SiO-leiar: – Nokon seier til dømes at dei ikkje går på teater og andre førestillingar fordi det er for dyrt, når vi veit at det finst rabattar som er veldig gunstige for dei fleste studentar, seier SiO-leiar Tone Standal Vesterhus.

Studenthovudstaden i sikte?

Nytt studenthus og betre informasjon om kulturtilbodet står høgt på ønskelista til SiO-styreleiaren etter den store campusundersøkinga i Oslo.

Publisert Sist oppdatert
Konsentrasjon: – Eg kan ikkje sitje og lese i sofaen, då sovnar eg, seier Mathilde Spieler Palmers. Ho sit heller på ein hard stol ved stovebordet.

– Vi må dyrke det som er spesielt med Oslo. Mange trekk fram Bergen og Trondheim som studentbyar, men Oslo kan ikkje samanliknast direkte med dei. Folk vel gjerne Oslo nettopp fordi det ikkje er ein typisk studentby, men har meir storbypreg, seier Tone Standal Vesterhus, styreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).

Saman med Oslo kommune og dei største utdanningsinstitusjonane i byen har SiO spurt hovudstadsstudentane kva dei synest om Oslo som studentby. 6485 studentar svarte på undersøkinga, som er gjennomført av TNS Gallup. Rapporten vart gjort offentleg på fredag, og går inn i eit større arbeid med å gjere Oslo til «studenthovudstad».

Fikk du med deg? Åtte forslag til å gjøre Oslo til Norges beste studentby

Etterspør ting som finst

Vesterhus trekk fram det breie kulturtilbodet som ein av styrkene til Oslo som studieby, men meiner det er behov for å nå ut til studentane med betre informasjon.

– Noko av det som overraska meg, er at det er mange tilbod folk ikkje veit om. Eg trudde studentane var ganske godt oppdaterte, men mange etterspør ting som alt finst, seier Vesterhus.

Som døme nemner ho billige kulturtilbod for studentar.

– Nokon seier til dømes at dei ikkje går på teater og andre førestillingar fordi det er for dyrt, når vi veit at det finst rabattar som er veldig gunstige for dei fleste studentar. Difor må vi sjå på korleis vi kan skape betre oversikt over det rike tilbodet vi har i dag, seier Vesterhus.

Vil ha nytt studenthus

Eit fleirtal i undersøkinga gir støtte til forslaget om ein ny, felles samlingsstad for alle studentar. Dette er i tråd med planane til Det norske studentersamfund om å flytte frå Chateau Neuf på Majorstuen om dei finn eit eigna lokale. Vesterhus meiner eit nytt studenthus kan gi Oslo ein sterkare identitet som studenthovudstad.

– Det er ønske om eit studenthus som blir oppfatta som «nøytral grunn», og som ikkje er spesielt knytt til éin studiestad eller eitt studentmiljø. Det er særleg viktig for nye studentar som flyttar til byen, som i dag synest det er vanskeleg å bli kjent med andre og kome inn i eit miljø, seier Vesterhus.

Samarbeider

Vesterhus meiner undersøkinga vil gjere det lettare å få gjennomført tiltak for ein betre studiekvardag, og er glad politikarane er med i arbeidet for studenthovudstaden. I plattformen for byrådssamarbeidet mellom Arbeidarpartiet, MDG og SV lova det nye politiske fleirtalet i fjor haust å lage ein campusstrategi for hovudstaden etter modell frå Trondheim.

– Oslo har rundt 70 000 studentar, og studentane er viktige for byen. Rapportane gir god innsikt i korleis Oslo skal bli ein betre by å studere i, og her skal Oslo kommune bidra i samarbeid med byens studenter og forskings- og utdanningsinstitusjonar, seier næringsbyråd Geir Lippestad (Ap) i ei pressemelding i samband med lanseringa av rapportane.

Powered by Labrador CMS