Uutnytta potensial: Markus Degerman (48) meiner Khio er ein spennande og lovande kunsthøgskule med eit stort uutnytta potensial.

Ny Khio-rektor om rasismedebatten:

– Skulle ha vore ein intern debatt

Markus Degerman (48) tar over ein kunsthøgskule som har vore gjennom ei turbulent tid. Likevel er han positiv og meiner det viktigaste er å gå tilbake til grunnprinsippa.

Publisert Sist oppdatert

Markus sine favorittar

# Farge: Grøn, fordi alle andre brukar å velje blå

# Mat: Fisk

# Stad: I Stockholm fins eit naturområde som heiter Naturreservatet

# Serie: Rådebank

– Det er fint å få ein slik tillit, seier den nye rektoren til Universitas på telefon.

Den førre rektoren, Måns Wrange, gjekk av halvvegs inn i perioden på fire år. Kunsthøgskolen i Oslo (Khio) lyste då ut nytt rektorval for resten av perioden. Degerman og prorektor Heidi Marian Haraldsen var det einaste kandidatparet som deltok, og fekk 79 prosent av røystene.

Då Wrange starta, hadde han mange mål om antirasisme og mangfald. Degerman vil ta dette med seg i arbeidet, men er også opptatt av å gå tilbake til høgskulen si kjerneverksemd.

– Vi må setje eit større fokus på noko så grunnleggjande som utdanning, forsking og formidling, seier han.

Det har vore ei turbulent tid for Khio med metoo-debatt, korona, budsjettkutt og ikkje minst den intense debatten om ytringsfridom, rasisme og identitetspolitikk. Degerman meiner det viktigaste no er å samle høgskulen.

– Vi må finne ei felles målsetting om kva som er ein bra høgskule, og få med oss folk i den retninga.

Vil du klare å halde ut lenger som rektor enn Wrange?

– Eg hadde ikkje søkt meg til denne jobben om eg ikkje tente at eg skulle halde ut perioden, seier han og ler før han legge til:

– Eg tenker jo så klart at eg vil halde ut heile perioden, men du veit jo aldri kva som dukkar opp rundt neste sving.

Les også: Odontologisk fakultet vil prioriteres i vaksinekøen:–⁠ Vi skal ikke utdanne B-tannleger

Rasisme og ytringsfridom

I fjor sommar storma det rundt Khio etter at fleire hundre studentar signerte eit brev kor dei hevda at strukturell rasisme eksisterte på høgskulen.

Kva synes du om debatten frå i fjor?

– Eg tenkjer at den blei forstørra av media. Den vart større enn det den eigentleg var i verkelegheita, seier Degerman.

Korleis var den i verkelegheita, då?

– Det var ein diskusjon som byrja på e-post. Den dialogen førte til at nokon studentar reagerte, og det skal dei absolutt gjere. Ein skal kunne reagere på saker, men så kom den ut i media. Det som skulle ha vore ein intern debatt med riktig forarbeid og diskusjon, tok ein uventa retning.

Vi må setje eit større fokus på noko så grunnleggjande som utdanning, forsking og formidling

Markus Degerman, rektor ved Khio

På grunn av e-postutveksling, fleire artiklar i media og at vi ikkje kunne ha diskusjonen på høgskulen, vart det til ein perfekt storm som var vanskeleg å få kontroll over, seier han.

Om Khio tok skade av å ha ein slik debatt i media, er han usikker på.

Ville du løyst det ein annan måte?

– Det er alltid lett å vere etterpåklok, men ein skulle kanskje ha undersøkt forholda betre. Høgskulen burde ha byrja debatten med å kartlegge forholda litt betre. Slike debattar er vanskelege.

Det er ikkje berre ein høgskule med rasismedebatt Degerman skal ta over, han tar også over i ein pandemi. Det seier han er utfordrande.

– Saker kjem med kort varsel, det er ei vanskeleg tid for tilsette og studentar. Vi må kome med nye løysingar heile tida, og vi kan ikkje møtast andlet til andlet. Det eg trur blir vanskelegast, er at eg ikkje veit kva vi kjem tilbake til etter pandemien. Kva skjer då? Eg veit ikkje, seier Degerman.

Han svara med ei lystig tone og snakkar om Khio med ei varm stemme, men kven er denne nye rektoren som skal leie Khio dei neste to åra?

Les også: Søstrene Mari og Helene bor på eldrehjem – Vi er aldri alene

Liker å vere aleine

Det beste Degerman veit, er å finne ut av ting: sjå løysingar og utføre dei. Og på lik linje med alle andre gler han seg til korona er over.

– Eg ser fram til å reise på ferie med familien til kona og broren min — ein skikkeleg familietur i lag. Det hadde vore kjekt, seier han.

Degerman er gift, men har ingen barn.

Har du kjent deg einsam under pandemien?

– Nei, du spør feil person. Eg kan vere aleine veldig lenge før eg kjenner på noko einsamheit. Eg likar å treffe andre, men eg har ingen problem med å vere aleine. Det skal vere ein veldig lang pandemi før det blir eit problem. Det som eg tenker er verst, er at eg ikkje kan planlegge noko.

Saknar studietida

Markus Degerman kjem frå Stockholm og er kunstnar med bakgrunn frå både visuell kunst og arkitektur. Den sverigefinske mannen har vore både kurator og utstillar og har bakgrunn frå design, teori og undervisning.

– Eg studerte på 90-tallet og syns det var kjempekjekt å vere student. Eg hugsa at grunnskulen var ein aukande grad av smerte å kome gjennom, som eg var glad var over, seier Degerman og legg til:

– Å få treffe likesinna, styre min eigen kvardag, bestemme sjølv kva eg ville gjere og ikkje gjere, det passa meg bra, seier han.

Han er utdanna ved Kungliga Konsthögskolan i Stockholm og Konsthögskolan i Umeå.

– I ein kunstnarisk prosess kjem halvparten av det du lærer, frå å utvikle deg i lag med dei du studerer med. Å prate om kunst med studiekamerater og vere ein del av eit slikt miljø, det sakna eg, seier han.

Er eit slikt studiemiljø viktig?

– Ja, det trur eg absolutt. Du utviklar deg i samspel med andre. Du må få ein moglegheit til å prøve ut ideane og tankane med nokre andre. Eit godt utdanningsmiljø kan tilby til dette.

Les også: Reagerer på manglende informasjon om UiO-nedstenging⁠:–Studentene har ikke vært involvert i beslut­ningen

Powered by Labrador CMS