Rektorbling: Hot or not?

Universitas har tatt ein nærare kik kring halsane på rektorane ved høgskulane og universiteta i Oslo.

Bla deg gjennom bildene i toppen og stem på din favoritt!

At rektorar flottar seg med rektorkjeder er ikkje eit nytt fenomen. Universitas har samla inn åtte av rektorkjedene i Oslo. Kva for eitt er din favoritt?

Martine Lunder, leiar for VG sin motenettstad Minmote.no, held ein knapp på Campus Kristiania sitt.

– Eg likar i alle fall desse kjedene betre enn ordførarkjedene, ettersom dei fleste av dei er ganske nette, med unntak av Idrettshøgskulen sitt. Og slik sett passar dei bra til både menn og kvinner. Med tanke på dette er kanskje Campus Kristiania sitt det aller flottaste med gull og burgunderraudt, seier ho.

– Det er mykje moro med desse kjedene i festlege lag!

Gerd Eva Valøen, rektor ved Steinerhøgskulen

Understrekar sjølvråde

Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, går for ein kreasjon i gull frå 1907 når anledninga byr seg. Han synst det er viktig å bruke rektorkjeda ved høver der universitetet skal representerast.

– Dette har jo ei sterk symbolsk betydning, og det understrekar den institusjonelle autonomi. Sjølv i vår moderne tid meinar eg det er fint å minne oss på kor viktig det er at universiteta må ha ein høg grad av sjølvråde for å kunne bidra på beste måte til utvikling av individ og samfunn, seier han.

– Kor mykje er smykket verdt?

– Det veit eg ikkje. Smykket er jo gamalt, så sikkert ikkje så mykje.

Smykket er betydeleg meir maksimalistisk enn det skandinaviske, nedtona uttrykket som har regjert smykkefronten dei siste åra

Jostein Wålengen

Umoderne

Rektorkjeda ved Universitetet i Oslo består av monogramma som bindast saman av ugler – gudinna Athene sitt symbol for visdom og kunnskap. Det er utført i gull og emalje. Dei estetiske uttrykka til kjeda haustar likevel blanda kritikk.

Redaktør for motenettsida melkoghonning.no, Jostein Wålengen, meinar Ottersen sitt smykke ligg langt frå moderne trender og estetiske syn.

– Smykket er betydeleg meir maksimalistisk enn det skandinaviske, nedtona uttrykket som har regjert smykkefronten dei siste åra, seier han.

Han meinar likevel at dei historiske og kulturelle aspekta ved rektorkjeda gir det ein slags visuell verdi.

Steinerhøgskulen med to

Ein av høgskulane i Oslo kan skilte med heile to rektorkjeder, nemleg Steinerhøgskulen.

– Etter ein offisiell samankomst i 2008, fortalte eg nokre kollegaer at dåverande rektor ved Høgskulen i Oslo, Sissel Østberg, hadde eit veldig vakkert rektorkjede, forteller Gerd Eva Valøen, rektor ved Steinerhøgskulen. Som resultat av dette utsegnet sette to av kollegaene i gong med amatørproduksjon av kvart sitt rektorkjede.

– Det er mykje moro med desse kjedene i festlege lag!

Viser verdigheit

Men rektorkjedene er ikkje berre ein fest. John Peter Collett, professor i historie ved Universitetet i Oslo, meinar kjeda har stor symbolsk betydning.

– Det viser verdigheit og symboliserer ofte leiarverv. Slike kjeder er veldig vanlege ved sjølvstyrte korporasjonar som byar og universitet. Kjeder var vanlege frå middelalderen av. Der kunne til dømes formannen i laug bære smykket. I dag ser vi bruken av desse i kommunane, til dømes, der ordføraren har ordførarkjeda.

Mindre prangande

Collett meiner det er eit tydeleg skille mellom dei nye og dei gamle rektorkjedene.

– Smykka frå dei eldste universiteta er mindre prangande, medan hos dei yngre universiteta finn vi rektorkjeder som liknar meir på ordførarkjeder. Dette kan signalisere at dei nyare universiteta i større grad er avhengig av å vise seg fram.

Universitas har vore i kontakt med Høgskolen i Oslo og Akershus. Høgskulen fortel at dei ikkje lenger har rektorkjede. Etter det Universitas har fått opplyst fanst det ei rektorkjede den gong Høgskulen i Oslo var for seg sjølv. Kor dette er i dag, er uvisst.

Powered by Labrador CMS