Ver vaken for valet!

Natt til 14. september vert det arrangert fleire valvaker i heile Oslo du kan sjekke ut. Nokre valvaker lovar brettspel og vaflar, mens andre lovar monologar frå ytre høgre og «tekno-fittedans».

Publisert Sist oppdatert

Ekstremval og trøystesskål

Om det er ein natt kvart fjerde år det er verd å øydeleggje døgnrytmen, må det vere valnatta. Chateau Neuf er kanskje fort den mest naturlege plassen å vere på valnatta viss du er student. Tradisjonen tru arrangerer Studentparlamentet, Studentersamfundet og Velferdstinget alle ei felles samling i storsalen på Neuf.

– Vi ønskjer å samle heile student-Oslo til ei felles valvake, anten du er raud, grøn eller blå, seier styreleiar i Det Norske Studentersamfund Christina Eide.

På programmet deira står det mellom anna strøyming av NRKs valspesial, barar som er opne til klokka to og eit «ekstremlokalval».

– I løpet av kvelden vil vi sjå korleis eit alternativt storting ville sett ut dersom berre studentane stemte, seier Eide.

– Vert det påspanderte drinkar til tilhengjarar av dei partia som kanskje hamnar under sperregrensa?

– Hehe, vi kan ikkje love gratis alkohol, men det vert kanskje ei trøysteskål for partia som kjem under eller dei som vinn, seier Eide,

– Men drikka må du kjøpe sjølv, legg ho raskt til.

På Chateau Neufs valvake vil det òg vere fleire studentpolitikarar som ein kan snakke med, samt andre aktivitetar.

– Dette er ei valvake både for «kjempe-politikknørder» og dei som har lyst å lære meir, seier Eide.

Når og kor: Chateau Neuf, klokka 19:00. Sjå eventet «Studentenes valgvake» på Facebook for meir informasjon. Pris: gratis.

Les også: Studenter sitter fast på Zoom

Brus og preik

Viss ein ønskjer ein litt meir roleg kveld, kan ein òg ta turen innom valvaka til NLA Høgskolen, kor dei kan by på gratis pizza, is, brus og anna digg.

– Vi har gratis mat og det blir god low-key stemning for felleskapet, seier medarrangør Ingveig Reilstad.

– Fleire av dei andre valvakane har barar som er åpne, men ikke dykk. Er dette ein rolegare valvake?

– Det spørs korleis du definerer roleg. Vi kan ha ganske mykje liv med brusen òg!

I tillegg til gratis mat vert det strøyming av valspesialen til NRK og høve til preiking.

Når og kor: NLA Høgskolen Staffeldtsgate, klokka 19:30. Sjå eventet «Valg-vake på NLA!» på Facebook for meir informasjon. Pris: gratis.

Les også: Samboerpar forskjellsbehandles innenfor egne vegger

«Tekno-fittedans» og ytre høyre-monologar

Om ein derimot ønskjer ein heilt utradisjonell valvake, kan ein delta på arrangementet: «Demokratiske drømmer: Kontrafaktisk valgvake»

— Vår valvake er den gøyaste og beste, vi tek ikkje omsyn til verkelegheita i det heile, seier arrangør Tormod Fuglestad.

Han er programkoordinator for master i teater ved Kunsthøgskolen i Oslo. Saman med sju skodespelarar har han laga ei satirisk «revy» for valvaka. Gjennom fleire sketsjar viser dei korleis politikken ville sett ut dersom berre eit parti styrte.

– Eg kan love at du vil bli underheldt, provosert, kanskje lei deg og kanskje rørt, seier Fuglestad.

Han lovar at alle partia skal få kjenne makta i satire, og hintar om dei spenstige sketsjar.

– Eg skal ikkje avsløre for mykje, men monologar frå det yttarste høgre og tekno-fittedans som en hyllest til cis-normativ kjønnsforståing, er båe på progammet, seier Fuglestad.

– Kvifor skal folk kome på akkurat dykkar valvake?

– Fordi vi er den gøyaste, breiaste valvaka. Vi dyrkar ingen og sparkar alle, seier Fuglestad.

Når og kor: Salt Art and Music, klokka 21:00. Sjå eventet «Demokratiske drømmer: Kontrafaktisk valgvake» på Facebook for meir informasjon. Pris: 75 kr.

Les også: Studentboliger står tomme

Powered by Labrador CMS