Bekymra: Amandine Toso er bekymra for kva som kjem til å skje med det sosiale miljøet på studiet no når Eilert Sundts hus skal pussast opp.

Masterstudent om oppussing av Eilert Sundts hus:

– Føler oss gløymt i prosessen

Studentar saknar informasjon og midlertidige lesestadar: – Ein har prioritert tilsette sine behov før studentane, seier leiaren for SVs studentutval.

Publisert Sist oppdatert

– Det føles ut som vi blir kasta ut av bygget, seier masterstudent i Peace and conflict studies (PECOS) ved Universitetet i Oslo Amandine Toso.

Eilert Sundts hus på UiO skal pussast opp i 3. til 12. etasje i 2021–2022, og etter 19. april må PECOS-studentane ut av 9. etasje.

– Eg har vore bekymra for kva som skal skje med oss masterstudentar, og det sosial-akademiske miljøet mellom oss, seier Toso og legg til:

– Vi på studiet meiner det har vore ein mangel på informasjon til masterstudentar om oppussinga. Vi føler oss gløymt i prosessen. Mykje av det vi kjenner på heng sikkert saman med at vi studentar har følt oss nedprioritert i handteringa av koronapandemien. Men då denne oppussinga kom på toppen av det, med manglande informasjon og ikkje noko alternativ lesesal, er det eit hardt slag i magen.

Universitas skreiv i mars om tilsette som er redd flyttinga skal gå utover studentane. Dei tilsette i Eilert Sundts hus får midlertidige kontor under oppussinga, medan masterstudentane i bygget etter planen ikkje skulle få noko øyremerka lokalar.

– Om det skulle blitt oppussing av eit sjukehus, så kjennast det som om legane får midlertidige kontor medan pasientane blir liggande på gata, seier Toso.

Krangla på studentane sine vegne

– Eg krangla på krav for studentane i møta med prosjektgruppa, men til slutt kom eg igjennom, seier leiar for SVs studentutval (SVSU) Marte Næss Thomassen.

Thomassen og SVSU i lag med prosjektgruppa har fått oppretta ei felles nettside med samla informasjon om oppussinga. Der krev dei oppdatert informasjon heile tida.

– Det har vore lite informasjon om dette til studentane, seier leiaren.

Ho meiner også at det ikkje er nok med berre ei nettside med informasjon.

– Vi jobbar med å få informasjonen om oppussinga på skjermane på skulen og plakatar rundt om. Vi trur at dei som irriterer seg mest over situasjonen, er dei som faktisk er på Blindern. I tillegg prøvar vi å få til at foajeen er ope i helgane og kveldane slik at det blir fleire pauseareal for studentane, seier Thomassen.

Det var også viktig å finne ein stad kor studentane kunne jobbe.

– Først var det planlagt at det skulle vere ein del færre studentplassar etter oppussinga. No har vi fått igjennom at det skal vere like mange som det har vore. Vi har også kravd at masterstudentane skal få oppretta eigne lesesalar under oppussinga, seier Thomassen.

Artikkelen fortsetter under bildet.

– Det har vore lite informasjon om dette til studentane, seier SVSU-leiar Marte Næss Thomassen.

— Viktig at studentane står i lag

– Eg kjenner likevel at ein har prioritert tilsette sine behov før studentane. Noko eg synast er irriterande, men likevel forståelig fordi det er lovpålagt at tilsette har lokalar å vere i medan det ikkje er lovpålagt med slike lokalar for studentar, seier leiaren for SVs studentutval.

Thomassen meiner det er viktig å få fram at studentar får igjennom saker når dei står i lag, våger å mase og ta prosessar.

– Det er også viktig å poengtere at arbeidsgruppa har hatt lyst til å prioritere studentar, men på grunn av praktiske årsaker har det vore vanskeleg. Difor har studentane hamna i ein irriterande andreprioritet. Då er det viktig at studentane står i lag og krevjar sitt.

Amandine Toso er stolt over kva SVSU har fått til.

– Eg er kjempeglad for det arbeidet Marte har gjort, seier ho.

Det er viktig at studentane står i lag og krevjar sitt

Leiar for SVs studentutval Marte Næss Thomassen

Set pris på eit godt samarbeid

– Den endelege tidsplanen for rehabilitering og flytting var klar i januar. Før den tid hadde vi lite konkret informasjon å gi, skriv kontaktpersonen mellom eigedomsavdelinga og Det samfunnsvitskaplege fakultet, Kari Henriksen i ein e-post til Universitas. Ho sit også i prosjektgruppa.

Vidare skriv Henriksen at det gikk ut ein kunngjering til alle fakultetet sine studentar i Canvas om nettsida. I tillegg skriv ho at institutta informerte eigne masterstudentar om stenging og flytting.

– Kva for plana har de for kvar masterstudentane skal jobbe medan oppussinga føregår?

– Der er lesesalar i Harriet Holters hus og Harald Schjelderups hus, som er ope for alle masterstudentar på fakultetet. Vi har i tillegg reservert lesesal E for kun masterstudentar. Vi meiner det er mogleg for alle som ynskjer det å finne ein stad på campus i oppussingsperioda, skriv ho.

Henriksen skriv også at dei fortsatt jobbar med å få nokon reserverte stadar på andre fakultet. Prosjektgruppa har vore på fleire synfaringar, men ingenting er bestemt enno. Ho er også nøgd med samarbeidet med SVs studentutval.

– Eg opplever at vi har hatt ein god og konstruktiv tone med Thomassen som har deltatt aktivt og komme med mange gode innspel til prosjektgruppa. Det stemmer at fakultetet hadde ein diskusjon med SVSU om talet på lesesalplassar, men eg oppfatta aldri denne diskusjonen som kranglete, avsluttar Henriksen.

Les også: Andreas Berggren Eskelund blir ny SiO-direktør

Powered by Labrador CMS