halde ope. Dei mistar kundane når det er vanskeleg for dei å vite når Uglebo held ope. Stuart-Campbell håper det blir lettare å få nye frivillige no som gjenopninga er eit faktum.

Sjølv kombinerer ho Uglebo med ein master i Europastudier.

– Går det greit å kombinere master og jobben som frivillig hjå Uglebo?

– Nei, nett no er det veldig tungt. Vi treng fleire frivillige.

Stuart-Campbell seier at ho bruker rundt 20 timar på Uglebo i veka.

– Kor mykje er det forvente at ein frivillig kan jobbe?

– 3 ganger i løpet av semesteret. 6 til 12 timer i løpet av heile semesteret.

– Men ein kan jobbe her kver dag om ein vil det?

– Ja, det er opp til kvar enkelt. Men det er ikkje forventa. Vi kan ikkje forvente at folk jobbar seg i hel når det er frivillig.

Det tok ei stund før ho sjølv fann Uglebo, men då ho gjorde det, skjønte ho at dette var plassen for henne. Nå håper ho at fleire finn vegen til den koselege kjellarpuben, så det igjen kan verte liv der. Stuart-Campbell ønskjer at Uglebo kan vere eit hyggjeleg og sosialt tilskot i studentane sin kvardag. Ho håper ho får det til.

– Eg håper verkeleg det, at vi kan ha fleire opne kveldar for å få folk inn. Vi må vera meir kreative og prøve å kome over den kneika av å vere så demotivert. Å ikkje få det til gjer vondt, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS