Universitas vurderer valomater:

Kan valomaten avgjere valet?

Valet! Prosessen kor du som demokratisk borgar gjer makt til ein eller anna politikar som lovar gull og grøne skogar. Men korleis avgjer ein kva for eit parti ein skal røyste på? Ein valomat kan hjelpe deg.

Publisert Sist oppdatert

Dei store (og små) mediehusa i Noreg har laga eigne digitale testar som prøvar å måle kor du står politisk. Gjennom å ta stilling til ei rekke politiske påstandar rangerar valomaten dei partia du er mest einige med.

Universitas blodtrimmede, politiske vaktbikkje har rangert tre av disse fullstendig på gefylen. Her kjem resultatet!

NRK: din nøkterne onkel!

Vår kjære riksavis virker som det naturlige stedet å starte. I god NRK-stil helder rikskanalen seg god for å inkludere emojier i svaralternativa. I staden blir ein møtt med nøkterne spørsmål med tilsvarande nøkterne svar. Alternativa spenner seg frå «heilt ueinig» til «heilt einig».

Fråværet av emojiar er kanskje ein barriere for generasjon Z’s politiske oppvakning, men det gjer det enklare for våre mindre digitale besteforeldre. NRK oppfyller dermed sitt samfunnsansvar i beste and: sakleg, grundig og litte grann døll folkeopplysing.

Rikskanalen har i tillegg ein solid artikkel som forklarer på detalj-nivå korleis algoritmane fungerer, samd ein historisk innføring i dei seks politiske skiljelinjene. Rawr!

Les også: Gjør Hamlet brenn­ak­tuell

Dagbladet: rett frå levra!

Kan ein eigentleg gjere politikk meir tabloid enn det det allereie er? Sjølvsagt kan Dagbladet det.

Dei har flust av emojiar og unike spennande svaralternativ i sin valomat. På spørsmålet om ein skal ha søndagsopne butikkar kan ein til dømes svare «🙄Ja. Vi er tross alt i 2021». Og om dagens oljepolitikk og klimakamp er forenlege, kan ein svare: «🙁 Klimakamp er noe hippiegreier».

Likevel, ein må gje skryt til Dagbladet for å ha alternativ som speglar kommentarfeltet hos det norske folk. Det er tross alt berre i denne valomaten man har alternativet «:D Vi bør skyte MANGE flere ulver».

Telemarksavisa: liten eg?

Den beste valomaten i Universitas’ test finner ein ikkje hjå dei store mediehusa. Niks, ein må heller ta turen til Telemarks eldste lokalavis for å finne ut kva ein skal røyste.

Telemarksavisa, eller TA, er dei einaste som faktisk har teke seg bryet med å kartleggje politikken til alle partia, og ikkje berre storkarane på Stortinget. Lurer du til dømes på kva Piratpartiet meiner om SFO? Eller Demokratene om formueskatt? TA gjer deg svaret! Det er verdt å hugse at det ikkje er så mange stortingsperiodar sidan MDG eller Rødt berre var mikroparti. Kanskje er det heller ikkje så mange periodar til KrF blir eit mikroparti? Telemarksavisa viser korleis eit klikkfritt utopi kan vere. Terningkast sju!

Les også: Groove som gir deg nakke­skader

JA er det nye NEI

Som ein bonus har også Universitas sett på kva for eit parti ein får dersom ein berre svarer det same på alle spørsmåla. Når ein trykker «heilt ueinig» på alle påstandar hjå NRK kjem overraskande nok Arbeidarpartiet på topp. Det same gjeld dersom ein er «litt ueinig» i alt. Da er man faktisk 73% prosent einig med Støre. Det er vanlige folks tur nå, og vanlige folk seier tydeligvis: Nei!

SV er derimot partiet for deg som seier ja! Om ein svarar «heilt einig» på alt, dukkar ein glisande Audun Lysbakken opp på skjermen.

Men kva er partiet for deg utan meiningar? Jo, det er Kristeleg folkeparti, ifølge VGs valomat. Dersom ein svarar «veit ikkje» på alle påstandar er du 65 prosent einig med KrF Oslo. Å ikkje meine noko for dette valet er kanskje like lurt. Det gjekk jo ikkje alt for bra sist gang KrF meinte noko sterkt.

Jo fleire, desto bedre

Er det problematisk å bruke ein valomat for å avgjere kva ein skal røysta på? Nja, eigentleg ikkje. Eg vil anbefale alle å ta fleire valomatar for å danne eit betre bilete, men jamt over gjev valomatane deg ein god peikepinn på kor du høyrer heime politisk. Berre om du er sjokkert og ueinig med resultatet bør du kanskje lese meir på politikken til partia. Godt val!

Powered by Labrador CMS