IKKJE REALISTISK: Ole Petter Ottersen trur ikkje det er realistisk å halvere tal kilometer med flyreise innan 2030, som er eit av krava til Studentparlamentet. Arkivfoto: Ketil Blom

Vil halvere flyturane til universitetet

Rektor Ole Petter Ottersen tvilar på at det er mogleg å kutte så mykje som studentane vil.

Publisert Sist oppdatert
Studentleiar: Julie Sørlie Paus-Knudsen. Arkivfoto: Evelyn Pecori

– Når flyreiser står for størstedelen av UiOs klimagassutslepp, meinar vi det ansvarlege er å lage ein nedtrappingsplan for å redusere antal flyreiser, seier Julie Sørlie Paus-Knudsen. Ho er leiar av Studentparlamentet ved UiO og meinar universitetet må handle etter ønsket sitt om å bli grønt.

Studentparlamentet krev at universitetet skal halvere antal jobbflygningar innan 2030. I staden for å fly til konferanser verda rundt vil dei at UiO skal auke bruken av videokonferanser kraftig.

Korleis vil færre flyreiser påvirke internasjonalisering ved UiO ?

– Internasjonaliseringen er viktig, og vi innser at det vil kreve flyreiser for å halde fram med deling av kunnskap.

UiO hadde eit totalt utslepp av klimagassar tilsvarande 15 420 tonn CO2 i 2014. Over to tredjedelar av det totale utsleppet, ca 11 680 tonn CO2, kjem frå flyreisene til dei tilsette.

Studentparlamentets fire krav til UiO:

  • Halvere antal flydde kilometer innan 2030
  • I løpet av hausten 2018 utarbeide ein plan for å nå målet
  • Kjøpe klimakvoter tilsvarande CO2-utslippa frå flyreiser av tilsette
  • Før alle reiser skal det vurderast om reisebehovet kan dekkast på andre måter, som f. eks. videokonferansar eller meir miljøvenlege transportmidlar

Urealistisk

Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo, medgir at flyreiser er eit av dei største klimadilemmaene ved universitetet. Han meiner likevel at kravet til studentparlamentet er urealistisk.

– Vi er og skal vere eit internasjonalt retta og internasjonalt prega universitet. Å vere til stade i internasjonale prosjekt, vitenskaplege konferansar og utveksling mellom universiteta krev ei form for transport, og ofte er – i praksis – fly einaste alternativ.

Ottersen meiner UiO har lagt mykje ressurser i å få fram betre moglegheiter for alternative flyreiser, og nevner spesielt elektroniske møteformer. Videomøter og -konferanser vert nytta som alternativ til reising.

– Vi har ein reisepolicy som seier: «Reisen skal være kostnadseffektiv og miljøvennlig. Vurder alltid om reisen kan erstattes med et telefonmøte eller en videokonferanse», seier han.

– Er det mogleg å gjere meir?

– Ja, det er det alltid mogleg å gjere meir og dette jobbast det med.

– I fjor haldt universitetet styreseminar i Roma. Er det ikkje mogleg å kutte desse, for eksempel?

– Dette er ein balansegong som vi vurderer nøye i kvart tilfelle. Vi reiser kun ut når dette gir ein betydeleg meirverdi, til dømes gjennom møter eller besøk til partnerinstitusjoner eller eigne institutter, slik som til instituttet vårt i Roma, seier Ottersen.

Fikk du med deg? Universitetet fikk miljøkritikk av sin egen miljørådgiver

Les mer: Universitas konfronterte rektor Ottersen med resultatene i universitetets egen miljørapport

Ser fornuftige ut

11 680 tonn CO2 frå flyreiser tilsvarar grovt sett det årlege utsleppet frå 6000 bilar, eller dei totale utsleppa frå 1000 nordmenn. Dette er berekningar gjort av Borgar Aamaas ved Cicero. Han synst krava til studentparlamentet ser fornuftige ut om ønsket er kraftige kutt i klimautslipp. Han meinar at di meir konkrete kuttkrava er, som å lage ein plan og kjøpe klimakvoter, di lettare vil det vere å gjennomføre dei.

– Ein kan alltid spørje om klimakvoter er avlat, men personleg syns eg det er betre å kjøpe kvoter for aktivitet som er uunngåeleg enn å halde fram som før.

Sidan 2007 har Staten kjøpt klimakvoter ved dei statstilsettes flyreiser, som fram til i fjor var ei ordning som også gjaldt UiO.

– No kan det sjå ut som om statsbudsjettets post for dette er kutta. Vi har foreløpig ikkje tatt standpunkt til vidareføring av dette i eigen regi, sei Ottersen.

Powered by Labrador CMS