Usikker på framtida: Johan Holm studerer geologi ved UiO og er bekymra for at ei petroleumsretta utdanning kjem til å verte irrelevant innan eit par tiår.

– Eg trur geologistudentar er mest bekymra for at ein går inn i ein slags døyande bransje

Oljebransjen lover trygge, gode jobbar med millionlønn i fleire tiår framover. Men studentar er usikre på om dei vil velje ein jobb i olja.

Publisert Sist oppdatert

– Studentar er kjempebekymra for kva dei skal bli og utdanninga skal gje dei ein jobb, naturleg nok, gjeve kostnadsnivået i samfunnet

Dag Arild Karlsen, geologiprofessor

Oljespørsmålet vart høgst diskutert i årets stortingsval. Frontane mellom dei ulike partia er steile. På den eine sida har ein MDG som meiner Noreg må slutte med all olje- og gassproduksjon innan 2035, mens på andre sida har ein Frp som meiner norsk olje- og gassproduksjon leier til globale utslippskutt.

– Eg trur vi må venne oss av oljebransjen etter kvart, men eg synest nokon parti er for radikale i avviklinga. Samtidig meiner eg kanskje at nokon er for lite villige til å fase ut, seier Johan Holm som går siste året på ein bachelor i geologi på Blindern.

Universitas treffer ham rett etter ei forelesning. Dette semesteret har han valt båe miljøgeologi og petroleumsfag.

– Båe er veldig interessante, men båe er motstridande. Eg har ikkje bestemt meg for kva for ei retning eg vil gå.

– Eg trur vi må venne oss av oljebransjen etter kvart, men eg synest nokon parti er for radikale i avviklinga

Johan Holm, geologistudent

Døyande bransje?

Tidlegare i år foreslo MDG at Noreg burde leggje ned all oljeutdanning fordi dei visstnok «utdannar folk til arbeidsløyse». Dei meiner det er «uansvarleg» med omsyn til nyutdanna studentar som vil være yrkesaktive langt inn i 2070-talet.

– Eg trur geologistudentar er mest bekymra for at ein går inn i ei slags døyande bransje. I staden for at den veks og ein møter nye folk, så vert heller folk sparka heile tida, seier han til Universitas.

Han fortel at han lenge vurderte å satse på ei karriere innanfor petroleumsbransjen.

– Historisk sett har oljesektoren tilsette veldig mange geologar privat, og det same har staten. Men pengane har vore i det private. Det er enorme forskjellar på løn mellom offentlig og privat.

Utdanning.no bereknar at sivilingeniørar med kompetanse innanfor geofag, petroleumsteknologi og metallurgi vil ha ein gjennomsnittsinntekt på 989.520 kroner i året.

Til tross for dette er Holm usikker om på om han vil gå inn i sektoren. Han held i staden alle dører opne.

– Vurderer du å satse på petroleumssektoren?

– Eg har reserversjonar for å sei det slik, men eg har tenkt på det som ein mogelegheit.

Han leggjer til:

– Eg har kanskje ikkje endra så mykje meining om bransjen, men samfunnet har det. Eg ser ikkje på det som uetisk å leite etter olje sidan eg trur verda kjem til å trenge det framover. Noreg gjer det på ein rein måte, og dei landa vi konkurrerer med er Russland og Saudia-Arabia så vi skader ikkje utviklingsland med vår oljeleiting.

Les også: Kampen om klimaløsningene

Rein olje?

Spørsmålet om kor vidt Noreg produserer «reinare olje» er høgst omdiskutert. Ei artikkel frå Faktisk.no visar at Noreg har blant dei lågaste utsleppa i produksjonen i verda. Det er likevel uklart om det er lågare enn produsentane i Midtausten, for eksempel Saudia-Arabia, skriv dei.

Holm meiner ein må finne riktig tempo når Noreg etter kvart må vende seg vekk frå oljenæringa.

– Eg synar nokon parti er for radikale i avviklinga, og eg syns nokon er for lite villig til å fase ut.

Ein som derimot ikkje er bekymra for at utdanninga hans skal føre til arbeidsløyse, er masterstudent Jørgen Kalaoja. Universitas treffer ham saman med dei utstoppa dyra på Kristine Bonnevies Hus.

– Eg trur at sjølv om oljebransjen døyr ut, så er karbonfangst og -lagring det nye store. Det er veldig mykje likskap, og eg kan ikkje tenkje meg det er eit problem å gå over til karbonfangst, seier han.

Tar det lugnt: Jørgen Kalaoja er masterstudent i ei petroleumsretta utdanning. Han er ikkje redd for at studia og arbeidet hans skal verta irrelevant dei kommende åra.

Fyrst og fremst spennande

Kalaoja studerer Strukturgeologi og tektonikk på masternivå, og vart hekta på ei petroleumskarriere fordi han syns seismikk-faga var veldig interessante.

– Er forventa løn på 990 000kr også ein viktig faktor?

– Det er en faktor, det må være lov å si. Men, eg veit ikkje. Eg liker faget fordi det er spennande.

Kalaoja trur det vil fortsatt vere behov for geofagstudentar framover. Han har bransjen i ryggen.

Les også: – Det gjør meg forbanna at unge må ta regninga

Stort behov for geofag framover

Ole-Johan Faret, pressetalsperson for olje- og gasselskapet Aker BP, skriv til Universitas i en e-post at det vil vere eit «stort behov for å rekruttere geofastudentar med kompetanse innanfor petroleumsgeologi også i åra som kjem».

Videre skriv han at selskapet fortsatt opplever rekordstor interesse blant unge på jobbjakt. Dei tre utlyste stillingene deira innan geo-fag har mottatt over 200 søkjarar.

Aker BP opplever likevel at det er lav rekruttering for fleire tradisjonelle petroleumsfag.

«Det gir selvsagt grunn til bekymring for fremtidig rekruttering. Det er nok olje- og gassressurser på norsk sokkel til å produsere i mange tiår til», skriv Faret.

Interesseorganisasjonen Norsk Olje og Gass meiner også det vil vere eit «stort behov» for geologar framover.

«Petroleumsnæringen kjem til å bestå lenge, og geologane gjer veldig mykje meir enn å leite. Dessuten er det et generasjonsskifte på gang, og nye folk trengs for å erstatte de som går ut med alderspensjon», skriv Målfrid Rønnevik, fagsjef kompetanse i Norsk Olje og Gass.

Likevel er også ho bekymra for at færre vil søkje slike utdanningar.

«Om det vert for få kandidatar kan studietilboda komme under press og i verste fall verta lagt ned».

– Det er nok olje- og gassressurser på norsk sokkel til å produsere i mange tiår til

Ole-Johan Faret, pressetalsperson for AkerBP

Viktig for Noreg

Dag Arild Karlsen, professor i seksjon ved geologi og geofysikk på Instituttet for geofag, deler same syn som bransjen. Han viser til at oljeprisen framleis er høg, at kolprisen har tredobla seg dei siste 15 månadane, og at eit aukande tal menneskje førar til at energibehovet også aukar.

– Eg noterer meg at det er tverrpolitisk eining om at vi skal fortsette med oljeproduksjon, og statsbudsjettet trenger dei inntektane for å gå opp.

For statsbudsjettet i 2021 kom 313 milliarder, eller omtrent ein fjerdedel av alle, inntektene frå petroleumssektoren, ifølge Regjeringen.

Ein forandring Karlsen noterer seg at det er fleire og fleire studentar søkjer seg mot retningar som ser på moglege konsekvensar av klimaendringane.

– I tillegg er det fleire som promoterer enkelte fag som «klimaretningar» på universitet og lærestader, seier han, noko han finn naturleg gitt de politiske og mediale føringar.

Han meiner det ikkje er overraskande med fleire klimaretta utdanningar, og meiner media er einsretta. Han stiller seg likevel avventande til om dei nye klimaretningane ved UiO vil lede til mange arbeidsplassar i «det grøne skiftet».

– Eg har enda ikkje sett dei manifestere seg. Eg har heller ikkje sett store bevillingar frå staten. Ein skulle jo trudd at det naturleg kom ein stor pott med pengar frå staten til klimageologisk forsking og utdanning, seier Karlsen.

Les også: Jonas setter studiene på pause for klimaaktivisme

Ikkje overbevist

Til tross for tryggande ord frå bransjen og professor, har ikkje geologistudent Johan Holm bestemt seg enda. Han fryktar ei petroleumsretta utdanning kan verte irrelevant om 10-15 år.

– Om 10-15 år ynskjer eg spelerom og relevant kompetanse for marknaden. Det får eg kanskje ikkje med ei slik utdanning.

Han leggjer til:

– Utdanning er som ein aksjeinvestering. Prisen til aksjer har ikkje noko med kva det eigentleg er verdt, men kva andre tenkjer det er verdt. Om vi som samfunn bestemmer oss for å ikkje leite eller ta opp meir olje, så vært ein petroleumsretta geologiutdanning diverre ganske verdilaus, seier Holm.

Powered by Labrador CMS